mandag, august 11, 2014

Småpussel

Eg prøver å roe litt ned. Sidan eg har starta på jobb att så 
kjenner eg det er deilig å berre pusle litt på kvelden, gå tur og
drikke min faste kaffikopp attåt noko kjekt lesestoff. Eg er nok 
ikkje lagd for store oppussingsprosjekt kombinert med jobb så
det er godt eg snart er ferdig med sommarens prosjekt. 
Så her kjem litt småpussel, ting som ikkje tek lang tid men som er
koseleg å sitje med ein innekveld:

Min finaste vase



Eg tok over dette huset med ei lita mengde med noregsglas. Alle er ikkje i
bruk, men ingen til salgs gitt!Dei er jo så nydelege! Her har eg rett og slett
malt eitt av dei utanpå med kvit maling, eg har berre brukt vanleg tre-
maling då eg uansett ikkje skal vaske denne vasen utanpå. Loket
har eg ikkje rørt så kombinasjonen av kvitt og aluminium er jo nydeleg!
Og så ville denne kjendisfluga vere med på bilete. 


Nåleputeglas



Eit noregsglas med det spesielle loket sitt er genialt for å lure noko 
under, som litt stoff og litt vatt. Det andre glaset har fått filtkuler,
limt på ei og ei med limpistollim, og litt tape er surra rundt kanten
av loket. Denne digga eg og nålene sit trygt og godt der dei skal!


Fyrstikker på glas




Dette var eit lite sideprosjekt i sommar. Eg trengte nemleg ein del
fyrstikkeesker til eit anna prosjekt, og då hadde eg ein drøss med
fyrstikker og ingen esker sjølvklart. Eit fint og rimeleg syltetøyglas
fekk limt på "opptenningsark" eller kva eg skal kalle det (sidene 
på fyrstikkeeskene) i fint mønster med superlim. Så limte eg 
ein liten blondekant rundt for å roe ned det harde mønsteret, 
eg er jo bittelitt romantikar av meg då. Det vart veldig koseleg, og no
veit eg alltid kvar eg har fyrstikkene hen. Og ja, det fungerer supert! 

Håpar dette vart tre gode pusletips ein mandagskveld i regnet! 

2 kommentarer:

  1. Nåleputene og fyrstikkglasset var geniale.
    Vasen var også flott. Skal ikke så mye til og må si meg enig med deg Norgesglass er flott.
    Har mange sjøl som jeg har arva, de er ikke til salgs. De jeg eventuelt selger har jeg kjøpt
    seinere. Arva Norgesglass er flotte arvestykker det også.
    Klem fra Marit

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!