lørdag, august 02, 2014

Tretti tusen!


MUR

Det kan verta ein god mur
av gamal stein, 
når ein legg han godt 
og måtar han til.
Men han er kanskje feil hoggen
og ulagleg, kalk etter gamal fuging
heng att, ein ser han har vore i mur fyrr.
Best er det å skjota ut ny stein,
hogga han til slik ein vil ha han,
so ein fær gode band
og god vis.
Då fær du ein stød mur.
Og du kan segja han er din.

Olav H. Hauge - Dropar i Austavind (1966)

Med desse orda til Olav, som har følgt bloggen med sine dikt opp
gjennom åra, så feirar eg tretti tusen besøk i dag! Og om eit augeblikk
er bloggen heile fem år gamal. Dette starta som ein liten blogg i 2009 som
var avstengt for framande. Etterkvart vart han opna opp og
no følgjer vener og kjende, familie, slekt og naboar med. Det er veldig
kjekt! I det siste er det også ei auke av fleire ukjende som kikkar innom!
Det har aldri vore noko mål om å bli stor og verdskjend, det
trur eg mine lesarar veit. Men for min del er det godt å få lesse av
seg litt prosjekt og å bygge opp om ny kreativitet, ein stad å samle
fine bilete og ikkje minst å kunne sjå tilbake på eiga utvikling. Og
då er det jo litt ekstra kjekt å vite at nokon følgjer med og kanskje
vert bittelitt inspirert! 

Eg har sjeldan planar med bloggen, det som kjem det kjem,
men det som har blitt gjengangarar er nok mine fine dyr, gard og hus, 
maling/oppussing, bær og bakverk. Det høyrer liksom heime her.
I løpet av året har eg meldt meg inn i Norske Interiørbloggar,
fått min eigen reportasje i Bergens Tidende og blitt kåra til
vekas nynorske blogg av Framtida.no. Så bloggen har nok
fått seg ei god vitamininnsprøyting det siste året. 

I would also like to say hello and thank you for following my blog - 
readers from; USA, Russia, Great Britain, Italy, France, Germany,
Denmark, Australia, Netherlands, Ukraine, Poland, Malaysia and 
som morecountries! I hope you get good translations and 
enjoy my pictures :-)

2 kommentarer:

  1. Gratulerer med 30 000 treff. Det er gøy med blogg.
    Alltid noe koselig å lese hos deg. Dyr, hus og heim det
    er liksom livet det.
    Klem fra Marit

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!