tirsdag, september 30, 2014

Frønerd


Denne hageentusiasmen har teke seg ein pause, eg har innsett at
målet om å få ein flott hage krever både sine pengar til planter,
buskar, trer og blomar . Og jevnleg stell og luking av ugras. Det
passar visst ikkje alltid med mine kvardagar der andre prosjekt tek
overhand på fritida eller ein god tur eller litt sofaslenging vert prioritert. 
Men sidan i sommar har eg hatt gåande eit prosjekt som krev lite
energi og kostar null niks, nemleg innsamling av frø. Eg har plukka inn frø
frå eigen hage, frå grønsakshagen og hos ei snill nabodame. Frøa let 
eg ligge på fat og brett oppå skapet på kjøkenet og der tørkar det godt.
Tørre frø kan samlast i fyrstikkesker eller i kaffifilterposar 
og lagrast ein tørr plass til neste vår. 


Ringblomar og blomkarse er mine favorittar av sommar- og 
haustblomar. Trivst dei vert det møkje av dei og dei sprer fine
fargar i bedet og i krukker. Etter at ringblomen er ferdig dannar
den seg mange små bananforma frø. Riv dei av og legg dei til 
tørk, og vips har du spart inn dei kronene ein bitteliten frøpose
kostar til neste år. 


søndag, september 28, 2014

Tomatsyltetøy


Har du smakt tomatsyltetøy før? Eller laga det sjølv? Det er nok ikkje
det mest vanlege syltetøyet ein finn i norske heimar. Eg har hatt full
tomatbonanza i år, kirsebærtomatene byrjar å bli ferdige i drivskapet, men
i steinbedet framfor huset er det flust av dei enda. Nokre er på veg
til å bli raude og ein del er framleis grøne. Desse tomatene har vakse
seg store og fine i varmen i sommar, men har modnast seint grunna at dei står ute.
 Eg har plukka jevnt og dei har vore søte som snop. Men det haustast ute no og
det er ein super mulegheit til å prøve nye oppskrifter for meg, syltedama sjølv.


Dagens fangst, og enda meir heng att. Tomater som er oransje på 
farge er greit å ta inn og enten la seg modne ferdig på eit fat
eller inni eit avispapir.


Tomatsyltetøy 
av spreke grøne tomater

om lag 1 kg grøne/lett gule tomater
1,5 dl vatn
safta av ei sitron
2 gode kanelstenger (eller anna krydder etter smak)
1 ts salt
ca 500 g sukker 
1/2 pose Jam syltepulver


Skyl av tomatene og del dei opp i båtar. Ha dei oppi ei stor 
panne i lag med sitronsaft, kanel, salt og vatn. La det koke opp og
la det småputre til tomatene vert møre. Rør om av og til slik at 
ikkje tomatfrøa set seg fast i botnen. Byrjar det å skje kan du også
ha oppi litt ekstra vatn. Ta så ut kanelstengene og ha oppi
Jam syltepulver. Rør godt rundt og la det koke i to minutt. 
Ha så oppi sukker. For ein meir karamellisert smak så ha gjerne litt
brunt sukker oppi og resten kvitt. Syltetøyet vert også litt mørkare
på farge då. Rør sukkeret ut og fyll på reine og sterile glas, skru
fast loka og set dei opp ned. 

Dette syltetøyet er såpass søtt og godt at det passar på 
brødskiva, på boller eller anna bakst og i kaker. Det er 
mange måtar å variere syltetøyet på etter kva ein vil bruke
det til, om ein vil ha det til ost  eller til kjøt så kan det kanskje 
vere godt å ha litt meir syre i syltetøyet, som litt eddik og 
gjerne litt meir krydder. 


Årets likørar


I sommar har eg sett to likørar til godgjering på kammerset.
Den vanlege med bringebær er alltid ein vinnar, og gir gode
bittesmå glas i badestampen utover i det kalde året.
Eg har tidlegare laga likørar av både krydder, kaffi og bær og i sommar
prøvde eg meg også på ein rabarbralikør som eg skreiv om i juni.
Den er ferdig og klar og smakar nydeleg av rein rabarbra! Kanelstanga
har i dette tilfelle verka som ein god smaksforsterkar då eg ikkje 
kjenner noko markert smak av den. Denne likøren vart verkeleg smaken
av sommar!

Rabarbra og kanel til venstre, bringebær til høgre. 

lørdag, september 27, 2014

Eit lite slag for gjenbruk!

Eg og ei anna hadde fylt opp bilane med ting og tang, både originale gamle
ting og redesigna ting. Framfor vindauge heng til og med eit skjørt sydd av
slips, originalt og morosamt!


Denne veka hadde me i Stord Bygdekvinnelaget eit ope møte der
alle som vil kunne koma. Det var eg og ei anna som heldt møtet og 
me hadde lyst til å snakke om eit viktig tema, nemleg gjenbruk og 
redesign. Redesign er jo i vinden om dagen, både med Jenny
Skavlan sine klesprosjekt og bloggar og blad som har stadig nye småprosjekt
ein kan prøve seg på. Gjenbruk har vore trendy ei stund no, fleire spring 
på loppemarked og trålar bruktbutikkar for å finne skattar til heimen sin.
Men eg vil gjerne ha fleire interessert i dette. Til tross for gode trendar me er
inne i så spring også mange til butikkane og fyller huset med sesongens 
puter og pledd og gardiner, og lar dei andre ta kvelden fordi neste sommar
er det ikkje inn lenger. Interiørblada fortel oss også stadig kva me bør eige 
og visse designnamn går att i nesten kvar einaste interiørartikkel. Det er
sterke krefter i slik "lukka" reklame. Og me i Noreg har jo så mykje pengar å 
bruke. Og så til slutt er det kleskjøpa våre då, me kjøper og kastar, faktisk 
så kastar med over 100 000 tonn klede i året i Noreg. Ein liten del av det er 
klesbutikkane som kastar klede som ikkje er i sesongens mote, men resten 
er oss, små menneske, som tek opprydning i skapa våre. Klede er så billege
i dag og difor så lette å kjøpe mange plagg, og plagga vert brukt mindre enn før. 

Ein støttar difor opp om miljøet om ein ikkje stadig kjøper alt nytt, men handlar 
brukt, enten på bruktbutikkar, loppemarked, finn.no med fleire.
Ein kan også ta tak i det ein allereie har og som fyrst tenkt hadde 
havna på fyllinga.

Så tommelen opp for Jenny Skavlan som syr om alle typar klede
til nye kjekke antrekk, men dette kan også alle prøve seg på om 
dei vert bittelitt trygg på ein symaskin. Og møblar kan ein lett gjere
om med nokre strøk maling, eit nytt stofftrekk eller heklatrekk.
Lampar kan ein gjere om, male, bygge opp sjølv ved bruk av lampeledning
og ein gøyal lampeskjerm. Puter treng ikkje å kjøpast inn kvar sesong, putetrekk
kan ein raskt sy av noko kjekt stoff, ein strikkagenser, eit fint sengetrekk med meir.
Oppskrifter og idèar finn ein flust av i blad, i bøker (sjekk biblioteket)
og sjølvsagt på nettet. DIY er ord som går att for redesign og lag-sjølvprosjekt.
Det er så mange mulegheiter så lenge ein ser etter dei og tek seg
tida til nokre småprosjekt. Det er jo kjekkare å til dømes ha ein heim
som ikkje er prikk lik andre heimar, eller katalogen til Kid interiør kvar sesong. 
Og så kanskje du har laga noko som absolutt ingen andre har lik, det kosta
deg lite og du vil alltid minnast den tingen.

Gevinstbord. Me har ofte lotteri i bygdevkinnelaget, og denne gongen var alle gevinstane
sjølvlaga. Strikkagenserpute, stettfat, gamle kjøkenreiskapar med dip-dyemaling, forkle av
gardiner, kort laga av papirpose, blikkboksar kledde med fint papir m.m.


torsdag, september 25, 2014

Regnro




Dei siste septemberdagane. Denne månaden har gått så 
fort, det kjennes som i går at me avslutta august. Noko har 
vel med å gjere at september ga oss så mykje sollys og 
sommarleg varme. Og med det får ein ekstra energi, og alt 
går så aldeles for fort. 

Eg har vore aktiv og har fått malt ferdig husveggar og alle fire dører. 
Og hatt mang ein fjelltur og nokre deilige fjellbad. No kom regnet
og alt stoppa opp litt. Regnet er ei fin brems for ei rastlaus
sjel. Kveldsturane går i senka fart og alle sansane vert skrudd opp 
eit hakk.

Det er rått og småkaldt, vakre regndropar som ligg 
som teppe over gras og lett forvirra seinsommarblomar. 
Fuglar som skrik og skrålar inni skogen, skodda som
smyg seg lett opp bakkane og svinn hen i kveldslyset. 
I storehagen har saugene fått sleppe til og vassar i knehøgt
deilig gras. Men i regnet står dei berre heilt stille og ventar
på betre tider. 



søndag, september 21, 2014

Retrobakst


I desse baketider med bakeprogram på alle kanalar med
kjendisar og ukjende og franske makroner
og glitrande cupcakes og fylte eclairs og bøttevis
av anna vakkert og fancy bakverk. La oss slå eit slag for retrobaksten!

Eg fekk meg nokre fine gamle oppskriftbøker av ei venninne
ein gong, dei er utruleg herlege å sjå på og har nokre få
fargebilete inni. Her er både formkaker, fylte og pynta kaker,
småkaker, bakverk kokt i smolt, ja, alt ein kan ønske seg.
I dag testa eg ut Kirsebærkake laga med coctailbær som ein 
finn i små glas på utvalte matbutikkar. Og ei fin rund form
til å bake kaka i. Den vart heilt nydeleg med sine små rosa
prikkar og lukta søtt av kirsebær.


Oppskrift - for dei som tør! 




torsdag, september 18, 2014

Hyllebær



I sommar plukka eg inn det meste av hylleblomane på det vesle 
treet mitt i hagen. Safta eg laga var utruleg god og vert nok for
meg rekna som sommardrikken dette året. Eg har ståande nokre glas
i frysen som skal nyttast til kos utover året som kjem.
Sidan eg plukka ned blomane så vart det lite hyllebær på treet,
men heldigvis for at det veks nokre slike tre her og der.

Hyllebær skal visst vere veldig sunne bær. Dei er proppa fulle av
antioksidantar og vitamin c. Nokre seier dei hjelp mot forkjølelse,
andre hevdar at deira innhald av lektiner gjer at magen vert balansert.

Eg tenkte å prøve meg på litt god saft til å ha i frysen til sjukdomsdagar.
Eg fekk visst med meg nokre umodne bær i saftlaginga også, for 
det viste seg at safta innehaldt litt pektin, og safta vart då meir eller
mindre ein gele. Men det gjer no ingenting! Smaken og lukta minna
om solbær og fargen vart djupt mørkeraud.

Eit forsøk på hyllebærsaft

ca 1 kg Hyllebær
5 dl vatn
sukker
sitronsyre

Skyll av bæra og la dei koke opp med vatnet. La det koke ca 10 min 
til bæra er moste. Sil av safta over eit sileklede. Kok så opp safta 
og tilsett sukker og ein halv pose sitronsyre. Smak deg til på kor 
søtt du ynskjer å ha det. Hell opp halvfulle reine glas og set i frysen
for ein småslapp dag! 

onsdag, september 17, 2014

September: Fargar/mønster/tekstur









Potetnyhende

I vår skreiv eg om eit lite poteteksperiment her.
Eg sette nemleg poteter i høy, i staden for godt nedi jorda
slik som er vanleg. Det skulle gi reine og pene poteter
var planen. Eg fulgte jo planen til punkt og prikke, bærte
på høy, fang etter fang. Det som skjedde var at ikkje alle
potetene spirte, kanskje halvparten av dei eg hadde sett.
I dag plukka eg inn alt saman og det endte med ei halv bøtte
med gode matpoteter. Nokre var skikkeleg store og flotte, 
og i staden for å ligge nedi jorda så låg dei halvvegs oppå,
halvvegs nedi og halvvegs innesurra i høy. Dei vart relativt reine
og eg fekk nok skit under neglene uansett. Nokre av potetene
vart også mat for ekle brunsneglar.
Så då vart den erfaringa gjort og potetene hausta inn for 
dette året. Til neste år vert det poteter i god grisepløya jord



søndag, september 14, 2014

Om eit tre


Desse trea møter meg kvar dag når eg kjem heim. Dei flotte asketrea
som har stått her i alle år. Eg veit ikkje kor gamle dei er, det er i alle fall
sikkert at dei har blitt beskjert fleire gongar og nye greiner har fått vekse
til. Så jammen kan dei vere gamle. 
Eg har ein teori om at namnet Eskeland kjem frå ordet ask, men det 
veit eg ikkje sikkert. Eg har også blitt fortalt at det sto eit stort gamalt og
holt asketre der som nyeløa står i dag. Det treet kunne ein gå inn i. 
Desse asketrea rammar inn tunet og har gitt mang ein saug og ku smaken av
dei beste blada om hausten. 


Dette treet er særs spesielt. Det er ikkje berre eit tre. Men eit lite hotell.


Her får nemleg løvetannen vekse fritt. 


Ei rognebærgrein strekk seg også opp frå barken.


Bringebærbusk har også flytta inn nokre smågreiner på treet.


Og det som litt vanlegare er, nokre små soppar. 

Eg veit ikkje om tret tener godt på denne utleiga si, men det
er i alle fall koseleg for meg og andre som nysgjerrig vil kikke
og klatre på treet. 

Ute i det fri

Steike for ein flott dag! Her har det bikka 20 grader i dag
og eg lot kyllingane få gå litt fritt utpå ettermiddagen. Dei byrjar
å bli store og stripete! Er så kjekt å følge med på korleis dei utviklar
seg. Jammen er dei nokre flotte vesen både kyllingar og vaksne høns!

Mest sannsynleg ein framtidig hane. Som liknar på far sin med flotte striper på veg. 

Er eg heldig så vert det ein hane og to høner. Hanen er allereie lovt vekk og det er kjekt! 

Samla familie; mor, far og tre små. 

Hanen Knut er vel endeleg vaksen og flott! 

Det vert varmt for hønsa også i denne septembersommaren, og får dei sjansen lurar dei seg inn
og slappar av der. Luringane. 

torsdag, september 11, 2014

Septembersol

September må vere ein av dei finaste månadane. 
Ein kan framleis kjenne kjensla av lett sommarvarme,
men også puste inn den friske og kalde morgonlufta
som minnar oss om kva som ventar oss framover.
I år følte eg at trea snudde tvert om då september starta.
Plutseleg var det gule blad å sjå her og der, nesten
over natta. Ein av mine favorittar for tida er å gå
tur opp på stølen og inn i skogen der. Det flottaste
synet møter meg når det nett har regna og dropane
gneistrar mot meg på lyng og blad når sola smett seg
innom mellom trea. Som regel har eg ikkje med kameraet
på tur, men denne måndagen tok eg det med og katten 
freista også å vere med på tur og med på bilete i skogen.








tirsdag, september 09, 2014

Å sjå raudt


Kjøkenhagen i år har gitt meg mykje glede og mykje godt. For tida
har eg hausta inn alle raudbetane mine og har ete nokre
porsjonar med ovnsbakte raudbetar. Godt og sunt! Men eg likar
så godt å prøve forskjellige ting. I sommar skreiv eg om hylleblom-
sirupen som eg har nytta mykje sidan. Så raudbetesirup måtte
eg no også prøve. Eg kokte opp 4 små skrelte raudbetar i bitar
saman med 1 liter vatn og 1 liter sukker. Etter ei stund silte eg av 
raudbetane og lot sirupen koke inn til nesten halve mengda og 
konsistensen vart tjukk og knakanade raud!
Sirupen er god på is, til og i kaker, over salaten og på alt
der du vil ha litt knallfarge og søtsmak. Gøy!


Og så måtte eg prøve kake då. For nokre år sidan fekk eg høyre av
ei venninne om sjokoladekake med raudbete. Snodig kombinasjon kanskje.  
Men ikkje før no har eg faktisk prøvd det ut. Sjokoladekaka vert skikkeleg 
saftig og då bittelitt meir sunn enn ei vanleg sjokoladekake. 
Absolutt verdt å prøve ut!


Sjokoladekake med raudbetar og valnøtter

2 store raudbetar - skrelte og rive
50 g smelta smør
2 dl mjølk
1 egg
3 dl brunt sukker
4 dl kveitemjøl
4 ss kakao
2 ts bakepulver 
1 plate hakka dronningsjokolade 
50 g hakka valnøtter

Bland det tørre i ei bolle. Visp egget luftig
og bland i mjølka, smøret og raudbetmassen.
Bland så saman det tørre og det våte og vend inn
til slutt sjokoladebitar og valnøtter. Ha røra i ei 
smurt form og steik den på 200 grader i ca 35-40 minutt. 
Kaka skal vere saftig inni. Kjøl ned. Pynt 
gjerne med sjokoladeglasur og hakka valnøtter på 
toppen. Nyt!