tirsdag, september 09, 2014

Å sjå raudt


Kjøkenhagen i år har gitt meg mykje glede og mykje godt. For tida
har eg hausta inn alle raudbetane mine og har ete nokre
porsjonar med ovnsbakte raudbetar. Godt og sunt! Men eg likar
så godt å prøve forskjellige ting. I sommar skreiv eg om hylleblom-
sirupen som eg har nytta mykje sidan. Så raudbetesirup måtte
eg no også prøve. Eg kokte opp 4 små skrelte raudbetar i bitar
saman med 1 liter vatn og 1 liter sukker. Etter ei stund silte eg av 
raudbetane og lot sirupen koke inn til nesten halve mengda og 
konsistensen vart tjukk og knakanade raud!
Sirupen er god på is, til og i kaker, over salaten og på alt
der du vil ha litt knallfarge og søtsmak. Gøy!


Og så måtte eg prøve kake då. For nokre år sidan fekk eg høyre av
ei venninne om sjokoladekake med raudbete. Snodig kombinasjon kanskje.  
Men ikkje før no har eg faktisk prøvd det ut. Sjokoladekaka vert skikkeleg 
saftig og då bittelitt meir sunn enn ei vanleg sjokoladekake. 
Absolutt verdt å prøve ut!


Sjokoladekake med raudbetar og valnøtter

2 store raudbetar - skrelte og rive
50 g smelta smør
2 dl mjølk
1 egg
3 dl brunt sukker
4 dl kveitemjøl
4 ss kakao
2 ts bakepulver 
1 plate hakka dronningsjokolade 
50 g hakka valnøtter

Bland det tørre i ei bolle. Visp egget luftig
og bland i mjølka, smøret og raudbetmassen.
Bland så saman det tørre og det våte og vend inn
til slutt sjokoladebitar og valnøtter. Ha røra i ei 
smurt form og steik den på 200 grader i ca 35-40 minutt. 
Kaka skal vere saftig inni. Kjøl ned. Pynt 
gjerne med sjokoladeglasur og hakka valnøtter på 
toppen. Nyt! 

2 kommentarer:

  1. Spennande! Utrulig flink og kreativ du!!

    SvarSlett
  2. Takk for det Gina! Tenker at du prøver raudbetekake no :-)

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!