søndag, september 07, 2014

Bokhylle - lag sjølv


Gamlekjøkenet som i sommar forvandla seg til kontor/bibliotek/arbeidsrom
trengte bokhylle. For meg var det sjølvsagt å bygge ei sjølv. Også sidan
kontorpulten var sjølvlaga. Bokhyller får ein jo kjøpt både på IKEA,
på bruktbutikkar og andre stader. IKEA er billeg og greit, men du sit på 
golvet og skrur sikkert like mykje som eg gjorde her. I mitt tilfelle så fekk
eg tilpassa bokhylla til å passe veggen, eg kunne bestemme kor mykje
luft eg ville ha i mellom hyllene, eg kan legge til ekstra hyller utan noko 
problem seinare og det kosta ikkje all verden heller. 


For å lage si eiga bokhylle bør ein måle opp og teikne seg ein ide på korleis 
det skal sjå ut - med mål. Og sjekke prisar på plank/hobbyplank i tilfelle. Det 
er lurt å ha ei god sag, men ein kan fint kome unna med handsag til dette også.
Drill er eit pluss då det er tungt å skru inn skruar for hand. Tommestokk og vater
er å anbefale til slikt arbeid!


Eg satsa på ei todelt bokhylle og kjøpte då tre plankar til "hylleveggar".
Eg nytta hobbyplank, for der kan eg velge ønska breidde samt at 
hobbyplank går att fleire stader i huset. Eg lurte på å velge gjenbruks-
plankar  (gamal bordkledning) men hadde då hatt ein svær jobb med å få vekk 
maling og det var eg ikkje lysten på i denne omgong.



For at hylla skal stå støtt inn til veggen må ein sage vekk ein liten flik 
tilsvarande golvlist.


Nøyaktige mål er viktig og sjølv om ein festar hyllene på golvet så
kan det vere lurt å sjekke om dei er i vater når hylla står også.


Etter ein laurdagsarbeid var hylla festa til veggen, i vater og klar. 
Litt lut og mulig litt lakk gjenstår, men eg måtte jo teste ho litt!
Eg har valt å ha hyllene i forskjellige breidder for å lage litt liv samt å 
kunne tilpasse det eg vil ha i hyllene. 


2 kommentarer:

  1. Det ble ei kjempefin bokhylle. Jeg har også snekra ei her i hobbyplank. Det går fort og er kjempegøy.
    Hilsen Camilla i Harstad

    SvarSlett
  2. Det er heilt genialt! Og så får ein jo den akkurat slik ein vil ha den, i storleik og fasong! Og det vart vel billegare enn to ikeahyller også :-)

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!