lørdag, september 27, 2014

Eit lite slag for gjenbruk!

Eg og ei anna hadde fylt opp bilane med ting og tang, både originale gamle
ting og redesigna ting. Framfor vindauge heng til og med eit skjørt sydd av
slips, originalt og morosamt!


Denne veka hadde me i Stord Bygdekvinnelaget eit ope møte der
alle som vil kunne koma. Det var eg og ei anna som heldt møtet og 
me hadde lyst til å snakke om eit viktig tema, nemleg gjenbruk og 
redesign. Redesign er jo i vinden om dagen, både med Jenny
Skavlan sine klesprosjekt og bloggar og blad som har stadig nye småprosjekt
ein kan prøve seg på. Gjenbruk har vore trendy ei stund no, fleire spring 
på loppemarked og trålar bruktbutikkar for å finne skattar til heimen sin.
Men eg vil gjerne ha fleire interessert i dette. Til tross for gode trendar me er
inne i så spring også mange til butikkane og fyller huset med sesongens 
puter og pledd og gardiner, og lar dei andre ta kvelden fordi neste sommar
er det ikkje inn lenger. Interiørblada fortel oss også stadig kva me bør eige 
og visse designnamn går att i nesten kvar einaste interiørartikkel. Det er
sterke krefter i slik "lukka" reklame. Og me i Noreg har jo så mykje pengar å 
bruke. Og så til slutt er det kleskjøpa våre då, me kjøper og kastar, faktisk 
så kastar med over 100 000 tonn klede i året i Noreg. Ein liten del av det er 
klesbutikkane som kastar klede som ikkje er i sesongens mote, men resten 
er oss, små menneske, som tek opprydning i skapa våre. Klede er så billege
i dag og difor så lette å kjøpe mange plagg, og plagga vert brukt mindre enn før. 

Ein støttar difor opp om miljøet om ein ikkje stadig kjøper alt nytt, men handlar 
brukt, enten på bruktbutikkar, loppemarked, finn.no med fleire.
Ein kan også ta tak i det ein allereie har og som fyrst tenkt hadde 
havna på fyllinga.

Så tommelen opp for Jenny Skavlan som syr om alle typar klede
til nye kjekke antrekk, men dette kan også alle prøve seg på om 
dei vert bittelitt trygg på ein symaskin. Og møblar kan ein lett gjere
om med nokre strøk maling, eit nytt stofftrekk eller heklatrekk.
Lampar kan ein gjere om, male, bygge opp sjølv ved bruk av lampeledning
og ein gøyal lampeskjerm. Puter treng ikkje å kjøpast inn kvar sesong, putetrekk
kan ein raskt sy av noko kjekt stoff, ein strikkagenser, eit fint sengetrekk med meir.
Oppskrifter og idèar finn ein flust av i blad, i bøker (sjekk biblioteket)
og sjølvsagt på nettet. DIY er ord som går att for redesign og lag-sjølvprosjekt.
Det er så mange mulegheiter så lenge ein ser etter dei og tek seg
tida til nokre småprosjekt. Det er jo kjekkare å til dømes ha ein heim
som ikkje er prikk lik andre heimar, eller katalogen til Kid interiør kvar sesong. 
Og så kanskje du har laga noko som absolutt ingen andre har lik, det kosta
deg lite og du vil alltid minnast den tingen.

Gevinstbord. Me har ofte lotteri i bygdevkinnelaget, og denne gongen var alle gevinstane
sjølvlaga. Strikkagenserpute, stettfat, gamle kjøkenreiskapar med dip-dyemaling, forkle av
gardiner, kort laga av papirpose, blikkboksar kledde med fint papir m.m.


3 kommentarer:

  1. Om jeg hadde bodd nærmere hadde jeg nok dukket opp på dette møtet. Akkurat slik jeg liker det.
    Hilsen Camilla i Harstad

    SvarSlett
  2. Så bra tiltak. Gjenbruk er toppen synes jeg. Blir jo kjøpt noe som er flunkende nytt innimellom, men mest brukt hos meg. Over gjennomsnittet med bruktkjøp også faktisk. Men jeg drømmer om et lite utsalg en eller annen gang, og da må jeg jo ha varer å ta av... Så mye mer morsomt å ha noe som er unikt og selvlaget, eller noe gammelt med sjel, enn bare nytt. Det er min mening også.
    Klem fra Marit

    SvarSlett
  3. Så kjekt å høyre Camilla! Det som også går an er å samle vener og ta med noko ein har laga, utveksle idear osv. På vårt møte vart det mykje prat og folk gjekk heim inspirerte, det var veldig kjekt!
    Eg er nok også over gjennomsnittet oppteke av brukt men unner meg eitt og anna nytt innimellom. Men helst noko eg veit vil vare og som ikkje er hypertrendig, både med tanke på klede og ting. Men det er faktisk heilt naturleg for meg å først sjekke ein bruktbutikk om det er noko eg treng til huset, til kjøkenet osv.

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!