tirsdag, september 30, 2014

Frønerd


Denne hageentusiasmen har teke seg ein pause, eg har innsett at
målet om å få ein flott hage krever både sine pengar til planter,
buskar, trer og blomar . Og jevnleg stell og luking av ugras. Det
passar visst ikkje alltid med mine kvardagar der andre prosjekt tek
overhand på fritida eller ein god tur eller litt sofaslenging vert prioritert. 
Men sidan i sommar har eg hatt gåande eit prosjekt som krev lite
energi og kostar null niks, nemleg innsamling av frø. Eg har plukka inn frø
frå eigen hage, frå grønsakshagen og hos ei snill nabodame. Frøa let 
eg ligge på fat og brett oppå skapet på kjøkenet og der tørkar det godt.
Tørre frø kan samlast i fyrstikkesker eller i kaffifilterposar 
og lagrast ein tørr plass til neste vår. 


Ringblomar og blomkarse er mine favorittar av sommar- og 
haustblomar. Trivst dei vert det møkje av dei og dei sprer fine
fargar i bedet og i krukker. Etter at ringblomen er ferdig dannar
den seg mange små bananforma frø. Riv dei av og legg dei til 
tørk, og vips har du spart inn dei kronene ein bitteliten frøpose
kostar til neste år. 


3 kommentarer:

  1. Det ser litt slik ut her også, selv om jeg ikke har samlet så mange sorter som deg. Mest akeleier jeg samler frø av. Har en del geranium jeg burde ta frø fra også, men egentlig har jeg nok av dem. Mange ble så store at jeg må flytte dem til våren og der det er plass er det snart fullt. Men akeleier har jeg alltid plass til!
    Hilsen Camilla i Harstad

    SvarSlett
  2. Akeleier er herlege ja. Har samla nokre sånne også, men har berre ein farge i hagen foreløbig, dei står att frå eldre tider. Og så har eg vore så heldig med løvemunn i år. Vann nokre små planter i eit plantelotteri og dei blømer så frodig og fargerikt framfor hønsehuset. Så håpar på å få fram fleire fargar til neste år også! Til neste år er det ny start for hage og planter! :-)

    SvarSlett
  3. Hos meg er det masse forskjellige farger på akeleiene. Kjøpte/arvet noen ulike og hvert år dukker det opp en ny variant. De krysser jo seg så lett som bare det. Tror en teskje frø holder til over 50 nye planter og siden jeg henter litt her og litt der rundt i hagen vet man jo aldri hva man får.
    Jeg gleder meg også til ny start til våren. Starter med chilifrø i januar og så baller det bare på seg. Såpass mye at man tidlig i juni drukner i småplanter. Alltid en lykkelig tid når man kan begynne utplanting. Løvemunn har jeg aldri hatt. Kanskje jeg må sette det på handlelisten i år? Gleder meg til å se bilder av dine til sommeren.
    Camilla

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!