tirsdag, september 02, 2014

Kveldskos




Kyllingane får kose seg ute nokre timar kvar dag no. Men må inn att
under varmelampen når kvelden lir på. Dei byrjar å bli store men får framleis
plass innunder vengene til mora. Det er så koseleg å sjå når hovuda kikkar
ut for å følge med på kva som skjer utanfor, men i trygge rammer bak dei
varme fjøra til mor. Det vert spanande å sjå om dei vert hanar eller høner.
Dei mørke har fjør på føtene sine, noko storhanen Knut også har. 
Små gleder i dagar der fokuset er på avslapning etter nokre hektiske veker.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!