fredag, september 05, 2014

Mitt heilt eige bacon!


Dette med å slakte sine eigne grisar har vore lærerikt
og generelt mykje arbeid. Ein av dei tinga eg gleda meg
mest til var å kunne ete mitt eige bacon. Noko eg aldri har laga før
og eg er heller ikkje oppvaksen med heimalaga bacon i huset. 
Å følge oppskrift samt å få gode råd frå ein nabo måtte til for å
få det bra. Bacon er egentlig ikkje så vanskeleg å lage, så lenge ein 
har godt kjøt frå ei ribbe til dømes, ein god del salt, ein røykeovn/skur, 
og ikkje minst nokre dagar på seg. Eg har i tillegg investert i ein 
skjæremaskin og ein vakuumeringsmaskin til slakteprosjektet mitt. 



Du kan faktisk lage deg bacon sjølv om du får tak i ei god tynnribbe. 
Eg fekk skjært meg ut baconsida på grisen, delte den i to og skjærte ut beina.
Deretter la eg grovsalt i ei langpanne, la ei baconside oppå og salta fyrst med
finsalt og bittelittegrann sukker før eg strødde på meir grovsalt. Så la eg neste side 
over og hadde til slutt fire sider oppå kvarandre i denne omgong. Baconsidene
låg slik i to døger. Eg skylte så av saltet og la dei til litt utvatning i ca 2 timar. 
Dette er ikkje noko du absolutt treng å gjere, men det kan vere lurt å skjære 
av ein bit av baconet for å smake seg til kor salt du vil ha det. Utvatning
gjer at det vert mindre salt. Baconsidene måtte så henge for å tørke i eit døger. 


Så kom røykinga. Eg nytta far sitt gamle røykeskur. Det var ikkje like
sikkert som å nytte røykeovn og eg måtte passe på heile tida. To timar
var nok i røykeskuret i alle fall. Om du nyttar røykeovn kan du gjerne røyke
lengre, alt etter kor mykje røyksmak du vil ha på baconet. For å få
god røyk nytta eg først littegrann ved som eg sette fyr på, så la 
eg over brake og til slutt spon frå lauvtre. 
Etter røykinga skulle baconet igjen henge litt, eg lot det henge i to
døger før eg sette i gong med oppdelinga.


Eg delte baconsidene opp i bitar, skar av svoren og nytta meg så av ein 
skjæremaskin. Å få til syltynne baconskiver som ein får kjøpt
i butikken var absolutt ikkje lett! Dei vart så tynne som dei kunne bli
og det er eg nøgd med uansett. 


Vakuumeringsmaskinen har eg nytta i heile slakteprosjektet. 
Genialt! Det gjer at kjøtet og baconet held seg opp til fem
gongar lenger i kjøl eller frys samanlikna om eg hadde pakka
dei i vanlege brødposar. Og eg har jo absolutt ingen planar om å 
klare å ete opp alt kjøtet innan ei veke akkurat. 

Og til slutt, baconet vart testa attåt pannekaker i dag til middag. 
Det var utruleg godt på smak! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!