søndag, september 14, 2014

Om eit tre


Desse trea møter meg kvar dag når eg kjem heim. Dei flotte asketrea
som har stått her i alle år. Eg veit ikkje kor gamle dei er, det er i alle fall
sikkert at dei har blitt beskjert fleire gongar og nye greiner har fått vekse
til. Så jammen kan dei vere gamle. 
Eg har ein teori om at namnet Eskeland kjem frå ordet ask, men det 
veit eg ikkje sikkert. Eg har også blitt fortalt at det sto eit stort gamalt og
holt asketre der som nyeløa står i dag. Det treet kunne ein gå inn i. 
Desse asketrea rammar inn tunet og har gitt mang ein saug og ku smaken av
dei beste blada om hausten. 


Dette treet er særs spesielt. Det er ikkje berre eit tre. Men eit lite hotell.


Her får nemleg løvetannen vekse fritt. 


Ei rognebærgrein strekk seg også opp frå barken.


Bringebærbusk har også flytta inn nokre smågreiner på treet.


Og det som litt vanlegare er, nokre små soppar. 

Eg veit ikkje om tret tener godt på denne utleiga si, men det
er i alle fall koseleg for meg og andre som nysgjerrig vil kikke
og klatre på treet. 

2 kommentarer:

  1. Slike store trær på tunet får man et spesielt forhold til. Vi måtte hugge ned tuntreet vårt i fjor, en diger Lønn. Det var faktisk trist å være den som måtte ta avgjørelsen om å hugge ned kjempen som ønsket velkommen til gards... Men det var desverre ingen veg utenom, etter et lynnedslag for noen år siden og en sprekk midt i buska som bøyde seg ut ved sterk vind turte vi ikke la den stå mer. Men det blir veldig mye fin ved å fyre med til vinteren av den. Heldigvis hav vi flere Lønnetrær, men ingen var som dette. Så jeg skjønner godt at du er glad i trærne på tunet.
    Klem fra Marit

    SvarSlett
  2. Heilt sant. Tre minnar om levd liv, og tenk kor mykje desse gamle tuntrea har opplevd frå dei var små buskar. Trist at dåke måtte ta lønnetreet, men må ein så må ein. Eg skulle gjerne ha opplevd det gamle hole asketreet, men no er det berre historiar om det. Og det er jo fint det også, å la det leve vidare i historiar :-)

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!