torsdag, september 25, 2014

Regnro




Dei siste septemberdagane. Denne månaden har gått så 
fort, det kjennes som i går at me avslutta august. Noko har 
vel med å gjere at september ga oss så mykje sollys og 
sommarleg varme. Og med det får ein ekstra energi, og alt 
går så aldeles for fort. 

Eg har vore aktiv og har fått malt ferdig husveggar og alle fire dører. 
Og hatt mang ein fjelltur og nokre deilige fjellbad. No kom regnet
og alt stoppa opp litt. Regnet er ei fin brems for ei rastlaus
sjel. Kveldsturane går i senka fart og alle sansane vert skrudd opp 
eit hakk.

Det er rått og småkaldt, vakre regndropar som ligg 
som teppe over gras og lett forvirra seinsommarblomar. 
Fuglar som skrik og skrålar inni skogen, skodda som
smyg seg lett opp bakkane og svinn hen i kveldslyset. 
I storehagen har saugene fått sleppe til og vassar i knehøgt
deilig gras. Men i regnet står dei berre heilt stille og ventar
på betre tider. 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!