søndag, oktober 26, 2014

Potetkaker for nybyrjarar

Ferske potetkaker med smør og sukker, fins det noko betre enn det?

For heile to år sidan hadde eg eit blogginnlegg om potetkaker frå Fitjar.
Og skrøyt på meg at eg hadde oppskrifta. For den var ikkje noko hemmeligheit,
det var berre å lage deig av poteter og fløyte og så bake det ut til kaker
med mjøl. Dei om det, for nybyrjarar er dette ikkje det enklaste. Utan mjøl
i deigen får du dei beste kakene, men det er også veldig vanskeleg å bake ut.
 Så her kjem mi oppskrift, til ca 12-15 kaker, alt etter storleik.


Ein nybyrjars potetkaker

Om lag 1 kilo poteter
3 ts salt
ca 3 dl fløyte eller fløyte/mjølk-blanding
2 dl kveitemjøl
kveitemjøl til utbaking

Bruk gamle poteter, det vil seie poteter du gjerne har hatt
liggande ei stund. Kok dei med skalet på, la dei kjøle ned og 
skrell dei. Kjør dei gjennom ei kjøtkvern. Det er ikkje noko triks
å til dømes bruke stavmiksar eller stampar i staden for, det vil ende
opp med enten klumpete deig eller lim.
Bland potetdeig med mjøl, salt og væske. 


Til utbaking så kan det vere lurt å bake ut på eit bakeklede om ein har
det. Om ikkje så ha godt med mjøl på bordet. Eg fekk best resultat 
med ei kjevle med kjevlestrømpe på, for deigen kladdar seg veldig
lett til både bord og kjevle. Ta ein potetstor klump med deig og bland litt mjøl
i deigen og elt den lett før du kjevlar den ut. 


Vær forsiktig når du fraktar den utkjevla kaka til steikepanna eller
steiketakka. Du kan nytte steikespade om du vil. Eg nyttar ein
gammal bakepinne som følgte med huset her, den rullar eg kaka
over og så rullar eg den forsikig over i steikepanna. 


Ein bakekost til å koste vekk mjøl undervegs kan vere lurt. Denne
har eg kjøpt på ein husflidsmarknad. Om du ikkje kostar vekk
mjølet brenn det seg og set både smak og farge til kakene.
Steik kakene til dei er lett gyldne på begge sider og avkjøl på eit klede. 

Kakene vart veldig gode på smak, saftige og ikkje tørre. 
Dei vart ikkje runde og fine, men noko må ein no ha å jobbe imot.
Uansett, formen har ikkje noko med smaken å gjere.

Dette innlegget er dedikert til ein lesar i Italia som for ei god stund sidan 
ønska seg eit innlegg om potetkaker, håpar ho er innom bloggen og kikkar enda!

lørdag, oktober 25, 2014

Deilig gult



Ein liten dæsj med gult på ein laurdag, er ei stund sidan eg 
har krydra bloggen med denne fargen no. 
Eit lite funn frå ei bruktløe i Førde utanfor Haugesund,
funne av ei fin venninne og vart ein fin kvardagspresang
til heldige meg. Er den ikkje fin? Stor og god også. 

onsdag, oktober 22, 2014

Eplekjekk


TØRKA EPLESKIVER

Så enkelt!
Du treng:

epler, gjerne syrlege
kniv (eller mandolin for dei som har det)
kanel
ein komfyr med varmluft eller ein dehydrator/tørkemaskin
litt god tid

Fjern kjernehuset og skjær av topp og botn på epla. Skjær
så i tynne skiver med kniv eller mandolin. Legg utover 
fleire bakebrett/rist og dryss på kanel på kvar skive. 
Set ovnen på 75 grader varmluft. Set gjerne fire brett inn, men bytt då gjerne
plass på bretta etter halve tida slik at alt tørkar tilnerma likt.
 La epleskivene tørke i ovnen 4-5 timar. Putt gjerne ein gryteklut i 
døropninga slik at fukten kjem seg ut av ovnen. Avkjøl så 
på rist og ha skivene oppi ein lufttett boks eller glas. 

Steike meg, dette er godt! Det overraska meg skikkeleg, for eg kan 
gjerne ha litt fordommar mot "sunt godteri".
 Eg nytta desse sure gamle vintereplene/Bramleyeplene frå storehagen. 
Og så må eg berre låne med meg eit uttrykk frå ein eller reklame før
i tida: "eitt tygg - og du er hekta!" 

På plass i kjøkenhylla og har også allereie blitt ein god ven på kontoret! 

Enkle emmerrundstykke



Desse lagar seg nesten sjølv og er supre til å steike ein sundagsmorgon.
Emmer er ein gamal kornsort med mykje smak og gir fin farge, men
den kan vere vanskeleg å få tak i. Holli Mølle lagar mjøl med emmer.
Du kan fint bytte ut emmer med anna fint mjøl, som rug eller kveite.

EMMERRUNDSTYKKE 
ca 9 stk 

300 g sikta kveitemjøl
200 g emmer finmalt
1 ts salt
1 ts sukker
3,5 dl vatn
fersk gjær på storleik med ei ert

Set deigen om kvelden før du legg deg. Bland mjøl og salt.
Bland vatn, gjær og sukker i lag. Ha så oppi mjølblandinga. 
Rør lett saman. Det vert ein ganske blaut deig. Dekk bolla
med plast og eit kjøkenhandkle over. La stå på kjøkenbenken natta
over. 

Om morgonen veltar du deigen over på ei mjøldekka bordflate. 
Sidan deigen er blaut må du bruke litt mjøl slik at du forsiktig kan forme
deigen til ei lang pølse. Del opp i ni stykke og form til rundstykke. 
Legg så over på brett med bakepapir og legg på kjøkenhandkle.
La rundstykka heve i ein time. Set ovnen på 250 grader. 
Når ovnen er klar pensle gjerne rundstykkene med egg/melk og 
ha over sesamfrø. Steik dei i fem minutt før du senkar 
varmen til 225 grader. Steik vidare i ti minutt til.
Ta så ut og avkjøl på rist.

For best resultat server dei berre lett avkjølt med godt smør!

søndag, oktober 19, 2014

Lampeskjerm med ny funksjon


Eg plukka med meg ein gammal og stor lampeskjerm
ein gong i sommar. På ei gjenbruksavdeling på den lokale
miljøstasjonen. Planen var å hekle trekk på den og lage
den om til ei kjekk korg. Men i kampens hete snudde eg 
tvert om og laga eit bord i staden for! Veldig enkelt og
ganske kult!

Eg klypte av trekket på lampeskjermen og ga
den så ein runde med svart spraymaling. 
Lampeskjermen snudde eg så opp ned og fann 
fram eit fint brett i aluminium til å ha som bordplate.
Det festa eg enkelt med heftegummi slik at eg enkelt
kan ta det av når eg vil. 
Vil du prøve dette så kan du bruke det du har eller
leite deg fram til eit fint brett i tre, i kopar, eit stort flott
serveringsfat eller anna til bordplate. Om du vil feste 
det permanent så bruk gjerne tokomponentslim.

 Lampeskjerm i originalform.


Eg har laga meg til ein tv-krok og trengte noko til
å sette tekoppen og slikt på.

Kjenn på hausten







Kjenn på hausten. 
Lukt på hausten. Kaldt, rått, friskt.
Kjenn på fargane. Gult, oransj, raudt mot brunt.
Kjenn på regndropane, 
la handa stryke over grastustane om morgonen. 
Lytt til hausten. Til fuglane, kråkene som skrik, vindkasta som slår mot husveggen. Stillheita.
Sjå deg rundt, vér i det, lukt, pust, føl, pust, lytt, pust, frys.

Hausten kan vere ei mørk og kald tid,
men om du snur det om så er det
kanskje den finaste tida på året. 

EKTE mat



Under griseslakta var planen å samle inn alt blod, noko
som ikkje gjekk an i kombinasjon med at dei skulle vere heilt
avslappa då dei vart skotne. Eg fekk samla ein liten slant som 
eg ga vekk til ei fin kollega av meg. Og overraskinga var
stor då ho kom med ein flott blodpølsebit til meg i veka. I 
tillegg til blod vart røra spedd ut med forskjellig anna. 
Mi erfaring med blodpølser er desse kjøpte frå Gilde trur eg,
ikkje noko spesielt å skryte av. Men dette var andre saker!
Skikkeleg bondekost med kokte poteter, ekte blodpølser varma
i steikepanna, smelta smør og ekte sirup attåt. 
Slå den! 

søndag, oktober 12, 2014

Fargeknæsj







Oransj og rosa, knæsj kombinasjon. Siste fargeplett frå
mitt kjekke hus. Kontoret får desse energirike fargane.
Gamle trestolar malt i oransj bengalakk. Slitte stolputer får
nytt liv og ny energi frå knallrosa strikketrekk, enkel
rillestrikk og som festast direkte rundt puta. 
Oransjelampen på veggen kjem til sin rett, og 
tavla på veggen er egentleg ei beskyttelsessponplate
som var under oppvaskmaskinen då eg fekk den i hus. Den 
fekk ei ramme av washitape og så var den klar til bruk.
Den gule hekladuken frå Solgryloppis i vår er blitt festa
i ei rund broderiramme og har fått rosa tråd rundt seg. 
Glade fargar i mørketida! 

lørdag, oktober 11, 2014

Haustleg kjærleik


Dette bilete la eg faktisk ut i fjor, for nesten nøyaktig eit år sidan.
Men eg er så glad i det, og ser på det faktisk kvar dag for tida.

For meg er dette den reine hausten, i fargar og lys. Dette er garden med sine 
tre og sine grastustar, og sine sauge som høyrer heime på bakkane her. 

Dette er fjorårets favorittsaug, 69-saugen, som var ein liten luring. 
Og nabosaugen, ein herremann, som egentleg ikkje burde vandra ute på 
nabogarden slik. Det starta med stjålne blikk, og enda med ein flørt og
nokre altfor tidleg fødte lamb vinteren etter. 
Det er så kjekt å ta bilete, ta vare på dei og ta dei fram att, finne historia att. 

torsdag, oktober 09, 2014

Siste rest

Årets bær. Mykje flotte og store bær i år, men her ser ein også konsekvensen av at dei ikkje vert plukka, dei rotnar på greina bokstaveleg talt. 

I år byrja bjørnebæra, eller "bjødnabero" som eg seier på mi dialekt, 
å bli modne allereie i juli. Bjørnebær er egentleg eit haustbær og ein koplar
gjerne desse bæra med kjølige kveldar og vått gras. Til tross for tidleg start på 
bæra så har det vore muleg å plukke heilt til nyleg på Eskeland. Om bærbuskane
ligg litt mørkt til så gir det seinare bær enn dei som får mykje sol og varme.
Bjørnebær er forsåvidt ikkje mitt favorittbær. Det er litt som å spele lotto
på om det smakar godt og søtt, er vassent og smaklaust eller er surt og hardt.
Eit litt kresent bær. som også gir sine utfordringar i plukkinga då tornene på 
buskane verkeleg borar seg inn i huden. Og som regel må ein strekke seg
litt eller klatre litt for å få tak i dei flotte bæra som gjer plukkinga til ein 
liten ekstremsport i seg sjølv. Så kvifor gjere dette då? 

Jo, bæra gjer seg så godt i mat, i bakverk, i likør, som varm saus på
isen m.m. Det er verdt å ta kampen med dei, sukre dei godt og nyte den
gode smaken som då breier seg i munnen. Ein bjørnebærpai til dømes med
bjørnebær oppå ei seng av vaniljekrem, varm og god frå ovnen attåt
kald og god vaniljeis....
Eg hadde dagens fangst i muffinsdeigen og laga muffins- og bjørnebærmagi
på ein laurdag. 

Bjørnebærmuffins med hint av karamell

3 egg
2,5 dl lyst sukker
250 g smør
1 dl brunt sukker
1 ts vaniljesukker
1 ts bakepulver
5 dl kveitemjøl
Bjørnebærfangst (3-8 dl bjørnebær)

Visp egg og sukker til eggedosis. Smelt smør og brunt sukker
og avkjøl noko. Smørblandinga vert mørkt og karamellaktig. Vend inn 
det tørre i eggedosisen og ha så oppi smøretblandinga. Vend forsiktig til alt
er godt blanda. Ha så oppi bjørnebær og bland forsiktig. Jo fleire
bjørnebær, jo fleire muffins og jo saftigare men flatare muffins.
Ha oppi muffinsformer og steik på 225 grader i ca 13-14 minutt
til dei er gyldne på toppen. Muffinsane kan ein pynte opp
med til ein god oste- eller smørkrem, men eg syns
dei smaker faktisk best som dei er, avkjølte, attåt eit godt glas mjølk!


søndag, oktober 05, 2014

Finaste sundag






Desse haustdagane kan vere både tunge 
og mørke, men også berre så fine.
På ein sundag er det luksus med sol.
Med hengekøye og eit godt pledd,
kaffikoppar og godt lesestoff så kan lite anna
slå dette godet. Så lite skal til for å fylle
ein kropp med ny energi til ei ny veke. Og for
å kjenne på ei lita lukke i livet, for at ein faktisk
kan gjere akkurat dette og ha det godt med seg sjølv.
Nyt sola når ho er innom! 

lørdag, oktober 04, 2014

Haustens loppis


Gamle fine tresleiver, store glass med innskore mønster, eit sylteglas,
to nydelege tefat og eit djupt fat i mild mintfarge frå Figgjo flint.


Eit sjarmerande serveringsforkle med enkle broderi.


Ein variant av OL-genseren frå 1994 mon tru? Denne kjem til
å bli ei pute og muleg noko anna også. 


Bra loppmarknad på Fitjar! Då det svært sjeldan er loppemarknad
å spore opp i min heimkommune så køyrer me gjerne nokre mil for
å få med oss dei andre stader. Og eg gler meg no til å servere med
mitt nye fat! 

fredag, oktober 03, 2014

Teppe med blom



Heklateppet med hamp og ull har vore ferdig ei lita stund, men det
tek jo alltid litt tid å få gjort det kjedelege. Men no er antiskli-underlag
festa under og spontant så valte eg å feste ein liten hekladuk på midten. 
Den er festa enkelt og kan lett takast av om eg endrar meining, men
per i dag diggar eg teppet med blom på midten! Heimalaga og gjenbruk,
billeg og kjekt og personleg å ha i heimen!

Sylting av grønt

Tid å hausta inn, og nytta det ein kan.

For tida går det mykje i innhausting og matinnlegg
på bloggen. Eg prøver å følgje med årstidene
og å sjå naturen endre seg, og det kan speglast i
at eg prøver å nytte det som eg finn i ute
og i det som eg har dyrka. 
Det er ein fin måte å kjenne på livets gong og
å sleppe taket på stress og styr.

Siste rest av tomater er teke inn og tomatplantene er 
renska opp frå jorda. Sist vart det tomatsyltetøy,
denne gongen vart det sylta tomater. Noko eg
heller ikkje har prøvd før og det er jo ekstra gøy!

Sylta grøne tomater

1 kg grøne tomater, gjerne små
5 dl vatn
5 dl eddik (heilt vanleg)
500 g sukker
1 ts salt
Valfri krydderblanding

Skyl tomatene og prikk dei lett med ein gaffel. Kok opp vatn, eddik
og sukker/salt og ha oppi krydder. Eg valte å ha oppi fire fedd med
kvitlauk som eg også hadde prikka med gaffel. Eg hadde også oppi
ei spiseskei heil pepar og ei spiseskei korianderfrø og to små tørka chili. 
Når væska koker ha oppi tomatene og la dei koke ca 10 minutt til 
dei er lett møre. Ha dei oppi sterile glas og fyll deretter opp med
laken. Set på lok, snu dei opp ned og la dei stå
til avkjøling. 
Skal vere godt attåt kjøtmiddagen! 


torsdag, oktober 02, 2014

Grønkål i vinden



Grønkål er visst veldig i vinden for tida. Den vert kalla ein supergrønsak, 
sprekkfull av alt godt av næringstoff. Eg sådde nokre frø i vår
og har plukka inn litt av den jevnleg til å ha i salatar i lag med
ruccolaen. Den har no vakse seg som ein svær busk
i den eine plantekassen ute. Heldigvis så varer den lenge og eg kan plukke
inn godt utover haust og vinter forhåpentligvis.

Smaken på grønkålen er ikkje den beste i rå tilstand 
og dei fleste vil gjerne behandle den som spinat til dømes. 
Eg prøvde den like godt i ei pestoblanding i staden for
basilikum. Det vart knallgodt, både som dip, på brødskiva,
og varmt surra inn i god pasta. Pesto treng ikkje lagast
etter standardoppskrift, difor kan ein variere med det ein har i 
heimen.

Grøn og sunn og god pesto

2 store/4 små blad grønnkål
ein god neve mandlar
3 soltørka tomater i olje (gir god smak!)
ca 50 g parmesan
1-2ss graskarkjernefrø (kan sløyfast)
1-2 ss solsikkekjerner (kan sløyfast)
ca 1 dl god olivenolje
godt salt/pepar

Del blada røft opp i bitar. 
Kjør alt saman i ein foodprosessor eller i ein stavmiksar.
Ha gjerne i meir olje om pesoen vert veldig tørr. Du kan gjerne
også ha litt av olja frå tomatene i pestoen for ekstra smak.