søndag, oktober 19, 2014

EKTE mat



Under griseslakta var planen å samle inn alt blod, noko
som ikkje gjekk an i kombinasjon med at dei skulle vere heilt
avslappa då dei vart skotne. Eg fekk samla ein liten slant som 
eg ga vekk til ei fin kollega av meg. Og overraskinga var
stor då ho kom med ein flott blodpølsebit til meg i veka. I 
tillegg til blod vart røra spedd ut med forskjellig anna. 
Mi erfaring med blodpølser er desse kjøpte frå Gilde trur eg,
ikkje noko spesielt å skryte av. Men dette var andre saker!
Skikkeleg bondekost med kokte poteter, ekte blodpølser varma
i steikepanna, smelta smør og ekte sirup attåt. 
Slå den! 

2 kommentarer:

  1. Jeg har ikke spist slikt siden jeg var liten. I min familie ble det aldri servert for det var bare jeg som likte blodmat. Heldigvis ble jeg jevnlig invitert til naboen på middag for det var noe av det beste jeg visste. Lurer på om jeg liker det fortsatt? :-)
    Camilla i Harstad

    SvarSlett
  2. Ja, trur ikkje det er mange som et blodpølser jevnleg. Kanskje når Spar har 10-kronersmarked, då vankar det alltid blodpølse og finke/lungemos til 10kr. Men blodpølser høyrer nok meir heime i sesong, dvs til slaktinga. Blodpølser og blodpannekaker, det siste har eg ikkje smakt. Eg slår eit slag for at det vert meir vanleg med heimeslakt, kortreist mat, tradisjon og gode matopplevingar! :-)

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!