søndag, oktober 12, 2014

Fargeknæsj







Oransj og rosa, knæsj kombinasjon. Siste fargeplett frå
mitt kjekke hus. Kontoret får desse energirike fargane.
Gamle trestolar malt i oransj bengalakk. Slitte stolputer får
nytt liv og ny energi frå knallrosa strikketrekk, enkel
rillestrikk og som festast direkte rundt puta. 
Oransjelampen på veggen kjem til sin rett, og 
tavla på veggen er egentleg ei beskyttelsessponplate
som var under oppvaskmaskinen då eg fekk den i hus. Den 
fekk ei ramme av washitape og så var den klar til bruk.
Den gule hekladuken frå Solgryloppis i vår er blitt festa
i ei rund broderiramme og har fått rosa tråd rundt seg. 
Glade fargar i mørketida! 

2 kommentarer:

  1. Deilig med litt farger. Og for en god ide med den gamle hekla brikken. Kan jo faktisk bli noen fine oppslagstavler av de jeg har her i huset. Har nettopp arvet en haug til da jeg syntes det var for galt at de min oldemor har laget skulle havne på bruktbutikken.
    Hilsen fra Camilla i Harstad

    SvarSlett
  2. Så heldig du er då! Hekladukar er jo så fine og kan brukast på mange forskjellige måtar. Eg har samla meg ein del og avstiva dei med sukkerlake. Dei heng eg på rekke og rad i eit vindauge til jul og det gir så flotte lysrefleksjonar i stova!

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!