lørdag, oktober 11, 2014

Haustleg kjærleik


Dette bilete la eg faktisk ut i fjor, for nesten nøyaktig eit år sidan.
Men eg er så glad i det, og ser på det faktisk kvar dag for tida.

For meg er dette den reine hausten, i fargar og lys. Dette er garden med sine 
tre og sine grastustar, og sine sauge som høyrer heime på bakkane her. 

Dette er fjorårets favorittsaug, 69-saugen, som var ein liten luring. 
Og nabosaugen, ein herremann, som egentleg ikkje burde vandra ute på 
nabogarden slik. Det starta med stjålne blikk, og enda med ein flørt og
nokre altfor tidleg fødte lamb vinteren etter. 
Det er så kjekt å ta bilete, ta vare på dei og ta dei fram att, finne historia att. 

2 kommentarer:

  1. Så fine sauene var og tenk at de fikk lov å ha seg en ordentlig flørt med påfølgende følger da.
    Et kjempefint bilde. Skjønner godt at du ser på det hver dag. Nydelig var det.
    Klem fra Marit

    SvarSlett
  2. Ja, det vart ekte kjærleikslamb ut av dette, for slikt er jo til vanleg så organisert og ordna om dagen. Og herremannen vart teke av dage kort tid etterpå.
    Takkar Marit, og god helg til deg!

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!