søndag, oktober 26, 2014

Potetkaker for nybyrjarar

Ferske potetkaker med smør og sukker, fins det noko betre enn det?

For heile to år sidan hadde eg eit blogginnlegg om potetkaker frå Fitjar.
Og skrøyt på meg at eg hadde oppskrifta. For den var ikkje noko hemmeligheit,
det var berre å lage deig av poteter og fløyte og så bake det ut til kaker
med mjøl. Dei om det, for nybyrjarar er dette ikkje det enklaste. Utan mjøl
i deigen får du dei beste kakene, men det er også veldig vanskeleg å bake ut.
 Så her kjem mi oppskrift, til ca 12-15 kaker, alt etter storleik.


Ein nybyrjars potetkaker

Om lag 1 kilo poteter
3 ts salt
ca 3 dl fløyte eller fløyte/mjølk-blanding
2 dl kveitemjøl
kveitemjøl til utbaking

Bruk gamle poteter, det vil seie poteter du gjerne har hatt
liggande ei stund. Kok dei med skalet på, la dei kjøle ned og 
skrell dei. Kjør dei gjennom ei kjøtkvern. Det er ikkje noko triks
å til dømes bruke stavmiksar eller stampar i staden for, det vil ende
opp med enten klumpete deig eller lim.
Bland potetdeig med mjøl, salt og væske. 


Til utbaking så kan det vere lurt å bake ut på eit bakeklede om ein har
det. Om ikkje så ha godt med mjøl på bordet. Eg fekk best resultat 
med ei kjevle med kjevlestrømpe på, for deigen kladdar seg veldig
lett til både bord og kjevle. Ta ein potetstor klump med deig og bland litt mjøl
i deigen og elt den lett før du kjevlar den ut. 


Vær forsiktig når du fraktar den utkjevla kaka til steikepanna eller
steiketakka. Du kan nytte steikespade om du vil. Eg nyttar ein
gammal bakepinne som følgte med huset her, den rullar eg kaka
over og så rullar eg den forsikig over i steikepanna. 


Ein bakekost til å koste vekk mjøl undervegs kan vere lurt. Denne
har eg kjøpt på ein husflidsmarknad. Om du ikkje kostar vekk
mjølet brenn det seg og set både smak og farge til kakene.
Steik kakene til dei er lett gyldne på begge sider og avkjøl på eit klede. 

Kakene vart veldig gode på smak, saftige og ikkje tørre. 
Dei vart ikkje runde og fine, men noko må ein no ha å jobbe imot.
Uansett, formen har ikkje noko med smaken å gjere.

Dette innlegget er dedikert til ein lesar i Italia som for ei god stund sidan 
ønska seg eit innlegg om potetkaker, håpar ho er innom bloggen og kikkar enda!

4 kommentarer:

  1. Å så godt. Husker min oldemor bakte potetlomper. Det er bare megagodt.
    Burde egentlig ha prøvd å lage det sjøl. Kanskje dette kan få meg til å prøve,
    fint å bli minnet på ting. God søndagskveld til deg.

    SvarSlett
  2. Bestemor laga det også, men eg var for liten til å gå i lære hos ho då ho levde her. Eg har ein plan om å lage potetkaker vidare i alle fall, og kanskje vert dei runde og fine etterkvart - øving gjer meister! Dei var i alle fall knallgode og slår kjøpelomper laaangt ned i støvlane :-) God søndagskveld til deg også!

    SvarSlett
  3. Hei, koseleg og fin blogg du har!! Takk for fin oppskrift, eg har tenkt å prøve å lage potetkaker til jul i år så dette var midt i blinken :D Eg har ikkje laga potetkaker sjølv tidlegare, men eg hugsar at mor mi stakk ut runde og fine kaker før ho steikte dei, omtrent som når ein lagar peparkaker, ho brukte eit gammalt lok i høveleg storleik. Ikkje så lett å få dei runde utan vidare :D

    SvarSlett
  4. Ja, det var kanskje ikkje så dumt! Det får eg prøve neste gong! Masse lukka til med potetkakebaksten til jul! :-)

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!