fredag, oktober 03, 2014

Sylting av grønt

Tid å hausta inn, og nytta det ein kan.

For tida går det mykje i innhausting og matinnlegg
på bloggen. Eg prøver å følgje med årstidene
og å sjå naturen endre seg, og det kan speglast i
at eg prøver å nytte det som eg finn i ute
og i det som eg har dyrka. 
Det er ein fin måte å kjenne på livets gong og
å sleppe taket på stress og styr.

Siste rest av tomater er teke inn og tomatplantene er 
renska opp frå jorda. Sist vart det tomatsyltetøy,
denne gongen vart det sylta tomater. Noko eg
heller ikkje har prøvd før og det er jo ekstra gøy!

Sylta grøne tomater

1 kg grøne tomater, gjerne små
5 dl vatn
5 dl eddik (heilt vanleg)
500 g sukker
1 ts salt
Valfri krydderblanding

Skyl tomatene og prikk dei lett med ein gaffel. Kok opp vatn, eddik
og sukker/salt og ha oppi krydder. Eg valte å ha oppi fire fedd med
kvitlauk som eg også hadde prikka med gaffel. Eg hadde også oppi
ei spiseskei heil pepar og ei spiseskei korianderfrø og to små tørka chili. 
Når væska koker ha oppi tomatene og la dei koke ca 10 minutt til 
dei er lett møre. Ha dei oppi sterile glas og fyll deretter opp med
laken. Set på lok, snu dei opp ned og la dei stå
til avkjøling. 
Skal vere godt attåt kjøtmiddagen! 


3 kommentarer:

  1. Tomater er deilig og særlig rett fra buska. Heldige du, for jeg får dem aldri til.
    Camilla i Harstad

    SvarSlett
  2. Har du drivhus? Her har det jo vore uvanleg varmt og fint, så det har kome uvanleg mykje tomater i steinbedet framfor husmuren. Skal jammen prøve det til neste år også, men draumen er eit skikkeleg drivhus. Trikset er nok å gi dei nok vatn og øko-gjødsel, plukke av snikgreiner og at dei får mykje sol og varme (drivhus trengs nok til det). Eg har nytta frø frå gode cherrytomater som eg får kjøpt på torget på Stord.

    SvarSlett
  3. Drivhus står på ønskelista, men med 400 kvm tomt er jeg veldig usikker på hvor jeg kan plassere det. Må jo stå langt unna takras også. Men jeg har fått tak i en del vinduer i år så neste år kanskje...
    Har prøvd vinduskarmen i flere omganger, men jeg klarer jo ikke fø opp plantene en gang. Skal prøve å bytte til meg et par planter neste gang jeg prøver.
    Camilla

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!