søndag, november 30, 2014

Adventssundag


Grøne bakkar ute, ikkje noko kvite snøflak eller frosne dammar.
Eg tenner lys og kikkar ut på fjorden, der går ferja sigande over. 
Så om bakkane ikkje er kvite så er det no litt fint allikevel i 
lysstunda. Så får me sjå kva desember vil by på i år. 

torsdag, november 27, 2014

Snekkerglede





Hønsehuset per i dag. 
Stor forandring, nytt møter gammalt treverk. 
Realt arbeid å rive og måle opp og slå inn alle
desse spikrane. Mykje var rote og måtte ut, men 
oss to snekkerglade gjekk livleg til verks og etter 
to dagar kunne me til slutt byrje med bordkledninga.
Og til tross for veldig trøtte armar så vakna eg til,
for dette må jo nesten vere snekkerens magi, å sjå 
veggen forandre seg planke etter planke. Rein og fin 
og vakker. Skikkeleg kjekt! Det vert nok fleire 
veggar på huset som må tas etterkvart også, 
men då veit eg kva som skal gjerast
og om lag kor lang tid det vil ta.
Og så veit eg kor bra det kan bli! 

Etande gåver


Eg har i mange år likt å lage julepresangar. Det har vore alt i frå
sjokoladar, strikka sokkar og huer, almanakkar og mykje anna. 
Det er ikkje kvar haust eg føler overskotet er på plass, men lysta
er som regel der. Eg set også stor pris på å få heimalaga presangar.
I dag har me jo som regel også alt me treng. Så eg tenkte å føreslå
eit tips på etande julegåve som dei fleste kan like:

Heimalaga varm sjokoladepulver

Du treng:
400 g sjokolade
1 dl brunt sukker
1 dl kakao
0,5 ts maldonsalt

Ein stavmiksar som kan knuse sjokolade, eller ein food prosessor.

Type sjokolade er valfritt, frå søt mjølkesjokolade til enda søtare stratos
eller litt mørkare sjokolade for den som likar det. Eg nytta Dronningsjokolade til min.
Legg fyrst sjokoladen kaldt ei stund slik at det er lettare å knuse den.
Brekk opp sjokoladen i bitar og tilsett sukker, kakao og salt. Kjør til alt er knust, det
gjer ingenting om det er nokre mindre bitar. Hell oppi glas, set ein fin merkelapp på
og vips så har du ein smakfull presang til vintersesongen!
Om du vil prøve ut nye smakar så kan du tilsette litt tørka chili, ei ekte kanel-
stang eller kanelpulver, litt anis, kardemomme eller lakrispulver. 

For å lage den varme sjokoladen så varmar du opp mjølk og tilsett ca 2,5 - 3 ss pulver
til ein kopp (2 dl) mjølk.

Eit kjekt blad attåt kan anbefales! 


onsdag, november 19, 2014

Hønsehuset



Hus varer ikkje evig og hønsehus varer ikkje evig. 
Hønsehuset, som muleg har hatt sin bordkledning
sidan det vart bygd, byrjar å rope på hjelp. Det er nok
også mange år sidan treverket fekk pleie, som mest sannsynleg
var tjære. Så til tross for dei sjarmerande gråtonane huset
er i så skal den eine veggen rivast og få ny bordkledning.
Ny epoke i mitt hobbysnekkerarbeid, men eg skal heldigvis
få hjelp av ein fin kamerat. Hønsa bur heldigvis i den andre
enden og der driv ikkje borda og rotnar. 

O du deilige pancetta

Det å slakte eigen gris ga meg mulegheit til å prøve meg på mykje forskjellig. Framleis
er eg ikkje ferdig med mi grisereise, om eg kan kalle det det. Tradisjonelt røykt bacon
er jo laga og har gitt mange gode pannekakemiddagar blant anna. Og sidan eg hadde
teke vare på to grisekjaker så hadde eg lyst til å prøve å lage italiensk bacon, det som
heiter pancetta (uttalt pankjetta). Og pancetta av grisekjaker heiter guanciale har eg sett.

 Det eg gjorde var å gni kjakene inn med ei blanding av
grovt salt, litt sukker, kvitlauk i bitar, heil pepar og heile einebær. Eg pakka dei inn i plast og
lot dei ligge i kjøleskapet i ei veke. Pakken med kjakane snudde eg jevnleg. Så skrapa eg av
det meste av krydder og lot kjakene henge på kammerset i 5 veker. Muleg litt lenge, men
dei både såg bra ut og lukta godt. Italiensk bacon skal nemleg ikkje røykast.
Litt skummelt var det, med mitt første spekeprosjekt, men etter ein liten prat med ein
italienar så vart eg trygg på at dette skulle gå bra. 

Så var det berre å skjære den opp og pakke dei i porsjonspakkar med vakuumering. 
Og så prøve ei lita smakebit i steikepanna. Og overraskinga var stor, for dette var knallgodt!
Heimelaga pancetta slår bacon ned i støvlane. Pancettaen smakte krydra og eg kjente 
kvitlauks-smaken men den var ikkje dominerande. Pancetta vert i Italia brukt i til dømes
spaghetti carbonara og bucatini all amatriciana.

Om du er lysten på å prøve ut dette sjølv så kan du godt lage det av tynnribbe til dømes. 
Her er ei oppskrift på akkurat det, men det er du som bestemmer kva krydder du vil ha, så 
du treng ikkje å følge oppskrifta slavisk! 


tirsdag, november 18, 2014

Årets sjokolade


Som kjent så er eg ein sjokolademakar, eller ein konfektmakar rettare
sagt. På hobbyvis. Ikkje heile året, men når det nærmar seg jul set 
sjokoladesmeltinga i gong. Kvart år er det ei lyst til å prøve nye smakar
og kanskje nye utfordringar. 
Fylt konfekt er skikkeleg kjekt å lage, og årets smak vart kokos, 
eller ein slags variant av sjokoladen Bounty. Mild og god mørk sjokolade
på utsida og passeleg søt kvit sjokoladeganasje med kokos i som smeltar
på tunga. 

Fylt kokoskonfekt

ca 200 g mørk sjokolade, gjerne min 60% kakao
100 g kvit sjokolade 
rett under 1 dl kremfløyte
1ss smør
0,5 dl tørka kokos

Fylt konfekt og sjokoladar kan lagast på to forskjellige måtar. Du kan smelte
sjokolade som vanleg og må då oppbevare sjokoladen i kjøleskapet slik
at den ikkje smeltar. Om du vil prøve noko meir avansert, så kan du temperere
sjokoladen, noko eg har skrive om tidlegare her. Då kan den oppbevarast i rom-
temperatur utan at den smeltar, og sjokolade skal jo faktisk ikkje ligge kaldt. 

Du lager sjokoladeganasje først ved å varme opp fløyte og å helle den over 
kvit sjokolade i bitar. La fløyten varme opp sjokoladen ei lita stund før
du blandar den smelta sjokoladen og fløyten saman. Rør så inn smøret med ein 
visp. Til slutt har du oppi kokosmassen og lar så dette sette seg i kjøleskapet,
gjerne nokre timar eller natta over. 

Smelt så sjokoladen og tempererer den gjerne. Fyll opp konfektforma og
snu den opp ned slik at overflødig sjokolade renn ut av forma att. Sjå til at
alle veggar i konfektfigurane er dekka av sjokolade. Slå gjerne forma to gongar
i bordet slik at du får ut eventuelle bobler. Legg så forma i frysen
i nokre minuttar til den har stivna. Ta ut av frysar og fyll på med sjokolade-
ganasjen til den dekker 3/4 av formene. Fyll så opp med smelta sjokolade 
(men om du tempererer så må du no gjere dette på ny før du fyller på).
Avkjøl slik at dei stivnar før du forsiktig bryt dei ut av formene. Det er lurt
å oppbevare dei i ein lufttett boks fram til dei skal gis vekk, eventuelt
oppå ei hylle høgt oppe om du skal behalde dei sjølv. Det er farleg godt
med sjølvlaga konfekt!



søndag, november 16, 2014

Matinspirasjon

Det har vore lite nytt på bloggen i det siste. Eg held no 
på med småprosjekt, men noko er jo gjerne av julekarakter
og får vere hemmeleg. Og så har eg nett hatt meg ein tur 
bort på austlandet. Først litt kursing og så litt kjekke besøk og 
så litt trasking. Laurdagens trasking tok oss til St.hanshaugen
i overskya haustvèr. Der dukka den eine kjekke butikken opp
etter den andre. Og då tenker eg ikkje på fancy klesbutikkar,
men matbutikkar! Butikken Gutta på haugen, ein butikk med
opningstid alle dagar "fra morra til kvelds", var eit lite eventyr 
for meg. Eg vart som eit lite barn som kikka og koste meg. 
Dei har alt frå fersk frukt og grønt, spekemat og ostar - både 
kortreist og langreist, gode sjokoladar, kortreist kjøt i alle
variantar. Akk... Eg endte opp med ekte italiensk pasta, svensk
chips laga av rotgrønsaker og ikkje minst røykt paprika, La chinata 
Piementon ahumada, son vert brukt i chorizopølser og som eg har 
prøvd å få tak i utan hell. På nabobutikken var det også mykje 
å sjå på, hos Pascal sjølv. Det vart nokre konfektbitar og fantastisk
gode makroner. Og på ein siste butikk fann eg også Ølandshvete,
som eg heller ikkje har fått tak i før. Ein gammal kornsort som 
eg gler meg til å bake med! Og så var det tilbake til bygdelivet,
med litt av byluksusar i bagasjen. 


Matskattar, små gleder. 


Deilig lunsj med ølandshveterundstykke med spekeskinke 
og ekte bykaffi attåt. 

søndag, november 09, 2014

Innepynting




Eg har byrja å pynte litt, utan at jul er inne i bilete, men det 
er jo innetid. Og ein av mine favorittar, sviblar, er no å finne
på hagesenteret. Frodig og fine blomepotter lagar ein enkelt
ved å fylle syltetøyglas/noregsglas med fuktig mose, fine grøne blad
og set så sviblane oppi. Ei mjølskuffe, eit litermål eller ei glasskål er også
perfekt for ei annaleis blomsterpotte. Fyll gjerne botnen med steinar og/eller
skjel. Legg så fuktig mose oppi, du kan finne forskjellige typar og i forskjellige
grønfargar på skogsturen din. Ha så oppi planter og/eller blomar og pynt 
gjerne med ein liten fugl eller eit anna snodig vesen. 

Fuglamat



På tide å tenke på dei små fuglane der ute. Eg har laga haustens
fyrste porsjon med godsaker. Fylte små loppiskoppar som kan hengast
opp på greiner eller frå fuglebrettet. Og kakeform som gir fuglane
den lekraste formkaka dei har sett. Oppskrifta er enkel; 
smelt to blokker Delfiafett, ha oppi solsikkefrø, heilkorn kveite,
hasselnøtter og rive kokos. Pynt gjerne med litt gode havregryn
 og linfrø. Server attåt haustkulde og nattefrost! 

torsdag, november 06, 2014

Årets kyllingar




Etter ein del strev fekk eg fram tre kyllingar i år. Hønsehauken
tok den eine, hanekyllingen, for ei stund sidan. To 
unge hønedamer vart att og har no blitt tre månader gamle. Eg har
blitt ekstra glad i desse, for dei er så flotte i fjærdrakten sin. 
Og dei kjem til å bli store. Dei kjem nok ikkje til å servere meg
egg før til våren ein gong eller kanskje tidlegare om dei får ha det lyst
og varmt nok på kalde vinteren.  Eg ser allereie fram til å avle enda
fleire kyllingar frå giganthanen Knut. Kanskje har eg byrja å bli
litt hønsenerdete, men nokon må vel bli det også? 

lørdag, november 01, 2014

Forvirra


I dag tidleg låg temperaturen på 18,7 grader på Hjelmeland i Ryfylke. Den 
første dagen i november. I hagen min dukka denne opp, ein skjør liten
kusommar som trur at våren har kome. Som regel vert eg strålande glad
av å sjå kusommar, men ein regnfull haustdag skal den absolutt ikkje dukke opp.
Eg får håpe det vert eit eingongstilfelle! 
Eg har lagt strak ut ei heil veke og det er vel eit godt teikn på at me trer inn i den
kalde årstida. Så noko er framleis som det skal vere!