torsdag, november 06, 2014

Årets kyllingar




Etter ein del strev fekk eg fram tre kyllingar i år. Hønsehauken
tok den eine, hanekyllingen, for ei stund sidan. To 
unge hønedamer vart att og har no blitt tre månader gamle. Eg har
blitt ekstra glad i desse, for dei er så flotte i fjærdrakten sin. 
Og dei kjem til å bli store. Dei kjem nok ikkje til å servere meg
egg før til våren ein gong eller kanskje tidlegare om dei får ha det lyst
og varmt nok på kalde vinteren.  Eg ser allereie fram til å avle enda
fleire kyllingar frå giganthanen Knut. Kanskje har eg byrja å bli
litt hønsenerdete, men nokon må vel bli det også? 

3 kommentarer:

  1. Jeg er også veldig glad i hønene vi har. De er blitt så gamle at de ikke legger egg, men siden den ene er min første kylling får de bli likevel. Hun eldste er ni år gammel. Prøvde meg med et kull kyllinger i rugemaskinen i våres, men det ble ingenting. Akkurat som forrige gang. Tror jeg kjøper egg en annen plass til våren. Fine damekyllinger. Ser ut som om det er "plymrock" i dem.
    Camilla i Harstad

    SvarSlett
  2. Ni år gammal høne du, jøye meg. Og ho har haldt seg frisk og rask til no? Eg har nokre høner som er ganske gjerrige med egga, men dei er jo ein del av gjengen så er kjekt å ha dei der:-) Kanskje du må ha deg ein ny hane for å få fram egg til neste vår? Hanen min er plymoth rock ja, usikkert om han er reinrasa og kyllingane vert uansett ikkje det. Men dei er utruleg flotte! Og eg forventar nokre kjempeegg i starten når dei byrjar å verpe:-)

    SvarSlett
  3. Den andre høna er syv år og begge har vært friske og raske hele tiden. Har ei venninne med ny hønseflokk. Skal få egg fra henne til rugemaskinen min til påske. Prøver igjen... :-)

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!