tirsdag, november 18, 2014

Årets sjokolade


Som kjent så er eg ein sjokolademakar, eller ein konfektmakar rettare
sagt. På hobbyvis. Ikkje heile året, men når det nærmar seg jul set 
sjokoladesmeltinga i gong. Kvart år er det ei lyst til å prøve nye smakar
og kanskje nye utfordringar. 
Fylt konfekt er skikkeleg kjekt å lage, og årets smak vart kokos, 
eller ein slags variant av sjokoladen Bounty. Mild og god mørk sjokolade
på utsida og passeleg søt kvit sjokoladeganasje med kokos i som smeltar
på tunga. 

Fylt kokoskonfekt

ca 200 g mørk sjokolade, gjerne min 60% kakao
100 g kvit sjokolade 
rett under 1 dl kremfløyte
1ss smør
0,5 dl tørka kokos

Fylt konfekt og sjokoladar kan lagast på to forskjellige måtar. Du kan smelte
sjokolade som vanleg og må då oppbevare sjokoladen i kjøleskapet slik
at den ikkje smeltar. Om du vil prøve noko meir avansert, så kan du temperere
sjokoladen, noko eg har skrive om tidlegare her. Då kan den oppbevarast i rom-
temperatur utan at den smeltar, og sjokolade skal jo faktisk ikkje ligge kaldt. 

Du lager sjokoladeganasje først ved å varme opp fløyte og å helle den over 
kvit sjokolade i bitar. La fløyten varme opp sjokoladen ei lita stund før
du blandar den smelta sjokoladen og fløyten saman. Rør så inn smøret med ein 
visp. Til slutt har du oppi kokosmassen og lar så dette sette seg i kjøleskapet,
gjerne nokre timar eller natta over. 

Smelt så sjokoladen og tempererer den gjerne. Fyll opp konfektforma og
snu den opp ned slik at overflødig sjokolade renn ut av forma att. Sjå til at
alle veggar i konfektfigurane er dekka av sjokolade. Slå gjerne forma to gongar
i bordet slik at du får ut eventuelle bobler. Legg så forma i frysen
i nokre minuttar til den har stivna. Ta ut av frysar og fyll på med sjokolade-
ganasjen til den dekker 3/4 av formene. Fyll så opp med smelta sjokolade 
(men om du tempererer så må du no gjere dette på ny før du fyller på).
Avkjøl slik at dei stivnar før du forsiktig bryt dei ut av formene. Det er lurt
å oppbevare dei i ein lufttett boks fram til dei skal gis vekk, eventuelt
oppå ei hylle høgt oppe om du skal behalde dei sjølv. Det er farleg godt
med sjølvlaga konfekt!



3 kommentarer:

  1. Fy søren så flink du er. Og så morsomt at du deler kunnskapen med oss som overhodet ikke har
    tenkt tanken en gang om å prøve. Men med din gode forklaring kan jeg kanskje prøve, har nemlig noen sjokoladeformer liggende. Kan man bruke silikonformer også? Sånne isbitformer får man jo i så mange forskjellige former og fasonger... Dette så både godt og ikke så vanskelig ut som jeg har trodd.
    Forkjøla hilsen fra Marit

    SvarSlett
  2. Så kjekt å høyre! Nei, det er ikkje så vanskeleg som du skulle tru. Men det krever litt tålmod, særleg om du tempererer. Eg bruker silikonformer ja, hjarteforma er faktisk ei såpeform eg fann på panduro for nokre år sidan. Andre former har eg kjøpt på nett. Lukka til og god betring, alle er sjuke for tida!

    SvarSlett
  3. Hei!

    Bloggen din har fanget vår oppmerksomhet på grunn av kvaliteten av oppskriftene. Vi ville bli glade hvis du ønsker å bli med i myTaste.no, slik at vi kunne koble til den.

    myTaste er en søkemotor som samler de beste norske matlaging nettsteder og blogger fra Internett.

    Flere hundre blogger er allerede registrert her og dra nytte av den trafikken vi sender til sine blogger og nettsteder.

    For å bli med myTaste.no, bare gå til http://www.mytaste.com/add-your-food-blog

    Legg vår Widget og bloggen din vil bli vist på vår topp liste!

    Ha en fin dag!

    Vennlig hilsen,
    Elin
    myTaste.no

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!