lørdag, desember 06, 2014

Desemberbilete






Desse desemberdagane. Dei går så fort.
Og mørket kjem så raskt. Så godt det då er
å kunne nyte ein fridag ute, i deilig sol.
Frå sein soloppgong over Borgundøy
til fint solskin utover tunet. 
Hønsa set seg i solveggen og veit å nyte
det dei også. Småfuglane kosar seg på koldtbordet
på fuglebrettet. Og eg kosar meg med kameraet 
i den fine stemninga som kjem. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!