søndag, desember 07, 2014

Gjenbruk av ull -EIN-












Eg har tidlegare skrive om genserputer der eg enkelt gjer om 
gamle strikkagenserar til flotte og varme puter. Det har blitt nokre
av desse og eg brukar dei året rundt. Men puter er ikkje alt ein kan
lage av strikka ull. Eg laga ei pute i år som vart til ei gevinst i ei
utlodning, men ermane låg att heime. Dei passa perfekt til å lage
blant anna vottar av så det måtte jo prøvast ut. Og når ulla er 
tova så er det enkelt og trygt å både klyppe og sy i den. 
Herlege vottar som passar perfekt til mine hender. 
Andre ting ein kan lage av strikka ull kjem ein anna gong! 

2 kommentarer:

  1. Det der var et supert gjenbrukstips. På denne måten kan selv jeg lage meg
    ullvotter. Herlige desemberbilder du viste i forrige innlegg også. Her var det hvitt ute,
    men i løpet av natten har det blitt varmegrader så det er snart grønt igjen nå.
    God søndag til deg.
    Klem fra Marit

    SvarSlett
  2. Jau, dette er ikkje dumt...alle har som regel noko gammal ull liggande, enten ein strikkagenser, ein kjøpestrikkagenser, ein lammeullsgenser osv. Det kan brukast til andre ting, vottar, sokkar, tøflar, putetrekk, stolputer osv....:-)

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!