søndag, desember 14, 2014

Husskattar -FIRE-

I fjor hadde eg nokre innlegg med husskattar, ting eg har funne i 
huset og som eg set stor pris på og vil nytte vidare. 
Oppe på lemen har eg enda
ikkje heilt kontroll på kva som er der, det er framleis eit roterom
med restar etter bestemor og bestefar. Så hin dagen kom eg over ein 
pose som eg ikkje hadde kikka oppi før. Der tok eg ut nokre røyr og
ein trebit og eg lurte fælt på kva dette kunne vere. Heilt til eg sette
det saman og såg det var jammen meg former til støyping av kronelys.
Eg måtte høyre med ei tante om dette var noko bestemor nytta, men
det hadde ho aldri sett. Så det går nok lengre tilbake i tid og det er enda
kjekkare å tenke på. Så ei ledig stund skal eg prøve meg på desse formene
eg også, utfordringa er helst å få smøyre formene innvendig slik at ikkje
lysa vil sitte bom fast.



2 kommentarer:

  1. Så kult et funn du har gjort på loftet. Tror lysene vil slippe om du dypper forma i glovarmt vann et lite øyeblikk. Men jeg veit ikke altså, for jeg har bare dyppet lys. Men formene du har er jo mye kulere da. Håper du prøver dem en gang.
    Klem fra Marit

    SvarSlett
  2. Ja, sant? Eg som trudde eg hadde passeleg kontroll på kva som er igjen der, men tydelegvis ikkje! Så kanskje det dukkar opp meir kjekke ting! Det å dyppe dei i varmt vatn kan vere eit triks ja. Tanta mi snakka om at ho trudde det vart brukt dyrefeitt før i tida. Så får sjå kva det vert til! Har kjøpt inn veker! :-)

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!