søndag, desember 21, 2014

Juletre i hus



Eg bur åleine og har enda ikkje fått laga mine eigne faste tradisjonar.
Eg nyt å kunne prøve meg fram, få nye idear og sjå tilbake etterpå
korleis det vart. I år har eg funne meg eit lite og herleg juletre på stølen.
Eg klarte ikkje dy meg og tok det med inn i dag. Pynten er enkel og heimalaga,
og tida vil vise om det kjem noko meir pynt, kanskje nokre gamle lys,
det vert uansett ikkje noko mykje. 
Bestemor hadde alltid eit lite og enkelt juletre, som stod oppe på ein kommode i stova.
Og det kjennes rett ut for meg også å ha eit lite eitt.


Sist helg tørka eg appelsinskiver. Kutta tynt med mandolinjern og tørka
i nokre timar på 50 grader varmluft. Heilt nydeleg som julepynt
med ei svak appelsinlukt. Og passar veldig fint på treet. 


Etter å ha jobba litt med tova ull den siste tida så har eg også
fått nytta små restar som eg har klypt hjarter av. Med hamptau
til løkker og ein rask runde med symaskinen er dette enkel og
herleg pynt.


Når appelsiner kan henge så kan epleskivene mine også få plass.
Tynne og fine med hol i midten. Og kanelstrø på. 

Juletreet står godt forankra saman med nokre vedkubbar, nokre
nellikappelsiner og ei lita mus som voktar det heile. 

God jul til mine lesarar! Eg tek meg litt bloggefri ferie! 

2 kommentarer:

  1. Mi bestemor pleide alltid ha fåra, grana var "freda", koffer vett eg ikkje. Sjøl er eg dessverre allergisk mot bartrær så her er det plast, godt det finst alternativer ;)

    God bloggferie og god jul

    SvarSlett
  2. Akkurat det hugsar eg ikkje, det var muleg det var furu, eller fora som dei kalla det.

    God romjul til deg Elisabeth!

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!