tirsdag, desember 16, 2014

Kor kjem maten din frå?



Over ser du ei steikt kotelett, realt saftig og god, som du
aldri har smakt det før. Det har blitt nokre slike koteletter i haust,
veldig mykje god mat, grunna griseprosjektet mitt. Før var dette kvardagen for
folk flest, etter å ha slakta den kjekke grisen og nytta kvar ein bit til mat 
utover året. Dette er ikkje eit innlegg for å frelse folk til å starte opp med
eigne grisar, men for å minne på kor maten kjem frå og at me
som forbrukarar faktisk har eit val.

Kjøt byrjar å bli urovekkande billeg, berre sjå prisen på
svineribbene rundt om i butikkane om dagen. Billeg kjøt 
gjer at bonden får mindre å rutte med og må gjerne køyre ei 
større og meir økonomisk drift for å kunne få hjula til 
å gå rundt. Med grisen som døme seier det seg nesten sjølv at
for å produsere mest muleg kjøt må ein ale opp flest muleg grisar
på kortast muleg tid. Det er reglar for grisedrift, men samtidig så
treng ikkje dei vere "gode" reglar, grisar flest har 0,8 kvadratmeter
kvar og har naturleg nok ikkje nok område til å springe rundt, vere aktive
og sosiale, slik grisar eigentleg er. Grisar flest får heller ikkje oppleve å
vere ute i frisk luft og grave i jorda. Dette er svineribbene, pølsene,
sommarkotelettene, det billege baconet. 
Det same gjeld for kylling. Me har alle fått med oss veksten av
antibiotikaresistente bakteriar i kyllingkjøt den siste tida. Me veit også 
ganske godt korleis kyllingar vert avla fram, i superfart, som gjer
at skjelett og ledd gjerne ikkje klarer å halde tritt med veksten. Alt
for å produsere raskt og stort, haugevis med kyllingfiletar som
me kjøper i økonomipakningar for å spare nokre kroner. 

Og her kjem frelsinga. Du har eit val! Det fins kjøt produsert på
andre måtar. Økologisk til dømes, som sikrar frittgåande og utegåande
dyr, både i stort og smått. Ikkje berre har dyra hatt det betre, men du 
kan GARANTERT smake forskjellen. Prøv ein filet frå Stangekylling
til dømes, ja, det er dyrare, men veldig godt og ein kan ete med betre
samvit. På enkelte matbutikkar kan du også, om du er heldig, få tak
i god gammaldags høne. Suppe kokt på høne er knallgodt, og ikkje
minst ekte saker! 

Eg er for ei meir bevisst matproduksjon, meir tilgjengeleg økologisk mat,
at me opnar lommeboka meir for dei verkeleg gode kjøtvarene
og sparar heller inn på andre unødvendige ting som har tendens til 
å kjøpe. Eg håpar fleire lesarar av bloggen vil ha dette i bakhovudet 
i året me går inn i! 

Har du lyst til å lære meir om dette; sjå film av Yngve Ekern og les tekst av Solveig Ruud frå Aftenposten her og les artikkel av Marianne Kulø her


Sommaren 2014 på Eskeland. Lukkeleg mat! 

4 kommentarer:

  1. Jeg er helt sikker på at lykkelige dyr smaker bedre. Ingen stress og masse frihet det smakes på kjøttet. Kjenner noen som hadde gris i innhegning en sommer og den smakte GODT:
    Kan oppsummeres enkelt med at en lykkelig gris er en god gris!!!
    Hilsen fra Marit

    SvarSlett
  2. Takk for støtta i mi vesle mataksjon! :-)

    SvarSlett
  3. Kjempefint innlegg som jeg støtter 100%!

    Må bare fortelle deg at bloggen din har vært en av mine favorittblogger dette året. Inspirerende og fin, som jeg ser jeg har vært alt for lite flink til å kommentere. Bedre sent enn aldri :)

    Ønsker deg et strålende 2015!

    SvarSlett
  4. Kjære Tradisjonskost!

    Tusen hjarteleg takk, det vart eg ærleg talt svært glad for å høyre! Det gir meg lyst til å fortsetje akkurat slik eg held på med! :-) Og eit strålande 2015 til deg også!

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!