mandag, desember 01, 2014

Utepynting






Det er så kjekt å kunne pynte opp ute, særleg
i denne mørke og gråe årstida. Eg hadde ei lita
samling oppe på tunet, og fekk ordna det til med gamle
bukkar og plankar som bord og gamle hagemøblar
til stolar. Det eg vart mest nøgd med var lyslenka eg
festa frå huset til garasjen. Eg nytta heilt vanlege syltetøyglas og 
viklestreng/blomestreng til å henge dei opp med. Glasa
fylte eg med sandkakeformer som eg festa med ein liten klatt
lim (lett å fjerne) og hadde telys oppi. Slik vart telysa stabile.
For at dei skulle henge greit og ikkje skli festa eg berre klesklyper
på tauet. Nydeleg og stemningsfull pynt når mørket glir innover. 
Og ikkje minst, så  og sei gratis utepynt! 

2 kommentarer:

  1. Så koselig dette uterommet var. Lysglassene på strengen var superfine.
    Bålgryta likeså. Her kan det koses med varmt drikke og marshmallows på bålet.
    Klem fra Marit

    SvarSlett
  2. Bålgryta er ei gamal jerngryte som nok var i kjellaren. Den er super som bålgryte! Og der vart det marshmallows og pinnebrød ja, koseleg! :-)

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!