lørdag, januar 31, 2015

Uteliv




Laurdagane for tida er via til utearbeid. Så lenge det ikkje stormar og regnar
godt så er det berre å dra på seg vernebuksa og kome seg ut. Som regel vel me 
sjølv kva for tre me vil felle, men i år valte stormen Nina det for oss. Rotvelta
tre er litt skummelt å sage over, så det arbeidet må ein erfaren nabo ta seg av.
Elles så er det å kviste trestammane og rydde vekk ris, ein jobb mor mi gjer
med stil. Eg får gjere det kjekke, nemleg å sage opp trestammer og greiner
med motorsag. Dette syns eg var utruleg tungt då eg prøvde det for første gong
for to år sidan. No går det egentlig supert, men kroppen vert godt slitt utover dagen
og kaffikoppen smakar nydeleg etter dette. 

Saging i god fart, men samtidig så trener eg på å ikkje la saga røre nedi bakken. Då vert sagkjeda sløv på eit blunk, og det er jo kjedeleg! Då må det slipast. 

Mor med vanleg handsag til kvisting. 

Den tjukkaste stamma, litt arbeid å sage ei slik opp, men med skarp sagkjede går det veldig greit. 



Første runde med rotvelta tre, om lag 9-10 tre i ulik tjukkleik, er saga opp og klare til å bli frakta til løa. Så var det
neste rotvelt! 

tirsdag, januar 27, 2015

Nynorsk blogg

Eg såg det hadde vore litt ekstra trafikk på bloggen i dag. 
Ved nokre høve kan eg nemleg sjå kvar lesarane mine kjem i frå.
Og i dag var det nokre frå framtida.no. Og ein kikk der fekk 
eit smil til å henge seg på leppene mine ein heilt vanleg
tysdag ettermiddag. Det var kjekt! Denne kvardagsbloggen,
liten og mild og nynorsk som den er, er ein av kandidatane
til å bli verdas nynorske blogg. Eg vart nominert i vår og
vart då vekas nynorske, som var veldig morosamt. 
Eg er ei nynorskjente, så heile konkurransekonseptet likar eg godt.
 Så får me sjå kven som vinn, det er 12 gode finalistar totalt 
og Noregs folk samt ein jury som stemmer fram vinnaren!
Link til konkurransen

Eit arkivfoto, av den då unge høna Frøken, beste høna på jord! 

søndag, januar 25, 2015

MITT HUS


Dette er litt surrealistisk, men også utruleg godt å kjenne på.
 Det er nemleg ikkje berre berre å flytte heim til heimgarden
og plutseleg bu i draumehuset, men ikkje kunne eige det. Huset som starta som ei lita
stove som min tippoldefar sette opp i 1863. Eg har trossa 
uskrivne reglar og faktisk investert både pengar, tid og krefter i eit 
hus som ikkje har vore mitt. Men, det har vore ei hjartesak for meg,
det er noko eg har ville gjere i livet mitt.

Det har vore litt diskusjon her om kva
som skjer med garden, eg har jo ikkje odel og difor ikkje rett. Så
me prøvde å skilje ut tunet mitt frå garden i fjor. Slike prosjekt er ikkje
alltid like lett å få gjennom systemet, men jammen ordna dei det! Det tok si tid,
 men no står mitt namn på skøytet. Eg eig no mitt fine kvite hus, mitt sjarmerande 
svarte hønsehus, min vedstabla garasje, grisebakken min, eldhusbakken, tre
nydelege asketre, ei hageskråning, ei solid klessnor. Nærare bestemt vert det rundt to mål. 
Som skrive, er det litt surrealistisk, eg trur ikkje det har gått heilt opp for meg enda.
Men no er eg fri til å gjere det eg vil og syns førebels at ansvarskjensla
for hus og tun er god å kjenne på. 

Mitt tun

Mitt hus, mitt hus, i sommarkjolen

Så med det feirar eg med eit nytt godt dikt som eg kom over
i kveld. Det har ikkje noko med hus å gjere, men eg kjenner
det traff meg i kveld. Og det var på tide med eit nytt Haugedikt
på både kjøkendøra og på bloggen att! 


Bruk ikkje sandpapir

Bruk ikkje sandpapir der ein visshøv kniv har skore,
rett ikkje skifaret som bar deg frelst yver hamrane,
ta ikkje i deg ord som ein gong er sagde.
Ord er dynamitt og verkar både i djupni og høgdi,
i den sprekka dei slo,
kan grunnvatn stiga.

- Dropar i austavind- 1966
Olav H. Hauge

mandag, januar 19, 2015

Solfest





På denne tida i fjor venta eg berre på lyset. Det gjer eg vel i år også. 
Passar på at det vert fylt på med nokre minuttar i kvar ende kvar dag. 
Det merkast kanskje ikkje så mykje når det er mørkt og tungt i vèret, 
slik som det har vore i det siste. Mykje regn og svart himmel. Då er 
 det motsette så fantastisk godt å kjenne på.

 I dag. Kjølig og frisk luft med
ei klår vintersol som klamrar seg til ettermiddagen då dei fleste kan 
nytte litt av den. Og den låge ettermiddagssola skapar ei så fin stemning:
mørkt møter lyst og varmt møter kaldt. Desse augeblikka skal nytast
denne veka, i fulle drag. 

søndag, januar 18, 2015

Arven frå far

Noregskartet har endeleg kome opp på veggen. Og vèrhanen, ein "bestilt" julepresang,
står enno inne og varmar seg før han vert montert ute på eit av husmøna her etterkvart.

Far min var ein samlar. Han likte å finne seg skattar han også. Det kunne samle
seg litt opp og ikkje alt fekk kome fram til si rett. Arbeidsrommet hans til
dømes var fullt av alt muleg forskjellig, veggane nesten heilt dekka av småting
og kunstverk. Og dette kartet sto samanrulla på mjølkerommet i nyeløa.
Resten av kartet, av nord-Noreg, heng der på veggen på mjølkerommet, litt slitt
og matt i fargen. Far min var lærar, nynorskmann og ein kreativ person. 
Karta har han nok fått tak i på ungdomsskulen ein gong i tida, der han jobba. 
Eg hadde eit spesielt forhold til far, det var ofte vanskeleg. 
Men no, jo lenger det går etter at han døydde, jo nærare føler eg meg han. 
I samling av skattar, å kunne nyte og sanse små augeblikk i kvardag og i naturen, 
i å kunne bruke og sette pris på dei små ting eg har fått både før og etter
at han døydde. I alt me hadde til felles, som me aldri fekk snakka saman om,
delt og erfart i lag. Og så veit eg at far no ville ha vore stolt, av kva eg 
har fått til her i huset, i hønsehuset, med dyra, med griseslakta og
 det store matprosjektet, i livet.

Kartet har endeleg fått sin plass i huset, i stova. Det å ha kart i interiøret var veldig trendy
ein periode og mange fulgte trenden. Men eg har litt av far min
 på veggen, og eg har klåre fargar og draumar om fjellheimar og turar. Og det er fint.


Eg og Marianne sin draum for sommaren. Dovrefjell og moskussafari.
Eg må nok skaffe meg eit litt meir detaljert kart til dess også.

Sunnhordland mot Bergensområdet og ned mot Rogaland. 

lørdag, januar 17, 2015

Husskattar -FEM-


Eit vaskebrett. Med glasriller. Ein skatt frå loftet
her det også og har liksom ikkje heilt visst kva eg 
skal gjere med den. Men no har eg hengt den opp
mot ein blå vegg, på det blå lintøyskapet på kjøkenet.
Og den har funksjon som ei fin hylle for smått og 
sjarmerande. 

Landleg kjøken


Slik ser det ut på kjøkenet mitt no. Som dei fleste veit så 
flytta eg kjøkenet inn på det finaste rommet i huset hausten 
2013. Kjøkeninnredninga var frå Sunde snekkeri, noko sjølvlaga
og noko gammalt. Og for å spare litt på utgiftene kjøpte eg ei 
enkel kjøkenøy frå IKEA som gir ekstra benkeplass til baking og 
andre store matprosjekt. Det har eg ikkje angra på, men eg har 
etterkvart erfart at desse hyllene under bordplata, som er farleg
nærme golvet, samlar ein del støv og smular og diverse. Og etterkvart
vart eg litt lei det. Der har eg alle panner og steikepanner, for tida
serveringsfat, nokre skåler og diverse. Så med litt stoff, ein sydag 
og vips så var kjøkenøya dekka. Litt uvanleg med så landleg stil her, 
men det veks på meg og det er veldig praktisk! 


Opne hyller er fine og greie, men støvsamlande.


Nydeleg stoff frå Stoff og stil bestilte eg før jul. I blåfarge som passar
til kjøkenfargen. 



Oppheng til slike gardiner er kledde strengar som ein festar krokar i. Det finn ein som regel
på ein byggvarebutikk. 

søndag, januar 11, 2015

Hytteliv


Når det stormar ute og strømmen går, vert huset på Eskeland 
ei koseleg hytte. Den fine ovnen på kjøkenet vert fyrt opp
og fungerer som komfyr heilt til strømmen er tilbake att.
Denne gongen var strømmen vekke eit døgn. Mine kjære
bialettikanner, akk så glad eg er i dei. Supre til å lage kaffi i, 
både på ovnen og elles. 


Frukoststund med mørk morgon ute og varm kaffi inne. 


Lurt å lage opp ei stor porsjon suppe før ein storm nærmar seg.
Enkel å varme opp og å halde varm lenge etterpå, innpakka i varme klede. 


Og det beste til no, pinnebrød steikt i steikepanne på ovnen. 
Heilt nydeleg! Er nesten så eg gler meg til neste storm!
Men berre nesten. 


Halvgrovt pinnebrød på bål eller i ovn:

50 g sammalt kveite grov
175 g kveitemjøl
0,5 dl olje
0,75 dl vatn
litt salt
1,5 ss sukker
1 ss bakepulver

Bland godt og vips så er det klar til steiking. 
Eg steikte mine to brød ved å lage to flate kaker
og steike i olje i varm panne. Brøda hever seg fint.
Smør på godt smør -godt smør er lukke -
og steike så godt dette er, 
både attåt suppe og åleine! 

Ho Nina på besøk


Nina stormar særleg oppe på haugen over tunet mitt. Eitt glas i hønsehuset
knuste ganske fort, resten sto heldigvis.


Eit stort tre velta rett over vegen vår.




Nina stakk innom, ei sterk og rå dame det der. Eg snakkar sjølvsagt
om stormen Nina, litt snodig det der når dei får vanlege namn. 
Her på garden gjekk det bra, ingen store skadar, men ein haug
med tre som velta opp frå jorda. Det eine treet såg eg rotvelta
då eg sto i døropninga og studerte vinden eit lite augeblikk. Sterke 
krefter og best å halde seg innandørs! 

fredag, januar 09, 2015

Noregslampen


Eg er alltid gira på nye kjekke lampar, eller nye, heimalaga lamper 
bør eg rette det til. Hesjastauren vart tømd for lyslykter etter jul og
spisebordet trengte litt roleg lys. Og på eit blunk laga eg Noregsglaslampe.
Du treng ikkje å bore i glasloket til glaset for å få dette til, du treng berre:

Noregsglas 
eit syltetøyglaslok som passar inni metallringen
spiker og hammar
ein lampeledning med feste til skjerm, min (med tekstilledning) fann eg på Clas Ohlson
fem minuttar og litt kreativ lyst


Ta av plastringen på sokkelen. Mål av på syltetøyloket, innsida av 
ringen skal vere like stor som holet i syltetøyloket. Spikre så hol
rundt sirkelen og slå ut sirkelen. Bruk tuppen av hammaren til 
å gni i opninga slik at den vert rund og hakka vender innover.


Tre så syltetøyloket på lampesokkelen. Tre ringen på under slik at 
sokkelen er festa til loket.


Tre metallringen til Noregsglaset inn på enden av lampeledningen
og fest den på glaset. Grunna syltetøyloket så får du ikkje festa 
det heilt ned, men det sit godt nok. Om du er usikker så kan du 
eventuelt klyppe av kanten på syltetøyloket. 
Heng så opp lampen og kjenn det gode Noregslyset breie seg i rommet! 



onsdag, januar 07, 2015

Nytt på veggen og lys i mørketida






Kvardagen er i gong att, litt trøtt i toppen, men greit allikevel. 
Eg skulle kose meg med eit kreativt interiørblad attåt kaffikoppen
ein ettermiddagen, ein deilig hjerne-avslappande ting å giere 
syns eg. Men denne gongen kvakk eg over kor mykje dei anbefalte oss 
å kjøpe for å piffe opp heimen etter jul. Så mykje trendy ting som dei 
lokka med, men det lokka ikkje meg. Eg tok meg heller ein runde rundt her
og plukka fram fine skattar, og eit resultat vart fin, rund pynt på 
veggen i herlege fargar. Gamle fat som eg har hatt i årevis, hengt opp
med fathengarar (fins ofte på bruktbutikkar), hekladuken min, eit
nydeleg tefat som eg kom over i haust og eit kaffibokslok som eg fann
i huset her. Og min faste, gamle gladoransje Luxo L-11-lampe, som lyser opp
akkurat der eg vil den skal lyse opp. Altså herleg pynt som i dag kosta
meg ingenting. Ein treng ikkje alltid å kjøpe inn mykje nytt for å gjere litt om,
men gjerne bruke gamle ting på nye måtar, ordne litt slik og slik,
 og så kan det bli tøft, gøy og originalt!

Og med dette melder eg meg likegodt på NIB-utfordringa, berre for gøy!