onsdag, januar 07, 2015

Nytt på veggen og lys i mørketida






Kvardagen er i gong att, litt trøtt i toppen, men greit allikevel. 
Eg skulle kose meg med eit kreativt interiørblad attåt kaffikoppen
ein ettermiddagen, ein deilig hjerne-avslappande ting å giere 
syns eg. Men denne gongen kvakk eg over kor mykje dei anbefalte oss 
å kjøpe for å piffe opp heimen etter jul. Så mykje trendy ting som dei 
lokka med, men det lokka ikkje meg. Eg tok meg heller ein runde rundt her
og plukka fram fine skattar, og eit resultat vart fin, rund pynt på 
veggen i herlege fargar. Gamle fat som eg har hatt i årevis, hengt opp
med fathengarar (fins ofte på bruktbutikkar), hekladuken min, eit
nydeleg tefat som eg kom over i haust og eit kaffibokslok som eg fann
i huset her. Og min faste, gamle gladoransje Luxo L-11-lampe, som lyser opp
akkurat der eg vil den skal lyse opp. Altså herleg pynt som i dag kosta
meg ingenting. Ein treng ikkje alltid å kjøpe inn mykje nytt for å gjere litt om,
men gjerne bruke gamle ting på nye måtar, ordne litt slik og slik,
 og så kan det bli tøft, gøy og originalt!

Og med dette melder eg meg likegodt på NIB-utfordringa, berre for gøy!


3 kommentarer:

  1. For en herlig blogg du har :-) Legger deg til i bloggrullen min slik at de av mine lesere som ikke kjenner bloggen din fra før, kan oppdage den :-) Synes det er koselig ha slike fine blogger på min side, både for å glede meg selv og andre. Gleder meg til å følge deg. Tenker jeg kommer til å finne mye inspirasjon hos deg siden vi skal til å pusse opp to gamle hus. Ha en strålende dag :-)

    SvarSlett
  2. Jeg elsker din lampe !!! og katten deres !!! deres dekorasjon er så søt !!! elsker hilsener fra angie fra Tyskland

    SvarSlett
  3. Tusen takk for fine meldingar Angie frå Tyskland (moro!) og Merete! Katten passar bra inn i huset her sidan den er gul/oransj på farge ;-)
    Og oppussing av gamle hus er kjekt, men mykje arbeid også. Greit å ta litt om gongen spør du meg. Mitt neste prosjekt, som eg gledar meg ihjel til, er å rive det gamle vegg-til-veggteppet i stova. Men om det vert nytt golv eller ordning av det gamle vil tida vise. Men akk så kjekt det vert! Lykke til med dine prosjekt Merete!

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!