søndag, januar 11, 2015

Hytteliv


Når det stormar ute og strømmen går, vert huset på Eskeland 
ei koseleg hytte. Den fine ovnen på kjøkenet vert fyrt opp
og fungerer som komfyr heilt til strømmen er tilbake att.
Denne gongen var strømmen vekke eit døgn. Mine kjære
bialettikanner, akk så glad eg er i dei. Supre til å lage kaffi i, 
både på ovnen og elles. 


Frukoststund med mørk morgon ute og varm kaffi inne. 


Lurt å lage opp ei stor porsjon suppe før ein storm nærmar seg.
Enkel å varme opp og å halde varm lenge etterpå, innpakka i varme klede. 


Og det beste til no, pinnebrød steikt i steikepanne på ovnen. 
Heilt nydeleg! Er nesten så eg gler meg til neste storm!
Men berre nesten. 


Halvgrovt pinnebrød på bål eller i ovn:

50 g sammalt kveite grov
175 g kveitemjøl
0,5 dl olje
0,75 dl vatn
litt salt
1,5 ss sukker
1 ss bakepulver

Bland godt og vips så er det klar til steiking. 
Eg steikte mine to brød ved å lage to flate kaker
og steike i olje i varm panne. Brøda hever seg fint.
Smør på godt smør -godt smør er lukke -
og steike så godt dette er, 
både attåt suppe og åleine! 

5 kommentarer:

  1. Rart det der med å sitte inne å se naturkreftene utenfor. Har det som deg, synes det er koselig
    inne, og er litt facinert av været ute når det braker løs. Vi her på Østlandet har ikke så ofte sterk vind, men det hender jo. Da er det godt å være inne og fyre tenne stearinlys og kjenne på tryggheten ved å ha et hjem rundt seg. Stakkars de som får hus og heim ramponert, men akkurat naturkreftene kan vi ikke rå med. Må bare ta det som det kommer. Digger ovnen din!!!
    Klem fra Marit

    SvarSlett
  2. Her er det litt både og. Litt koselig og hytteliv, men samtidig både spennande og litt skummelt. Både når det er lyst og ein kan sjå trea rundt bøye seg som gummi, men også når det er mørkt og ein berre høyrer sus og slag. Naturkreftene rår me ikkje over nei, og veldig trist for dei som får ting øydelagt. Men ingen personskader i alle fall, det er det viktigaste.
    Klem tilbake!

    SvarSlett
  3. For en fin blogg, her fant jeg masse inspirasjon og mye jeg kan kose meg med. Har nettopp flyttet fra byleilighet og inn på et småbruk etter foreldrene mine, gleder meg til småbruklivet. Koselig å lese om pusleriene dine, skal følge med fremover. ����

    SvarSlett
  4. Hei Mariann!
    Så kjekt å høyre, og eg likar å inspirere til slikt liv! Mykje å pusle på med og gjere på eit småbruk. Eg bur berre på eitt, eig det ikkje sjølv (mor mi eig det), men styrer no på for det og er med på arbeid når det trengs. Og har budd i byen i mange år. Anbefaler høns med ein gong! ;-)

    Og leste at du hadde funne like "ansiktsknaggar" frå Husskattar -TRE-. Så heldig du var! Lurar på kva tid dei er frå, dei er jo kjempespesielle.

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!