fredag, januar 09, 2015

Noregslampen


Eg er alltid gira på nye kjekke lampar, eller nye, heimalaga lamper 
bør eg rette det til. Hesjastauren vart tømd for lyslykter etter jul og
spisebordet trengte litt roleg lys. Og på eit blunk laga eg Noregsglaslampe.
Du treng ikkje å bore i glasloket til glaset for å få dette til, du treng berre:

Noregsglas 
eit syltetøyglaslok som passar inni metallringen
spiker og hammar
ein lampeledning med feste til skjerm, min (med tekstilledning) fann eg på Clas Ohlson
fem minuttar og litt kreativ lyst


Ta av plastringen på sokkelen. Mål av på syltetøyloket, innsida av 
ringen skal vere like stor som holet i syltetøyloket. Spikre så hol
rundt sirkelen og slå ut sirkelen. Bruk tuppen av hammaren til 
å gni i opninga slik at den vert rund og hakka vender innover.


Tre så syltetøyloket på lampesokkelen. Tre ringen på under slik at 
sokkelen er festa til loket.


Tre metallringen til Noregsglaset inn på enden av lampeledningen
og fest den på glaset. Grunna syltetøyloket så får du ikkje festa 
det heilt ned, men det sit godt nok. Om du er usikker så kan du 
eventuelt klyppe av kanten på syltetøyloket. 
Heng så opp lampen og kjenn det gode Noregslyset breie seg i rommet! 



4 kommentarer:

  1. Kjekk lampe! Og for en glad heading du har fått på bloggen. Gledesspreder!
    Camilla i Harstad

    SvarSlett
  2. Så fint :-) herlig blogg du har :-! Fin lørdag til deg :-)

    SvarSlett
  3. Norgesglasset er anvendelig til det meste. Og disse lampene er kjempefine.
    Klem fra Marit

    SvarSlett
  4. Det vert nok kanskje fleire slike, no når eg fann ut kor enkelt det kunne vere.
    Og følte for ein ny start på året på bloggen, difor litt vinterleg sollys på kjøkenet i
    overskriftsbilete! :-)

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!