søndag, februar 22, 2015

Saltkrukke





For oss matglade som nyttar Maldonsalt under matlaginga. 
Og eit nytt innlegg om Noregsglasets forskjellige mulegheitar. 
Det minste glaset er supert som saltkrukke. Eg nyttar
berre glaset og glaslokket slik at det går raskare å
forsyne seg med salt undervegs. Og fann så ut eg ville lage til
eit handtak på krukka. Valet falt på ei gammal tom 
trådsnelle i tre. Den vart limt på med litt sterk lim.
Saltkrukka vart skjønn og snodig, og er super 
under middagslaginga. 

Grøn og sunn i februar: Grønkålrisotto


Ein sundag i februar. Nyfallen snø og nokre få plussgrader. Og grønkålen,
planta seinvåren 2014, jau, den står der enda. Den er ikkje så fyldig og frodig
som tidlegare, eg skreiv også om den her i oktober i fjor. Men den har vakse seg høg
og eg har plukka jevnleg av greinene. Då frosten endeleg kom i bakken såg det ut til
at grønkålen tok kvelden også, den fekk ikkje tilgong på vatn. Men vips så hadde den 
strekt seg høgt til vers att. Eg brukar grønkålen akkurat som eg hadde nytta spinat. 
Den har vore i deltakar i både pesto, lasagne, potetstappe, pasta med laks og i dag 
vart det grønkålrisotto. Nydeleg på smak, sunt og godt, godt samvit.
For min del treng eg ikkje noko attåt, risottoen mettar godt og risotto i seg sjølv er ein sundag
verdig. Men den kan også serverast attåt kjøt eller kylling for dei som ynskjer det. 

Her får de oppskrifta!

GRØNkålRISOTTO

1 liten gul lauk
2 fedd kvitlauk/1 kinesisk kvitlauk
1 ts røykt paprika (valfritt)
2 ss olivenolje
2 dl kvitvin
2 dl risottoris 
8 dl kyllingkraft/buljong (evnt grønsaksbuljong)
nokre blad grønkål (4-5 store)
50 g rive parmesan
2 ss smør
god olivenolje
Saft av ei halv lime
salt/pepar

Hakk lauk og kvitlauk. Lag klar kraft/buljong. Fjern stilken frå 
grønkålblada og del dei gjerne opp i mindre bitar. 
Surr hakka lauk og kvitlauk i olja til den vert mjuk. Ha oppi risen
og surr den litt før du hell oppi kvitvinen. La den koke nesten heilt inn
før du sper med litt kraft. La risottoen putre på middels varme og la væska
koke nesten heilt inn før du sper med litt meir væske. Slik held du på
til riskorna er al dente (har bittelitt tyggemotstand). Hell så på litt meir kraft
og legg grønkålbitane oppå. Set på lok og skru ned varmen. Etter nokre minutt 
fell blada saman og får ein fin grønfarge. Vend dei inn i risottoen. Ha så oppå
smør, rive parmesan, limesaft, salt og pepar og litt god olivenolje. Set på lok
og la risottoen kvile i fem minuttar. Så er det berre til å røre rundt slik at ost, smør
og olje blandar seg inn og gjer risottoen krema og fin. Server! 







fredag, februar 20, 2015

Heimalaga fudge


Dei fleste av oss kjøper inn litt ekstra godt i helga, kanskje til og med på kvardagane.
 Nokon føretrekk chips, nokon sjokolade, nokon smågodt i store posar. 
Me har alle våre laster, eg også, og dette er alternativet til å kjøpe inn godteri
til helga. Nemleg å lage godteriet sjølv. Det er også supert til å gi vekk i presang, 
ta med på jobben, eller rett og slett berre kose seg med heime. Det er null niks
sunnheit i desse bitane, berre sukkergalskap, men i all verda så godt det er!

For dei som aldri har sett eller smaka fudge før, så er det ein variant av karamell,
men den er mjuk og porøs i konsistensen. Fudge kan fås i forskjellige smakar, 
som vanilje, sjokolade, lakris, jordbær med meir. Eg vart introdusert til fudge då
eg var yngre og slektningar frå USA var på besøk og laga sjokoladefugde til oss.
Her i landet kan ein gjerne finne nokre fudgebitar i smågodthylla, men dei du
lagar sjølv er på eit heilt anna nivå. 

Fudge med havsalt og nøtter

Du treng:

Sukkertermometer
1/2 boks med søt kondensert mjølk 
450 g brunt sukker
300 g kvitt sukker
3 ss lys sirup
1,2 dl mjølk
125 g smør
2 ts godt vaniljesukker 

2 dl med knuste nøtter; pekannøtter, valnøtter, mandlar
maldonsalt

Du kan berre bruke søt kondensert mjølk, altså ikkje Vikingmjølk. Eg leita ei
stund før eg fann det her på vestlandet. Men lukka var, atter ein gong, på dei 
internasjonale butikkane. Der finn ein jo nesten alt! 

Ha alt utanom vaniljesukker, nøtter og salt i ei god gryte. Bruk svak
varme fram til sukkeret er smelta og set så opp varmen. Rør heile tida. 
Sjekk temperaturen med sukkertermometer, røra skal nå opp til 120 grader før du 
tek den vekk. Det kan ta nokre minuttar med putring. Ha så røra over i 
ei bolle på ein kjøkenmaskin, bland i vaniljesukker, nøtter og strø over litt maldonsalt. 
Visp røra til den går frå å vere glinsande til å verte matt i fargen og tjuknar til. 
Hell den utover ei bakepapirkledd form, strø litt ekstra maldonsalt over 
og set forma  kaldt. Når den har stivna så skjærer du den opp i passelege bitar. 
Bitane held seg best i lufttett boks i kjøleskapet. Du kan sjølvsagt utelate både 
salt og nøtter i denne oppskrifta, alt etter smak og behag. For min del er salt
utruleg godt på slike søte bomber! 

Grunnoppskrifta fann eg hos passion4vintage.com, ein bake/konditorblogg frå Haugesund. 
Oppskrifta er visst opprinneleg får New Zealand. 

onsdag, februar 18, 2015

Nynorsk blogg: Og vinnaren vart Utetid.net

Det var moro å vere med i konkurransen om å verte "Verdas beste 
nynorske blogg". I dag vart vinnaren kåra og det vart bloggen
www.utetid.net. Det var vel fortent, bloggaren nyttar høve til
å skrive om uteliv saman med familien og er både inspirerande
og gir gode tips undervegs. Bloggen starta med at familien ville 
prøve seg på 100 turar i løpet av fjoråret. Og med turar både
langt og kort fekk dei det til. Bloggen har mange følgarar og 
det er kjekt at andre småbarnsfamiliar vert inspirerte til å kome
seg ut døra når ipad og tv freistar mest inne.

Det var kjekt å vere med i konkurransen, litt kjekt å bli lagt merke
til kanskje. Særleg for skrivinga mi, det er kjekt. Og så kjem eg nok
til å blogge vidare om det eg finn på og er oppteke av, så lenge lysta ligg der!
Det er nemleg det eg likar med å blogge, å ikkje vere i ein fastlåst bås,
 men la den svinge med på det eg held på med, enten det gjeld
hus og heim, gard og grunn, mat og dyr, natur og årstider,
 brukt og gjenbruk, dikt og tankar...

Så tusen takk til alle som stemte på bloggen min, og eg set stor pris på
de alle som les bloggen min!!





søndag, februar 15, 2015

SOL - SUNDAG - VÅR


Det er lite som slår dette. Sol og sundag og vår. 
Fjellet lokkar med snø til dei som vil prøve skia, 
eg vert lokka opp på haugane, ut i skogen. 
Ein fin sundagsrunde før kaffikoppen ute. 
Og i dag luktar det av vår. 
Ei svak eim av blomar, fukt som trenger seg opp av
den frostfrie bakken, sola som sleikar dei små 
grastustane, dei bare trestammene, ansiktet mitt. 
Slike dagar vil eg ikkje gå inn, til tross for ein
litt kald vind som prøver å kjøle meg ned. Eg 
pakkar meg inn, ser på dyra som legg seg ned og 
berre nyt augeblikket.
 Kjenner at det vil eg også berre gjere,
berre vere i det. 

Den fyrste smaken av vår på vestlandet. Det kan 
framleis kome snø og sludd, men det kjennes som
tomme truslar når me får kjenne på dette. 









torsdag, februar 12, 2015

Kveldsbesøk hos hønsa

Hønsa har sin døgnrytme. Dei har ofte sett seg til ro når eg
kjem heim frå arbeid, og eg lokkar dei gjerne ut ein siste tur med
litt havregryn eller tørre brødskiver. Dei vert prega av mørketida og
får då kortare dagar. Dette gjer faktisk at dei gjerne tek pause frå 
verpinga. Så for å lure dei litt så er det sett opp tidsinnstilt lys inne hos dei. 
Som slår seg på nokre timar før soloppgong og gjer at dei vil stå
opp og starte dagen. Og så har dei varmelampe som gir eit svakt raudt 
lys, men som gjer at dei kalde nettene og dagane vert litt lunare for dei. 

Eg likar gjerne å luske litt innom hønsa når eg lukkar døra på kveldstid,
eller om morgonen før eg går på arbeid. Då er det stille og roleg stemning der inne.
Og når dei har gått til ro om kvelden er det artig å sjå kven som klynger seg saman.
 Det varierer nemleg. Høns har rangordning men det er tydeleg at nokre heng
meir saman med andre. Desse nye kyllingane til dømes får faktisk
sove på vaglet attmed hanen for tida. Det er slett ikkje verst. Småhønene,
som alltid er litt smånevrotiske, sit helst kvar for seg og er ikkje så klengete
med dei andre. Dei to mellomstore brune superverpehønene sit i lag på det
nederste vaglet og hanen er sjølvsagt på toppen. Dei to venninnene
 som eg henta saman med hanen på Halsnøy har sidan dei kom hatt si
faste post i vindauget. Det kan vere dei ikkje får lov til å kome opp på vaglet,
men dei ser ut til å kose seg i vinduskarmen. Der har dei oversyn både inne
 og ute før mørket senkar seg. Og er så koselege å sjå på der dei kikkar utover tunet.

Så var det god natt til hønsa for denne gong, fram til hanen gjel i morgon i sekstida. 










tirsdag, februar 10, 2015

Februarfrø



På søndag. I kjøkenvindauge vitnar det om ting på gong. Frø som skal
spire og gro. Og ute, kvitt og heildekka av våt snø. To dagar etterpå
er snøen no regna vekk. Og ei ny vårkjensle luskar litt i kroppen min. 
Det er alltid litt stas å kunne så dei første frøa. Det er ikkje så mange sortar som
treng å bli sådd no, men det gjeld vel særleg for tomater og paprika. Dei treng
tid på å vekse seg store og fine. 



I år har eg skrive opp kva eg har sådd i kvar potte på ein lapp som 
heng greit på kjøleskapet. Og så er alle pottene merka med tal. Så då
kan eg berre følge med! Som ein vårleg julekalender.
Koseleg putlearbeid er det i alle fall og det
gir litt ekstra ro i kroppen å putle på med våt jord. 


Eit rart bilete kanskje, eit kaffifilter dekka med tørka frø.
Det eg gjer for å få fram mine beste tomater 
er å nettopp bruke dei beste tomatene. Du treng ikkje nødvendigvis
kjøpe tomatfrø, men bruke frø frå tomater du likar godt. Det gjorde
eg i fjor og gjer det i år også. Dei beste cherrytomatene som eg får tak i, 
frå den lokale torghandlaren. Men det som er lurt å gjere er å legge frøa
i vatn nokre dagar, før du let dei tørke, på eit kaffifilter til dømes. Det er 
nemlig litt gele rundt frøa og det kan hindre at frøet spirer om det vert tørka
slik det er. Dette har eg også gjort med litt spesielle tomatsortar, 
grøne og gule blandt anna, som eg fekk tak i i fjor. 

Og det er lurt å starte no! Februar er tida for å spire frø. Eg spirer
alltid nokre ekstra frø i tilfelle ikkje alt skulle gå bra. Du legg frøet
ein half centimeter ned i fuktig jord, dekker potta med litt plast og lar 
det stå litt lunt og lyst til det spirer. Så tek du av plasten og når spirene
har reist seg nokre centimeter så kan det vere greit å sette dei litt kaldare 
og gjerne plante dei om i større potter med meir jord. 
Står dei for varmt så veks dei raskt og får gjerne tynne stilkar. Når
det byrjar å varmast litt ute så kan du sette ei og ei tomatplante i store
krukker. Eg har nytta bøtter med hol i botn. Eit drivhus er det beste, men det 
fins også andre løysningar om du kikkar rundt. I fjor var det faktisk så 
varmt og fint at tomatplantene stortrivst i bedet framfor huset, så det 
prøver eg nok på i år også. 

Så er det berre å vente på dette! Akk, søte tomater, sol og sommar.
Ein fin ting å sjå fram mot! 



søndag, februar 08, 2015

Emaljeskatt




Ny skatt frå bruktbutikken på Husnes. Den gode gamle emaljekoppen. 
Nokon som hugsar dei? Denne kosta egentleg ei krone men eg måtte
berre gi ein tiar, som framleis er ingenting. Kjekk butikk! Koppen er ikkje
klar raud men har ein mørk raudoransj farge som eg likar veldig godt. 
Eg har ein anna emaljekopp med nokre skrammer oppi og utanpå, og nokre 
nyproduserte porselenskoppar som har samme stilen, dei viste eg her
Supre å ta med på tur, lang eller kort tur, eller berre nyte kaffi i innandørs
og sjå ut på den kalde snøen ute på bakkane. 

Over spisebordet i 2015


Noregslampane er ferdige. Tre lampar med svartlakka lok. Surra rundt hesjastauren.
Lampane har eg parallellkopla og kopla til ledning med brytar og støpsel. Litt småputlearbeid det der ein kvardagskveld. Før ein går i gong med kopling av ledningar så skal ein vite kva 
ein gjer på, om du  ikkje er trygg på det så høyr med ein handy person eller ein elektrikar. 
Straum skal ein ikkje tulle med!

Det er no godt lys over spisebordet på kveldstid, og er det noko dette huset treng så
er det godt lys, men på sjarmerande vis! 




lørdag, februar 07, 2015

Innandørs vindauge



I sommar pussa eg opp gamle kjøkenet til å bli eit kontor. Gamlekjøkenet
var plassert på nordsida av huset og fekk ikkje eit einaste solglimt inn. 
Så eg bestemte meg for å sette inn eit vindauge mellom det rommet
og stova, slik at lyset kunne gli litt i gjennom rommet. Sist helg fekk eg 
høyre at ei nabodame var så nysgjerrig på korleis det hadde blitt, og eg kom på
at eg ikkje hadde lagt noko ut om det her. Så då vert det eit innlegg om
vindauge innandørs, noko som eg anbefaler fleire å prøve seg på. 
Det lysnar opp og er også utruleg koseleg. 


Før ein set i gong så er det lurt å sjekke at ikkje røyr 
eller ledningar går inni veggen. Teikn så opp kor stort
hol du skal ha. Ein bruker stikksag
med ekstra langt blad, men for å starte opp med den så
kan det vere greit å bore eit godt hol i hjørnet av
området du skal sage ut.


Ein føler seg veldig proff med stikksag og ein sjeldan
selfie må tas. Lurt å verne øyrene er det også!


No er det sagd ut heile vegen og det er spennande
å sjå kva som lurar seg inni! 


Fyrst eit lag panel, så eit lag papp med sølvfarga folie, 
så fine plankar, så tjukk papp. 

 Opning! 


Test for å sjå om vindauge passar. Eg nytta
eit gammalt vindauge som eg fann på garden 
her. Eg pussa ned deg eg klarte. 


Eg fekk litt hjelp til å sette opp karmar på begge
sider. Enkel karm i stova og vinduskarm
med hylle i kontoret. 


Eg lurte lenge på kva farge eg skulle male og prøvde
meg litt fram. Kvitt vart kjedelig og blåfarge vart for sterk.
Det endte med lys blå på vindauget og enda lysare blå
på karmen. Nok til at det vert roleg men også at
det vert litt kontrast til den kvite veggen. 


Ei plante og ei ugle i keramikk står og kikar inn 
på andre sida. Og vindauget passar godt til vedkassen,
som var bestemor sin gamle skittentøyskorg.

Sollys som lurar seg inn på kontoret. Herleg!
Bilete på veggen bak er teke av fotograf Gidske Stark i anledning
Bergens Tidende-reportasjen i fjor. 

søndag, februar 01, 2015

Eit langt innlegg berre om Noregsglasa våre!


Dette innlegget har eg tenkt på ei stund. Desse gamle glasa har gleda
mang ei sjel, inkludert meg, i mange år. Eg arva ein gjeng glas i ulike 
storleikar då eg overtok huset her. Og har blitt fortalt at bestemor hadde 
alt muleg i dei, frå sylta bær og frukt til leverpostei. Leverpostei i toliters
Noregsglas, det skulle eg ha likt å sjå! Det var jo andre tider før, før kjøleskap, 
frysar og overfylte matbutikkar. 

Eg har vore litt nysgjerrig på kor mange typar glas det fins, så eg har
lest meg litt opp på glasa. Men det er ikkje alltid like lett
å finne ut av kva som er den rette historia.

Noregsglaset kom etter inspirasjon frå det 
amerikanske glaset "Mason fruit jar" og/eller det britiske glaset Kilner Jar. 
Dei første glasa kom i 1902, noko import
og noko heimeprodusert, men
frå 1908 byrja storproduksjonen i Noreg. Det fins også glas
utan logo, og det vert sagt at desse er versjonar som kom
før alle dei andre glasa. Som prøveversjonar kanskje. 



Løveglasa vart laga på Drammen glasverk. Dei  kom i tre storleikar;
1 liter, 1,5 liter og 2 liter. Eg har to løveglas her, i litersforma, men med
ulik dekorasjon. Dei har egentleg ei metallklemme over loket, men det 
er ikkje med på bileta her. 



Det var tre glasverk som produserte glasa; Hadeland Glassverk,
Drammen Glassverk og Moss Glassverk. 
Desse to glasa er like i storleik, men er ulik i form, skrift og farge. Mest sannsynleg 
begge produsert ved Drammen Glassverk, men det eine glaset har logoen til Christiania
Glasmagasin under. Drammen Glassverk laga store mengder av glasa, om lag 30 millionar
glas vart produsert der mellom 1908 og 1957 då produksjonen stoppa. 


Dei tradisjonelle Noregsglasa hadde skrulok i aluminium, glaslok og syltestrikkar 
slik at loket vart tett. Loka var i standardstorleik og passa alle glasa. 
Smelta voks var også vanleg til å fylle toppen av glaset
med slik at innhaldet vart skikkeleg hermetisert. 



Noregsglasa kom i fleire ulike storleikar, alt frå 3,5 dl til 2 liter. Eg har fem ulike storleikar her i huset, men med ulike former på nokre av glasa. Det er berre sjarmerande og gjer at eg føler
eg har fleire ulike typar. Det eg ikkje har, er ein variant som ikkje er så lett å få tak i. 
Det er eit meir avrunda tolitersglas men med smalare opning på toppen, og difor også mindre
glaslok og aluminiumslok.  Min bloggkollega Marit fann dette glaset og skreiv
om det her. Nokon meiner dette glaset er gammalt, andre meiner det er av nyare dato. 



Glasloka er kunstverk i seg sjølv. Her ser ein skrifta Norge i to forskjellige
versjonar. Det nederste loket er nok den eldste og har også eit lite 
grønskjær i seg. 


Noregsglas i bruk


Noregsglasa har etter ei tid i skuggen fått si
revansj. Og dei fins nok på svært mange kjøken med
forskjellige matvarer oppi. Eg har også nokre på kjøkenhylla,
med innhald som eg gjerne brukar ofte. 


Supre glas til kontoret/hobbyrommet. Strikkepinnar, tape,
nåler med meir. Det eine glaset har fått nålepute oppå seg.
Det vert herleg om ein malar aluminiumsloket også, her i turkis farge. 
Under er eit tolitersglas som er mala kvitt utvendig. Det er heilt
nydeleg som vase for sommarlege blomar. 



Kjempeenkelt å lage dei minste glasa om til kjekke
lykter. Både til å ha ute både sommar og vinter,
eller til å ha inne. 


Ein anna ting som har blitt vanleg no er å lage dei om til 
lampar. Eg laga meg tre lampar etter jul, og det er ein 
enkel måte å lage dei på, sjå her. På lampen her har eg mala
lok og ledning med svart spraylakk, for å få fram meir kontrast.
Supre og fine lampar som heng ned frå hesjastauren over spisebordet. 


Og til slutt.
Det som er kjekt er at glasa er kome i produksjon att! Her er eitt eg
nett fekk tak i, fylt med kokosmakronbakemiks, til halv pris.

Glasa kjem i ulike former, både som glas og porselen, med
vanleg skrulok og hengslelok og oransj strikk(som på bilete). Til og 
med ei solcellepanel-Noregsglaslykt er å få kjøpt. Herleg! 
Alle glasa får du kjøpt på Christiania Glassmagasin
sine butikkar. Og på nettsida Norgesglass.no kan du også få sendt
nokre rett heim i posten om du vil. 

Her kan du kikke om du vil sjå kva du kan få pakka oppi 
glasa i 2015. Og dette er ikkje reklame, berre ei lita glede
over at det kjekke glaset er tilbake. Eg kjem nok til å kose
meg vidare med mine gamle, og så kan dette nye få sin vesle
plass på kjøkenhylla det også. 

Håpar du har lært litt om Noregsglaset no, og om du har noko 
meir kjekk informasjon så skriv gjerne ein kommentar under! 


Kjelder eg har nytta:

http://www.ace-place.net/Ann%20Christin/ull/norgesglass/norgesglassets%20historie.htm
http://www.maihaugen.no/no/Info/Kunnskap/Museumsglimt/Sylteglass/
http://www.budstikka.no/kultur/norgesglassene-er-tilbake-1.8598650
http://digitaltfortalt.no/things/trodde-du-at-norgesglasset-var-norsk/H-DF/DF.2528
http://horecanytt.no/Nyheter/Produkter/Produkter-2014/Produkter-juli-august-2014/Norgesglasset-er-tilbake