søndag, februar 01, 2015

Eit langt innlegg berre om Noregsglasa våre!


Dette innlegget har eg tenkt på ei stund. Desse gamle glasa har gleda
mang ei sjel, inkludert meg, i mange år. Eg arva ein gjeng glas i ulike 
storleikar då eg overtok huset her. Og har blitt fortalt at bestemor hadde 
alt muleg i dei, frå sylta bær og frukt til leverpostei. Leverpostei i toliters
Noregsglas, det skulle eg ha likt å sjå! Det var jo andre tider før, før kjøleskap, 
frysar og overfylte matbutikkar. 

Eg har vore litt nysgjerrig på kor mange typar glas det fins, så eg har
lest meg litt opp på glasa. Men det er ikkje alltid like lett
å finne ut av kva som er den rette historia.

Noregsglaset kom etter inspirasjon frå det 
amerikanske glaset "Mason fruit jar" og/eller det britiske glaset Kilner Jar. 
Dei første glasa kom i 1902, noko import
og noko heimeprodusert, men
frå 1908 byrja storproduksjonen i Noreg. Det fins også glas
utan logo, og det vert sagt at desse er versjonar som kom
før alle dei andre glasa. Som prøveversjonar kanskje. 



Løveglasa vart laga på Drammen glasverk. Dei  kom i tre storleikar;
1 liter, 1,5 liter og 2 liter. Eg har to løveglas her, i litersforma, men med
ulik dekorasjon. Dei har egentleg ei metallklemme over loket, men det 
er ikkje med på bileta her. 



Det var tre glasverk som produserte glasa; Hadeland Glassverk,
Drammen Glassverk og Moss Glassverk. 
Desse to glasa er like i storleik, men er ulik i form, skrift og farge. Mest sannsynleg 
begge produsert ved Drammen Glassverk, men det eine glaset har logoen til Christiania
Glasmagasin under. Drammen Glassverk laga store mengder av glasa, om lag 30 millionar
glas vart produsert der mellom 1908 og 1957 då produksjonen stoppa. 


Dei tradisjonelle Noregsglasa hadde skrulok i aluminium, glaslok og syltestrikkar 
slik at loket vart tett. Loka var i standardstorleik og passa alle glasa. 
Smelta voks var også vanleg til å fylle toppen av glaset
med slik at innhaldet vart skikkeleg hermetisert. 



Noregsglasa kom i fleire ulike storleikar, alt frå 3,5 dl til 2 liter. Eg har fem ulike storleikar her i huset, men med ulike former på nokre av glasa. Det er berre sjarmerande og gjer at eg føler
eg har fleire ulike typar. Det eg ikkje har, er ein variant som ikkje er så lett å få tak i. 
Det er eit meir avrunda tolitersglas men med smalare opning på toppen, og difor også mindre
glaslok og aluminiumslok.  Min bloggkollega Marit fann dette glaset og skreiv
om det her. Nokon meiner dette glaset er gammalt, andre meiner det er av nyare dato. 



Glasloka er kunstverk i seg sjølv. Her ser ein skrifta Norge i to forskjellige
versjonar. Det nederste loket er nok den eldste og har også eit lite 
grønskjær i seg. 


Noregsglas i bruk


Noregsglasa har etter ei tid i skuggen fått si
revansj. Og dei fins nok på svært mange kjøken med
forskjellige matvarer oppi. Eg har også nokre på kjøkenhylla,
med innhald som eg gjerne brukar ofte. 


Supre glas til kontoret/hobbyrommet. Strikkepinnar, tape,
nåler med meir. Det eine glaset har fått nålepute oppå seg.
Det vert herleg om ein malar aluminiumsloket også, her i turkis farge. 
Under er eit tolitersglas som er mala kvitt utvendig. Det er heilt
nydeleg som vase for sommarlege blomar. 



Kjempeenkelt å lage dei minste glasa om til kjekke
lykter. Både til å ha ute både sommar og vinter,
eller til å ha inne. 


Ein anna ting som har blitt vanleg no er å lage dei om til 
lampar. Eg laga meg tre lampar etter jul, og det er ein 
enkel måte å lage dei på, sjå her. På lampen her har eg mala
lok og ledning med svart spraylakk, for å få fram meir kontrast.
Supre og fine lampar som heng ned frå hesjastauren over spisebordet. 


Og til slutt.
Det som er kjekt er at glasa er kome i produksjon att! Her er eitt eg
nett fekk tak i, fylt med kokosmakronbakemiks, til halv pris.

Glasa kjem i ulike former, både som glas og porselen, med
vanleg skrulok og hengslelok og oransj strikk(som på bilete). Til og 
med ei solcellepanel-Noregsglaslykt er å få kjøpt. Herleg! 
Alle glasa får du kjøpt på Christiania Glassmagasin
sine butikkar. Og på nettsida Norgesglass.no kan du også få sendt
nokre rett heim i posten om du vil. 

Her kan du kikke om du vil sjå kva du kan få pakka oppi 
glasa i 2015. Og dette er ikkje reklame, berre ei lita glede
over at det kjekke glaset er tilbake. Eg kjem nok til å kose
meg vidare med mine gamle, og så kan dette nye få sin vesle
plass på kjøkenhylla det også. 

Håpar du har lært litt om Noregsglaset no, og om du har noko 
meir kjekk informasjon så skriv gjerne ein kommentar under! 


Kjelder eg har nytta:

http://www.ace-place.net/Ann%20Christin/ull/norgesglass/norgesglassets%20historie.htm
http://www.maihaugen.no/no/Info/Kunnskap/Museumsglimt/Sylteglass/
http://www.budstikka.no/kultur/norgesglassene-er-tilbake-1.8598650
http://digitaltfortalt.no/things/trodde-du-at-norgesglasset-var-norsk/H-DF/DF.2528
http://horecanytt.no/Nyheter/Produkter/Produkter-2014/Produkter-juli-august-2014/Norgesglasset-er-tilbake


5 kommentarer:

  1. For en interessant lesing!! Så mange bruker dem i interiøret, men det er første gang jeg har lest om historien bak. Godt skrevet og fine inspirerende bilder :-)

    SvarSlett
  2. Takk for et kjempemorsomt blogginnlegg!
    Nå skal Norgesglassa i heimen studeres :)

    SvarSlett
  3. Der kom innlegget ja. Masse god informasjon om disse herlige glassene. Takk for at du linket til meg. Det var gøy. Dette var virkelig et kjempebra innlegg. Jeg kommer nok til å linke til dette innlegget når jeg setter igang med noe Norgesglass morro igjen. Supert.
    Klem fra Marit

    SvarSlett
  4. Kjempeinteressant, lærte mye som jeg ikke visse. Visst f.eks. ikke at logoen fantes i to ulike varianter, men nå må jeg jammen ut på kjøkkenet for å studere glassene vi har her litt nærmere. (",)

    Du spurte om vinduer: Vi har i første omgang tenkt å bevare de vinduene vi kan bevare. Har god erfaring med varevinduer i de rommene vi bruker til daglig. Men på værveggen mangler det originale vinduer, så der blir det nytt uansett.

    SvarSlett
  5. Logoen fins i tre ulike variantar, også Moss Glassverk sin logo. Den har eg ikkje bilete av, då eg har berre Drammen og Chrisitania her. Men var jo Drammen som produserte mest.

    Kjekt de likte innlegget! Skulle gjerne ha skrive enda meir, er jo ei fascinerande sak! Som kvifor har ordet Norge kome på glasa? Det er jo også det som gjer at me er så glad i dei. Utan hadde dei vore fine, men kanskje litt kjedelige. Skrifta slik den er forma er nydeleg.

    Og Marit, eg er på jakt etter eitt som du fekk tak i. Kikkar etter dei på bruktbutikkar for tida, og det dukkar nok opp eit når eg minst ventar det :-)

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!