søndag, februar 08, 2015

Emaljeskatt




Ny skatt frå bruktbutikken på Husnes. Den gode gamle emaljekoppen. 
Nokon som hugsar dei? Denne kosta egentleg ei krone men eg måtte
berre gi ein tiar, som framleis er ingenting. Kjekk butikk! Koppen er ikkje
klar raud men har ein mørk raudoransj farge som eg likar veldig godt. 
Eg har ein anna emaljekopp med nokre skrammer oppi og utanpå, og nokre 
nyproduserte porselenskoppar som har samme stilen, dei viste eg her
Supre å ta med på tur, lang eller kort tur, eller berre nyte kaffi i innandørs
og sjå ut på den kalde snøen ute på bakkane. 

6 kommentarer:

  1. De koppene er fine. Husker emaljekopper fra 70 tallet.
    Mye morro i det tiåret der.

    SvarSlett
  2. Så det er syttitalet altså? Jau, fargane stemmer nok med det. Ser dei kanskje er litt trendy igjen, i mjuke pastellfargar og fin dekor då vel å merke.

    SvarSlett
  3. Her henger det også noen emaljekopper på kjøkkenet. Tre med mummimotiv som vi fant i Finland en sommer og en med hagetekst som jeg kjøpte med meg som suvenir fra Storbritannia. Har to gamle også som jeg fant i kjelleren hos farmor. De kan brukes over alt og tåler nesten hva som helst. Praktiske. Kan faktisk ikke huske at vi hadde en eneste på 70-tallet. :-)
    Camilla i Harstad

    SvarSlett
  4. Dei der mummikoppane har eg sett på nettet, dei er jo sjarmerande då. Så koseleg at du har dei hengande framme. Skulle gjerne likt å vite litt meir om dei, kanskje det kjem over meg ein gong! :-) Ha ein fin tysdagskveld Camilla!

    SvarSlett
  5. De er så fine disse emaljekrusene, men begynner å bli vanskelig å få tak i. :-) Fin uke til deg :-)

    SvarSlett
  6. Ja, det er kanskje sant det. Er ikkje ofte eg ser dei på bruktbutikkar eller loppemarked nei.

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!