tirsdag, februar 10, 2015

Februarfrø



På søndag. I kjøkenvindauge vitnar det om ting på gong. Frø som skal
spire og gro. Og ute, kvitt og heildekka av våt snø. To dagar etterpå
er snøen no regna vekk. Og ei ny vårkjensle luskar litt i kroppen min. 
Det er alltid litt stas å kunne så dei første frøa. Det er ikkje så mange sortar som
treng å bli sådd no, men det gjeld vel særleg for tomater og paprika. Dei treng
tid på å vekse seg store og fine. 



I år har eg skrive opp kva eg har sådd i kvar potte på ein lapp som 
heng greit på kjøleskapet. Og så er alle pottene merka med tal. Så då
kan eg berre følge med! Som ein vårleg julekalender.
Koseleg putlearbeid er det i alle fall og det
gir litt ekstra ro i kroppen å putle på med våt jord. 


Eit rart bilete kanskje, eit kaffifilter dekka med tørka frø.
Det eg gjer for å få fram mine beste tomater 
er å nettopp bruke dei beste tomatene. Du treng ikkje nødvendigvis
kjøpe tomatfrø, men bruke frø frå tomater du likar godt. Det gjorde
eg i fjor og gjer det i år også. Dei beste cherrytomatene som eg får tak i, 
frå den lokale torghandlaren. Men det som er lurt å gjere er å legge frøa
i vatn nokre dagar, før du let dei tørke, på eit kaffifilter til dømes. Det er 
nemlig litt gele rundt frøa og det kan hindre at frøet spirer om det vert tørka
slik det er. Dette har eg også gjort med litt spesielle tomatsortar, 
grøne og gule blandt anna, som eg fekk tak i i fjor. 

Og det er lurt å starte no! Februar er tida for å spire frø. Eg spirer
alltid nokre ekstra frø i tilfelle ikkje alt skulle gå bra. Du legg frøet
ein half centimeter ned i fuktig jord, dekker potta med litt plast og lar 
det stå litt lunt og lyst til det spirer. Så tek du av plasten og når spirene
har reist seg nokre centimeter så kan det vere greit å sette dei litt kaldare 
og gjerne plante dei om i større potter med meir jord. 
Står dei for varmt så veks dei raskt og får gjerne tynne stilkar. Når
det byrjar å varmast litt ute så kan du sette ei og ei tomatplante i store
krukker. Eg har nytta bøtter med hol i botn. Eit drivhus er det beste, men det 
fins også andre løysningar om du kikkar rundt. I fjor var det faktisk så 
varmt og fint at tomatplantene stortrivst i bedet framfor huset, så det 
prøver eg nok på i år også. 

Så er det berre å vente på dette! Akk, søte tomater, sol og sommar.
Ein fin ting å sjå fram mot! 



4 kommentarer:

  1. Inspirerende! Tror imidlertid jeg må holde stand en måned til før jeg kan gjøre det samme, i Nordland er det litt lenger å vente på våren. Lurt med liste :-)
    Mvh Margrethe

    SvarSlett
  2. Nå har jeg lest en god stund gjennom mange sider. Her var det mye artig :-)

    SvarSlett
  3. Du har jo kommet godt i gang. Jeg har ikke en gang rukket å få tak i såjord. Begynner jo å haste nå med tomater, chili og paprika. Om et par uker er det jo tid for purre og stilkselleri. Noen ting tar bare sååå lang tid. Godt at du minnet meg på frøsådden. Nå skal jeg finne fram frøene i alle fall, så får jeg kjøpe jord i morgen. Ha en fin ettermiddag og kveld!
    Camilla i Harstad

    SvarSlett
  4. Ja, det er nok litt forskjeller sør og nord i landet. Lurar meg på om midnattssol kan påverke plantene noko om sommaren?
    Eg prøvde meg på stangselleri i fjor, men dei vart ikkje rare greiene. Pjuske vart dei, men eg fekk no ete litt av dei. Og å så lauk frå frø var heller ikkje ein vinnar, då er det nok betre å plante laukar i jorda. Så ein lærer litt frå gong til gong. Det eg i alle fall skal ha er grønnkål att og sukkererter. Stor suksess der! Eg har grønnkål ute enda, tek litt inn og har i middagen av og til. Kjekt! Helsing nordover frå meg!

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!