fredag, februar 20, 2015

Heimalaga fudge


Dei fleste av oss kjøper inn litt ekstra godt i helga, kanskje til og med på kvardagane.
 Nokon føretrekk chips, nokon sjokolade, nokon smågodt i store posar. 
Me har alle våre laster, eg også, og dette er alternativet til å kjøpe inn godteri
til helga. Nemleg å lage godteriet sjølv. Det er også supert til å gi vekk i presang, 
ta med på jobben, eller rett og slett berre kose seg med heime. Det er null niks
sunnheit i desse bitane, berre sukkergalskap, men i all verda så godt det er!

For dei som aldri har sett eller smaka fudge før, så er det ein variant av karamell,
men den er mjuk og porøs i konsistensen. Fudge kan fås i forskjellige smakar, 
som vanilje, sjokolade, lakris, jordbær med meir. Eg vart introdusert til fudge då
eg var yngre og slektningar frå USA var på besøk og laga sjokoladefugde til oss.
Her i landet kan ein gjerne finne nokre fudgebitar i smågodthylla, men dei du
lagar sjølv er på eit heilt anna nivå. 

Fudge med havsalt og nøtter

Du treng:

Sukkertermometer
1/2 boks med søt kondensert mjølk 
450 g brunt sukker
300 g kvitt sukker
3 ss lys sirup
1,2 dl mjølk
125 g smør
2 ts godt vaniljesukker 

2 dl med knuste nøtter; pekannøtter, valnøtter, mandlar
maldonsalt

Du kan berre bruke søt kondensert mjølk, altså ikkje Vikingmjølk. Eg leita ei
stund før eg fann det her på vestlandet. Men lukka var, atter ein gong, på dei 
internasjonale butikkane. Der finn ein jo nesten alt! 

Ha alt utanom vaniljesukker, nøtter og salt i ei god gryte. Bruk svak
varme fram til sukkeret er smelta og set så opp varmen. Rør heile tida. 
Sjekk temperaturen med sukkertermometer, røra skal nå opp til 120 grader før du 
tek den vekk. Det kan ta nokre minuttar med putring. Ha så røra over i 
ei bolle på ein kjøkenmaskin, bland i vaniljesukker, nøtter og strø over litt maldonsalt. 
Visp røra til den går frå å vere glinsande til å verte matt i fargen og tjuknar til. 
Hell den utover ei bakepapirkledd form, strø litt ekstra maldonsalt over 
og set forma  kaldt. Når den har stivna så skjærer du den opp i passelege bitar. 
Bitane held seg best i lufttett boks i kjøleskapet. Du kan sjølvsagt utelate både 
salt og nøtter i denne oppskrifta, alt etter smak og behag. For min del er salt
utruleg godt på slike søte bomber! 

Grunnoppskrifta fann eg hos passion4vintage.com, ein bake/konditorblogg frå Haugesund. 
Oppskrifta er visst opprinneleg får New Zealand. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!