torsdag, februar 12, 2015

Kveldsbesøk hos hønsa

Hønsa har sin døgnrytme. Dei har ofte sett seg til ro når eg
kjem heim frå arbeid, og eg lokkar dei gjerne ut ein siste tur med
litt havregryn eller tørre brødskiver. Dei vert prega av mørketida og
får då kortare dagar. Dette gjer faktisk at dei gjerne tek pause frå 
verpinga. Så for å lure dei litt så er det sett opp tidsinnstilt lys inne hos dei. 
Som slår seg på nokre timar før soloppgong og gjer at dei vil stå
opp og starte dagen. Og så har dei varmelampe som gir eit svakt raudt 
lys, men som gjer at dei kalde nettene og dagane vert litt lunare for dei. 

Eg likar gjerne å luske litt innom hønsa når eg lukkar døra på kveldstid,
eller om morgonen før eg går på arbeid. Då er det stille og roleg stemning der inne.
Og når dei har gått til ro om kvelden er det artig å sjå kven som klynger seg saman.
 Det varierer nemleg. Høns har rangordning men det er tydeleg at nokre heng
meir saman med andre. Desse nye kyllingane til dømes får faktisk
sove på vaglet attmed hanen for tida. Det er slett ikkje verst. Småhønene,
som alltid er litt smånevrotiske, sit helst kvar for seg og er ikkje så klengete
med dei andre. Dei to mellomstore brune superverpehønene sit i lag på det
nederste vaglet og hanen er sjølvsagt på toppen. Dei to venninnene
 som eg henta saman med hanen på Halsnøy har sidan dei kom hatt si
faste post i vindauget. Det kan vere dei ikkje får lov til å kome opp på vaglet,
men dei ser ut til å kose seg i vinduskarmen. Der har dei oversyn både inne
 og ute før mørket senkar seg. Og er så koselege å sjå på der dei kikkar utover tunet.

Så var det god natt til hønsa for denne gong, fram til hanen gjel i morgon i sekstida. 










6 kommentarer:

  1. Så fine høner! Har du egg kun til eget bruk, eller verper de så mye at du kan gi bort eller selge også?

    SvarSlett
  2. Eg sel litt egg til venner og naboar, og dei få kronene går rett til kjøp av hønsefor. Men elles et eg kokt egg kvar morgon, og av og til på brødskiva i lunsjen. Og lagar pannekaker rett som det er. Det er herleg det! Høns som går ute og et mykje forskjellig gir veldig gode egg, eg merkar stor forskjell i smak på mine egg og vanlege "kjøpeegg". Og det har eg høyrt fleire som seier. Egga har litt kyllingsmak i seg og er saftige og gode. Og har herleg gule plommer! Så om du ikkje har høns og har tenkt tanken på det så er det berre å hive seg rundt! :-)

    SvarSlett
  3. Hei....så flotte høner du har....kjekt å være selvforsynt med egg...jeg har også noen høner av diverse raser og får vel omtrent 10-15 egg om dagen....jeg, som du, selger til venner og arbeidskolleger...ha en fin helg....

    SvarSlett
  4. Den gjengen der er så fin. Utrolig fin blanding av farger på dem. Liker de spraglete så godt.
    Rett og slett en gjeng med fine damer.
    Klem fra Marit

    SvarSlett
  5. Så koselig et innlegg, jeg har aldri tenkt hverken på at det er rangordning i hønsehuset eller at de har sine personligheter :-) Takk for at du fikk meg til å tenke på det, nok en gang, koselig innlegg :-) Fin helg til deg :-)

    SvarSlett
  6. Takk for fine helsingar! Og hønsa ynskjer god helg tilbake! :-)

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!