onsdag, februar 18, 2015

Nynorsk blogg: Og vinnaren vart Utetid.net

Det var moro å vere med i konkurransen om å verte "Verdas beste 
nynorske blogg". I dag vart vinnaren kåra og det vart bloggen
www.utetid.net. Det var vel fortent, bloggaren nyttar høve til
å skrive om uteliv saman med familien og er både inspirerande
og gir gode tips undervegs. Bloggen starta med at familien ville 
prøve seg på 100 turar i løpet av fjoråret. Og med turar både
langt og kort fekk dei det til. Bloggen har mange følgarar og 
det er kjekt at andre småbarnsfamiliar vert inspirerte til å kome
seg ut døra når ipad og tv freistar mest inne.

Det var kjekt å vere med i konkurransen, litt kjekt å bli lagt merke
til kanskje. Særleg for skrivinga mi, det er kjekt. Og så kjem eg nok
til å blogge vidare om det eg finn på og er oppteke av, så lenge lysta ligg der!
Det er nemleg det eg likar med å blogge, å ikkje vere i ein fastlåst bås,
 men la den svinge med på det eg held på med, enten det gjeld
hus og heim, gard og grunn, mat og dyr, natur og årstider,
 brukt og gjenbruk, dikt og tankar...

Så tusen takk til alle som stemte på bloggen min, og eg set stor pris på
de alle som les bloggen min!!





5 kommentarer:

  1. Du vet, det viktigste er jo å delta! (",)

    SvarSlett
  2. "Ny gul duk på bodet" er fantastisk! Det å lese bloggen din er som ein tur i skogen i ein elles så travel kvardag :)
    God helg til deg!

    SvarSlett
  3. Bilder og innhold i tekst er så fint at jeg kommer i alle fall til å fortsette å være gjest på bloggen din :-)
    Fin helg til deg :-)

    SvarSlett
  4. Tusen takk for fine ord, veldig kjekt å høyre! Og det å vidareformidla gleda av natur og gardsliv, i alle sansar, i bilete og i tekst, det er så fint å kunne gjere! God helg til dåke også!

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!