søndag, februar 15, 2015

SOL - SUNDAG - VÅR


Det er lite som slår dette. Sol og sundag og vår. 
Fjellet lokkar med snø til dei som vil prøve skia, 
eg vert lokka opp på haugane, ut i skogen. 
Ein fin sundagsrunde før kaffikoppen ute. 
Og i dag luktar det av vår. 
Ei svak eim av blomar, fukt som trenger seg opp av
den frostfrie bakken, sola som sleikar dei små 
grastustane, dei bare trestammene, ansiktet mitt. 
Slike dagar vil eg ikkje gå inn, til tross for ein
litt kald vind som prøver å kjøle meg ned. Eg 
pakkar meg inn, ser på dyra som legg seg ned og 
berre nyt augeblikket.
 Kjenner at det vil eg også berre gjere,
berre vere i det. 

Den fyrste smaken av vår på vestlandet. Det kan 
framleis kome snø og sludd, men det kjennes som
tomme truslar når me får kjenne på dette. 









5 kommentarer:

  1. Jeg blir stadig facinert av de store forskjellene vi har her i landet. Hos oss lukter det slett ikke vår enda. Om det lukter noe, så må det være sny. (",) Men snart begynner sola å få grepet også her, vi venter tålmodig,

    SvarSlett
  2. Nå fikk jeg skikkelig vårfølelse av å se bildene dine.
    Hos meg er det masse snø enda. Koselige bilder.
    Klem fra Marit

    SvarSlett
  3. Eg høyrer og ser det, at snøen ligg andre stader i landet. Våren kjem som regel tidlegare her, men hugs på at vinteren kjem sjeldan for fullt her også. Som regel har me nokre dagar, kanskje ei veke, med snø på bakken. Nokre få år har me hatt kulde og snø lenger, men det høyrer til sjeldenheitane. For når snøen kjem, legg seg, me må til å måke og brøyte, så regnar det, og det frys på og så regnar det vekk att, og sånn går denne leksa. Kanksje difor eg ikkje har blitt eit fullt og heilt skimenneske, det varer liksom så kort her, og vil du ha masse snø så må du reise avgårde inn i landet og på høgfjellet. Så eg veit ikkje kva som er best eg, men det er nok fint begge deler :-) No nyt me vårsol her, mens dåke jevnt kan nyte skiturar kanskje :-)

    SvarSlett
  4. De herligste vakreste bilder og så skriver du så fint. Og finnes det egentlig noe mer dekorativt enn en fargerik klesvask ute på snora :-) Fin dag til deg :-)

    SvarSlett
  5. Takkar for det! Og ja, klestørk i sol, eit herleg skue!

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!