tirsdag, mars 31, 2015

Praktisk lampeskjerm


Kanskje nokon har lest intervjuet med meg i SIM sitt informasjonsblad
denne gongen? Eg vart intervjua om mitt forhold til redesign, noko
eg jo småputlar med frå tid til annan. Og intervjuet ga meg nok
eit lite inspirasjonsspark i baken, for det har dukka opp ein del
idear etter det. Eg er jo som kjend litt svak for lampar og lampeskjermar.
Og her dukka det opp ein ny, ganske fæl lampeskjerm. Eg leita
nemleg etter ei ordning for å henge opp ei plante i kjøkenvindauget,
då eg syns det er så kjekt med noko grønt der borte. Så lampetrekket
vart rive av, nokre band vart hekla av hamptråd og så vart ei kjekk
hengekorg til eføyen min ferdig. Og sprer grøn stemning ved oppvasken!



mandag, mars 30, 2015

Pynting av tunet, på vårvis




Påsketid, ferietid. Guri meg så godt det er. Etter nokre hektiske jobbveker
var det utruleg godt med ferie denne gongen. Ingen store planar, berre nokre
små avtalar. Og mykje fritid. Ute skiftar det frå regn til sol til snø og hagl. 
Men det er skikkeleg deilig å styre på litt ute att, og våt tåler ein å bli.

Ikkje så mykje å gjere i hagen enda, men det er å kjekt å kunne pynte
opp litt ute med blomar som tåler nokre kalde grader. Og temaet er
natur og "ta det du har"! Etter hogsten i år har eg funne meg nokre stubbar.
Den eine kjem frå nederst ved rota på eit tre. Og har ei fin form
og eit hol innvendig. Så det måtte eg berre utnytte til noko. 


Nesten form som ei blome. 


Oppi holet lurte eg ei blomepotte. Den fylte eg med mose frå skogen her og så 
nokre stemorsblomar/fiolar. Dei er nemleg kome no! Og dei er så kjekke, dei held så
lenge berre ein passar på å vatne og kniper av dei ferdige blomane. Og så hjelp
mosen dei å halde seg fuktige lengre. 


Vips så hadde den gule stolen litt selskap. 


To stubbar vert kjekke krakkar. Og bordet har eg laga av den gamle kabeltrommelen
som eg har lagt ein skiferhelle oppå. Det står ein del fine skiferheller her på garden.
Og under gravinga i fjor fann me ein gammal liten slipestein. Den held hella
på plass. Bak langs med veggen står også ein benk laga av ein planke og to gamle
tresubbar. Enkelt å lage og kjempefin!


Brukte blikkboksar er også kjekke blomepotter. Eg slår
nokre hol i botn slik at vatn renn ut. Så har eg litt jord i botn
og flotte stemorsblomar. Og hekla band i friske fargar pyntar
opp boksane. 



Pangstart for våren utvendig. No er tunet klart og stemninga god. Litt sol no
og så er kaffikoppen klar! 

søndag, mars 29, 2015

Vår: Kveldssol

Om våren står sola lågare på himmelen. Og på
ettermiddag og ved tidleg kvelding skapar
sola ei annleis steming ute. Det er som om skuggane
skapar eit mørke, mens sola er så lys og kvit. Og fargane
ute i naturen vert så skarpe. For det er no det er reine natur-
fargar. Om litt vert bakkane sommargrøne, og trea fylte
med grøne blad. Fram til dess skal eg nyte vårfargane,
krydra med solglimt og vårblomar. 








lørdag, mars 28, 2015

Skattar i aluminium

Det er rart med det, korleis smaken endrar seg.
Før syns eg aluminium var grått og kjedeleg og 
kanskje litt gamlis. Men så fekk eg smaken for
det og det har blitt nokre skattar, både arva og kjøpt,
etter det. Og førre innlegg inspirerte meg til å samle
saman dei fine grå skattane. Skuffer, skåler, litermål,
desilitermål, kakeformer, kanner med meir. Men ein
ting har eg verkeleg lært meg, å ikkje putte ting i
aluminium i oppvaskmaskinen. Då vert dei fort stygge! 






Desse gamle skuffene rommar alle mine fem sortar frø som
stadig er i bruk til baking og frukostblanding. 


Nyehylla til kjøkenreiskapar. Er så kjekt å få vist fram desse
fine formene. Brødformer er dei for meg, men nokre kloke
damer har kviskra til meg at det eigentleg er formkakeformer. 
Jaja, fine er dei uansett! 


Kanskje det var her det byrja, lampen eg laga av mjølkesila. Ikkje godt å vite. 
Den får ikkje henge åleine lenger, ei stålstang er hengt opp for å lufte
diverse av fint kjøkenutstyr. Som skapar ei landleg stemning i rommet. 


Brukt på Voss



Sist helg var eg på Voss. Fyrst og fremst på eit
årsmøte, men eg og ei venninne fann sjølvsagt
tid til å besøke bruktbutikkane Voss har å by på.
Og nokre få skattar vart det. På Fretex fann eg
denne herlege kanna i aluminium. Og på den mest
spanande butikken, Brukt´n på Voss, fann eg meg
eit fint og stort spann. Me var berre kort tid inne på 
Brukt´n, men der var det tydeleg at ein burde hatt god
tid og kontantar. For ein spanande butikk! Så om du
likar bruktskattar og svinsar deg innom Voss, så er
dette staden å ta turen til! 

torsdag, mars 26, 2015

Ein hønsebonde sine gleder og sorger

Kvardagskosen. Sol. Utekaffi, med sosiale høner luskande rundt. Det er kos med høner. Og
ikkje minst å få hente seg ferske egg og å kunne lage seg hønsemiddag av eige kjøt. Luksus. 

Men. Det skal ikkje alltid vere like lett. I fjor strevde eg veldig med å 
få ruge fram kyllingar. På tredje forsøket klarte eg det endeleg, og tre
herlege kyllingar, heildekka av striper, tutla rundt på seinhausten. Men vips
så hadde hønsehauken teke den eine av den, den som såg ut til å bli ein 
hane. Det såra mitt kyllingglade hjarte og hønsehauken har heldigvis
halde seg vekke etterpå, kanskje etter at eg sprang etter den i sinne. 
Men dei to andre kyllingane vaks seg til og vart flotte og store. Ingunn
og Grethe vart dei kalla. Ganske nyleg skaut den eine kyllingen fart. Det var 
Ingunn, kvit med svarte striper. Ho vart stor. Kammen vaks og stjerten vaks. 
 Og plutseleg vart ho ein hane. Som fortvilt prøvde å lure ut av seg 
ein galeliknande lyd. Arg, hanar er ikkje så etterlengta hos oss hønsebønder.
 Eg har allereie ein dreven hane og treng ikkje fleire.
Og hanar legg som kjend ingen egg, og egg vil eg jo gjerne ha. 
Men han er jo så fin, han Ingunn, eller Inge som han kanskje heiter frå no av. 
Og han får no leve littegranne til. For det er heller ikkje så mange andre
som treng hanar der ute. Alle vil ha høner. Men så vert det nok kyllinggryte snart. Huff.


Men eg hadde no ho Grethe. Fine, rolege Grethe. Litt forsiktig og 
naturleg nederst på rangstigen blant hønsa. Grethe fekk fargane
etter hanefaren, nydeleg svart med kvite striper. Men liten i storleik.
Og Grethe hadde nyleg byrja å legge små fine egg. Alltid kjekt
når kyllingane legg sine fyrste egg.
Men då eg kom heim ein dag denne veka så låg Grethe daud.
Ikkje anna å gjere enn å grave ho ned. Og usikkert kvifor dette skjedde.
Så der gjekk heile kyllingavlinga i vasken gitt. 


Men nytt år, ny vår og nye mulegheitar. Ei lita brun, nevrotisk høne
ligg no på nokre egg. Og eg kryssar fingrane for at det går betre i år! 
Men til tross for utfordringar og små sorger innimellom, så er hønsedrift
ein utruleg koseleg hobby som eg er utruleg glad for at eg har! 

Og det var nok hønsenytt for denne gong! God eggfull påskeferie folkens, 
og tenk litt på kor egga dine kjem i frå! 

fredag, mars 20, 2015

Fjellstarten

Vinter møter vår i fjellet. Mykje snø i år og den årlege
"ake-ned-frå-fjellet"-turen var i tidlegaste laget. Men det 
er herleg å få bruke beina til fjells, det er beina eg
er mest glad i å bruke der oppe. Sol, fjell og snø er 
ikkje å forakte, og så er det jammen kjekt å sjå på alle som tar skia
fatt oppe på Stordafjellet. 

 Isflak som framleis ligg på vatnet.

 Smeltande snø. Vinter møter vår, og Vidar og Cecilie. 

 Og ein Buster, strålande glad for å endeleg få klatre i fjellet att. 

 Klatrehytta, alltid eit mål for turen opp til Stovegolvet. Solveggen i klatrehytta, gull verdt. 

 Mektige Kvinnheradfjell på andre sida av fjorden. 

Lenge til det er grøne bakkar her. 

Så fint å sjå skigåarar i Stordafjellet! 

mandag, mars 16, 2015

Nye skattar

Eg er så heldig som innimellom arvar litt ting
og tang. Denne gongen har eg fått meg nokre 
skattar frå då ein slektning sitt hus vart rydda ut.
 Og der dukka det opp litt av kvart. Fine og sjarmerande
ting vart med meg heim og er på plass på mitt 
landlege kjøken. 



Er ikkje denne berre heilt kitsch? Som for meg er eit positivt
lada adjektiv. Ei real høne i blått glas, skikkeleg morosam og kul.


Desse gamle smørboksane fekk eg i vinter. Og har hatt dei i 
dagleg bruk sidan. Godt smør er viktig! Og boksane er finare
enn papiret! 



Nokre fleire skattar, smørboks, sukkerbøsse og ei lita krukke. 
Frå Turi Design Figgjo - Folklore. 



Og denne krukka med lok er min store favoritt. Eg diggar gulfargen,
det kjem vel ikkje som eit sjokk? Og eg har aldri sett dette mønsteret
før, er det andre som veit kva det heiter? 

lørdag, mars 14, 2015

Vår: Morgonsol


Det er noko spesielt med vårsola. Når kalenderen no trippar fram mot 
sommartid så deler sola sine stråler litt og litt tidlegare kvar morgon.
Sola er hellig for meg, særleg etter å ha gøymd seg for regnet i lengre tid. 
Og akkurat no kan ein oppleve soloppgongen når ein står opp. 
Det er til å nytast.


Hønsa står opp tidleg om dagen og får servert deilige havregryn kasta
ut frå kjøkenvindauget. Det er kakling og kos på steinhellene! 


Solfrukost. Solgult ferskt og nykokt egg med solgult kvitseidsmør
og solgul appelsinjuice. Kan det bli betre enn det? Då kan dagen
bringe akkurat det den vil bringe av lett eller tungt, men starten
er uansett god. 


Og sola veltar seg inn i stova og lagar fine mønster rundt om. 
Det er deilig no når sola kan varme forsiktig opp stova 
gjennom mine små vindaugeruter. Nyt sola! 

torsdag, mars 12, 2015

NIB-utfordring: Maling


Her kom ei utfordring som verkeleg passa for meg. Å vise noko ein 
ha malt om, eit møbel eller interiør. Og jammen har eg malt!
I massevis! Eg er jo periodevis maleavhengig. Akkurat no er eg langt
i frå å vere det, det er greit med litt gode pausar. Men plutseleg er eg
i gong att. Her er eit bilete frå då kontoret vart ferdig, med
kontorbenken av gammal bordkledning, nymalte knalloransje stolar med
knallrosa puter (ei på stolen og ei påbegynt på strikkepinnen). Fargar
er deilig og gir så mykje god energi, heile året! Og for meg kan det 
ikkje måle seg med møblar frå møbelbutikken, når ein heller kan male 
om gamle møblar i staden for. 

tirsdag, mars 10, 2015

Brødformhylle


 Eg dukka meg innom det kreative hjørnet hin dagen. Og laga meg 
ei kjekk hylle til å ha på kjøkenet. Av brødformer! Desse
gamle brødformene har eg fått frå mor mi, dei er ikkje i bruk hos meg
på grunn av at brøda vert så små i dei. Men kjekt at dei får leve
livet vidare med ei anna funksjon! 


Eg nytta ei slitt skjærefjøl (baksida) til å feste dei på. Ein kan 
også nytte ei fin fjøl, naturleg eller malt, drivved eller anna. 


For å lage hol til skruane nytta eg spiker og hammar. 


Greie hol på alle formene. 


Formene vart skrudd fast med to skruar på kvar. 


Her er hylla ferdig og klar til å bli hengt opp!
Eg valte å fylle mi med kjøkenutstyr som eg brukar i kvardagen,
men som også er fargerikt, som den fargeglade personen eg er.
Eg likar også nemleg ikkje å gøyme det vekk i kjøkenskuffene mine. 

Men hylla kan passe like godt på badet, til sminke, smykker og anna.
På kontoret til skrivesaker og slikt, til hobbyrommet for diverse,
i stova til å små blomepotter oppi. Mange mulegheitar!