tirsdag, mars 10, 2015

Brødformhylle


 Eg dukka meg innom det kreative hjørnet hin dagen. Og laga meg 
ei kjekk hylle til å ha på kjøkenet. Av brødformer! Desse
gamle brødformene har eg fått frå mor mi, dei er ikkje i bruk hos meg
på grunn av at brøda vert så små i dei. Men kjekt at dei får leve
livet vidare med ei anna funksjon! 


Eg nytta ei slitt skjærefjøl (baksida) til å feste dei på. Ein kan 
også nytte ei fin fjøl, naturleg eller malt, drivved eller anna. 


For å lage hol til skruane nytta eg spiker og hammar. 


Greie hol på alle formene. 


Formene vart skrudd fast med to skruar på kvar. 


Her er hylla ferdig og klar til å bli hengt opp!
Eg valte å fylle mi med kjøkenutstyr som eg brukar i kvardagen,
men som også er fargerikt, som den fargeglade personen eg er.
Eg likar også nemleg ikkje å gøyme det vekk i kjøkenskuffene mine. 

Men hylla kan passe like godt på badet, til sminke, smykker og anna.
På kontoret til skrivesaker og slikt, til hobbyrommet for diverse,
i stova til å små blomepotter oppi. Mange mulegheitar! 



4 kommentarer:

  1. Nok en gang kreativt og tøfft fra deg.
    Dette var virkelig god gjenbruk.

    SvarSlett
  2. Ja sant? Er litt gira på brødformer for tida. Og syns desse formene er så fine, men likte dei aldri til å faktisk steike brød i. Kjekt å ha dei på veggen i staden for:-) Og supersmart hylle då!

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!