torsdag, mars 26, 2015

Ein hønsebonde sine gleder og sorger

Kvardagskosen. Sol. Utekaffi, med sosiale høner luskande rundt. Det er kos med høner. Og
ikkje minst å få hente seg ferske egg og å kunne lage seg hønsemiddag av eige kjøt. Luksus. 

Men. Det skal ikkje alltid vere like lett. I fjor strevde eg veldig med å 
få ruge fram kyllingar. På tredje forsøket klarte eg det endeleg, og tre
herlege kyllingar, heildekka av striper, tutla rundt på seinhausten. Men vips
så hadde hønsehauken teke den eine av den, den som såg ut til å bli ein 
hane. Det såra mitt kyllingglade hjarte og hønsehauken har heldigvis
halde seg vekke etterpå, kanskje etter at eg sprang etter den i sinne. 
Men dei to andre kyllingane vaks seg til og vart flotte og store. Ingunn
og Grethe vart dei kalla. Ganske nyleg skaut den eine kyllingen fart. Det var 
Ingunn, kvit med svarte striper. Ho vart stor. Kammen vaks og stjerten vaks. 
 Og plutseleg vart ho ein hane. Som fortvilt prøvde å lure ut av seg 
ein galeliknande lyd. Arg, hanar er ikkje så etterlengta hos oss hønsebønder.
 Eg har allereie ein dreven hane og treng ikkje fleire.
Og hanar legg som kjend ingen egg, og egg vil eg jo gjerne ha. 
Men han er jo så fin, han Ingunn, eller Inge som han kanskje heiter frå no av. 
Og han får no leve littegranne til. For det er heller ikkje så mange andre
som treng hanar der ute. Alle vil ha høner. Men så vert det nok kyllinggryte snart. Huff.


Men eg hadde no ho Grethe. Fine, rolege Grethe. Litt forsiktig og 
naturleg nederst på rangstigen blant hønsa. Grethe fekk fargane
etter hanefaren, nydeleg svart med kvite striper. Men liten i storleik.
Og Grethe hadde nyleg byrja å legge små fine egg. Alltid kjekt
når kyllingane legg sine fyrste egg.
Men då eg kom heim ein dag denne veka så låg Grethe daud.
Ikkje anna å gjere enn å grave ho ned. Og usikkert kvifor dette skjedde.
Så der gjekk heile kyllingavlinga i vasken gitt. 


Men nytt år, ny vår og nye mulegheitar. Ei lita brun, nevrotisk høne
ligg no på nokre egg. Og eg kryssar fingrane for at det går betre i år! 
Men til tross for utfordringar og små sorger innimellom, så er hønsedrift
ein utruleg koseleg hobby som eg er utruleg glad for at eg har! 

Og det var nok hønsenytt for denne gong! God eggfull påskeferie folkens, 
og tenk litt på kor egga dine kjem i frå! 

6 kommentarer:

  1. Blir spennende å se om du får kyllinger denne gangen. Selv har jeg jo bare to gamle damer som har slutta å legge egg. Derfor har jeg 11 egg i rugemaskinen som skal klekke skjærtorsdag. Håper det går greit. Mulig de blir oppkalt etter disiplene som mannen foreslo. Da må jeg vel bare finne ut hvem av disiplene som ikke får en oppkalling etter seg. To het Jakob og to het Judas så det må vel bli en av dem.
    Camilla i Harstad

    SvarSlett
  2. Jau, eg burde kanskje prøve meg på rugemaskin etterkvart. Men det er noko eige med ei kloks rugande på egg altså. Og at kyllingane følgjer more etterpå. Det er så fint å sjå. Og du har jammen ei namneutfordring no då. Kva om du får berre høner? Som du kanskje håpar på? Eg har nokre småhøner eg også som sjeldan legg egg. Men dei er no der og er ein fin del av gjengen. Og når dei kan bli fine klokser så er det verdt å ta vare på dei:-)

    SvarSlett
  3. Huff, ja da ble det både hønsegleder og hønsesorger, men du får meg nesten til å få lyst til å ha høner selv. Jeg som er livredd for alt med nebb og vinger!!! Riktig fin dag til deg :-)

    SvarSlett
  4. God påske, kjære Ingvild:) Og lykke til med nye kyllinger!

    SvarSlett
  5. Mine "hønevenner" har vært plaget med rev. Det er heller ikke så trivelig... Lykke til med nye kyllinger, og god påske! (",)

    SvarSlett
  6. Lurte sjølv på om det hadde vore rev her, eller mink. Men bank i bordet, me har ikkje rev på øya her. Om den då ikkje har kome seg over brua eller snike seg over fjorden med ferja. Dei andre hønene lev no i beste velgåande. Og håpar eg får deg til å få høns Merete!

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!