søndag, mars 01, 2015

Halvgrove nistehorn


Desse er supre å bake på ein laurdag eller sundag, når du har god tid
og deigen kan få heve seg godt. Sjølve grunndeigen har eg laga fleire gonger
til både rundstykke og horn. Dei er utruleg gode på smak, har sprø skorpe og horna
kan fyllast med godsaker. Desse horna på bilete har eg fylt med ajvar og fetaost. 
Ikkje høyrt om ajvar? Det er ein tjukk saus laga av paprika og aubergine blant anna. Den 
er veldig god på smak og kan brukast både som dip, i sausar, til pasta med meir. Eg kjøper
glas med ajvar på internasjonale matbutikkar. Horn med ajvar og fetaost mettar godt
til lunsj og er super til variasjon frå dei vanlege brødskivene. Du kan sjølvsagt bruke
tomatsaus i staden for ajvar. 

Halvgrove nistehorn

7 dl kaldt vatn
20 g fersk gjær (ca halv pakke)
300g grov kveite (gjerne økologisk)
760g sikta kveitemjøl
2 ts salt

Ha mjølet og salt i ei bakebolle. Bland gjær og vatn godt
og hell over. Elt på låg fart i fem minuttar til deigen slepp taket. 
Dekk bakebolla med plast og la den heve ein time. Ta så første
runde med strekk og brett: ta tak i deigen og brett den over på andre
sida, snu og gjenta dette 6-7 gongar til. Dekk med plast og la heve
ein ny time, strekk og brett på ny, ny time med heving. Litt styr, men 
det er verdt det! Hell så deigen ut på bordet og del den opp i fire emner.
Kjevle ut kvart emne til ein runding, del opp i trekantar og legg på 
fyll om du ynskjer det. Rull saman til horn og legg dei på papirkledde
bakebrett. Dekk med plast og la heve til dobbel storleik (ca 1 time). 

Set så ovnen på 230 grader. Før du set i fyrste brett, pensle horna med
vatn og strø på litt gode valmuefrø. Steik horna i ca 20 minutt til
dei er gyldne. Kjøl ned på rist. 


1 kommentar:

  1. Jeg har aldri hørt om ajvar, men det er sikkert godt. Og så er det jo mye annet godt man kan ha som fyll. Uansett har jeg etter mange år med mer eller mindre vellykka bakst skjønt at "det ligger i luften", så nå setter jeg alltid av god tid til heving. (",)

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!