søndag, mars 08, 2015

Mars





Regn, regn, regn. Men mildt og fint. Og våren glir sakte innover landet. 
Klosterklokkene storkosar seg i hagen og krokusane er på veg ut. Hestehov
er ikkje så vanleg rundt her, men eg veit kor eg skal sjå etter dei, og gler meg
til å plukke dei med meg heim. Og mens eg ventar på mine gamle påskeliljer
får desse små kjøpeliljene pryde inngongsdørene mine. Og kyllingen er nysgjerrig 
på dei gule, rare blomane. 

1 kommentar:

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!