torsdag, mars 12, 2015

NIB-utfordring: Maling


Her kom ei utfordring som verkeleg passa for meg. Å vise noko ein 
ha malt om, eit møbel eller interiør. Og jammen har eg malt!
I massevis! Eg er jo periodevis maleavhengig. Akkurat no er eg langt
i frå å vere det, det er greit med litt gode pausar. Men plutseleg er eg
i gong att. Her er eit bilete frå då kontoret vart ferdig, med
kontorbenken av gammal bordkledning, nymalte knalloransje stolar med
knallrosa puter (ei på stolen og ei påbegynt på strikkepinnen). Fargar
er deilig og gir så mykje god energi, heile året! Og for meg kan det 
ikkje måle seg med møblar frå møbelbutikken, når ein heller kan male 
om gamle møblar i staden for. 

4 kommentarer:

  1. Du har ein fantastisk inspirerande blogg! Love it! :-) Målespørsmål: Kor nøye er du på pussing og grunning? Kva måling likar du best og flassar minst?

    SvarSlett
  2. Hei! Det har variert litt egentlig, men for best muleg resultat er egentlig forarbeidet viktigast: vaske møbelet med kraftvask, gjerne pusse litt over og så eitt lag med grunning. Det beste resultatet får eg med bengalack, den er haldbar og god, men også veldig glinsande. Elles brukar eg Lady Supreme Finish både på veggar og på nokre møblar. Det har til no ikkje flassa frå møblane, men eg ser det kan sprekke litt opp på veggane (gammalt hus så kanskje naturleg). Har nytta Butinox også og var egentlig nøgd med den også. Og eit siste tips, for all del aldri mal med Bengalack innandørs! Gjer det ute, eller ein stad med veldig god lufting. Håpar dette var gode svar!

    SvarSlett
  3. Flott bidrag! Koser meg med dine fargeglade innlegg :-)

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!