tirsdag, mars 31, 2015

Praktisk lampeskjerm


Kanskje nokon har lest intervjuet med meg i SIM sitt informasjonsblad
denne gongen? Eg vart intervjua om mitt forhold til redesign, noko
eg jo småputlar med frå tid til annan. Og intervjuet ga meg nok
eit lite inspirasjonsspark i baken, for det har dukka opp ein del
idear etter det. Eg er jo som kjend litt svak for lampar og lampeskjermar.
Og her dukka det opp ein ny, ganske fæl lampeskjerm. Eg leita
nemleg etter ei ordning for å henge opp ei plante i kjøkenvindauget,
då eg syns det er så kjekt med noko grønt der borte. Så lampetrekket
vart rive av, nokre band vart hekla av hamptråd og så vart ei kjekk
hengekorg til eføyen min ferdig. Og sprer grøn stemning ved oppvasken!



3 kommentarer:

  1. Fin gjenbruk av en gammel skjerm. Hengende grønt er fint.
    Noe jeg tror er litt glemt faktisk. Kult at du tar det fram igjen.
    God Påske til deg fra meg.

    SvarSlett
  2. Ja, sant? Er ikkje så mange som har hengande blomar lenger. I alle fall ikkje folk på min alder. Så kanskje me skal innføre det att? Det vert jo veldig frodig då :-) God påske tilbake!

    SvarSlett
  3. Redesign trenger jo ikke alltid å være så kompisert, det handler jo mest om å finne nye bruksområder for gamle ting. (",) Dette var jo lurt.

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!