lørdag, mars 28, 2015

Skattar i aluminium

Det er rart med det, korleis smaken endrar seg.
Før syns eg aluminium var grått og kjedeleg og 
kanskje litt gamlis. Men så fekk eg smaken for
det og det har blitt nokre skattar, både arva og kjøpt,
etter det. Og førre innlegg inspirerte meg til å samle
saman dei fine grå skattane. Skuffer, skåler, litermål,
desilitermål, kakeformer, kanner med meir. Men ein
ting har eg verkeleg lært meg, å ikkje putte ting i
aluminium i oppvaskmaskinen. Då vert dei fort stygge! 






Desse gamle skuffene rommar alle mine fem sortar frø som
stadig er i bruk til baking og frukostblanding. 


Nyehylla til kjøkenreiskapar. Er så kjekt å få vist fram desse
fine formene. Brødformer er dei for meg, men nokre kloke
damer har kviskra til meg at det eigentleg er formkakeformer. 
Jaja, fine er dei uansett! 


Kanskje det var her det byrja, lampen eg laga av mjølkesila. Ikkje godt å vite. 
Den får ikkje henge åleine lenger, ei stålstang er hengt opp for å lufte
diverse av fint kjøkenutstyr. Som skapar ei landleg stemning i rommet. 


3 kommentarer:

  1. Aluminiumsredskaper på kjøkkenet er fint. Har mye av det du viser fram her sjøl.
    Jeg er så treig at jeg aldri har rydda det vekk en gang jeg. Ting vi har arvet etter
    tanter og besteforeldre er fortsatt i bruk her. Må ha aluminiumsøsa etter mormor når
    jeg skal steike vafler...

    SvarSlett
  2. Eg har jo hatt aluminium rundt meg på kjøkenet i oppveksten, men aldri sett pris på det før dei siste åra. Rart korleis noko kan bløme slik opp! :-) Litermålet til dømes, er likt det mor mi har heime, det har eg plukka bær i mange gongar. Og for to år sidan fann eg eit sjølv, på ein bruktbutikk i ein nabokommune. Og det er no min faste bærplukkar!

    SvarSlett
  3. Det er mye koseligere med gamle redskaper enn nye. Være seg på kjøkkenet eller i verktøyboden. Jeg samler stadig på meg mer og har flere lignende av de du viser fram. Aller mest liker jeg de tingene som er arvet.
    Camilla i Harstad

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!