søndag, mars 08, 2015

Skuffer på veggen


 Eplekasser som hyller har ei stund vore veldig trendy. Eg vil slå eit
slag for skuffer som hyller. Fine gamle skuffer er supre som oppbevaring
av forskjellig og er herlege å sjå på. Eg fann ei skuffe på lemen då eg flytta
inn, eg anar ikkje kva møbel den stamma frå. I den har eg sett ei list
slik at eg får ei ekstra hylle. Skuffa er super som baderomshylle på
badet mitt og vert ei fin kontrast til den kvite veggen. 


Skuffa har levd eit liv. Bestefaren min Sigurd har rissa inn namnet 
sitt på kanten. 



Etter rivinga av gamlekjøkenet måtte eg sjølvsagt ta vare
på dei fine skuffene derifrå. Og i staden for å la dei støve
ned på lemen til ein god ide, har eg alle tre i bruk. Ein i 
stova til diverse, ein på kjøkenet til kaffikanner/vannkanner
og ei til kokebøker i kjøkenkroken. 


6 kommentarer:

  1. Kjempegod idé. Jeg har også noen gamle skuffer liggende som ikke har noe sted å være, så dette er absolutt et formål de kan passe til. (",)

    SvarSlett
  2. Så fint! Gjenbruk på sitt beste!!!

    SvarSlett
  3. Jeg har også tatt i bruk et par gamle skuffer. Berga to som naboen skulle kaste. Den ene er nattbord på gjesterommet og den andre står oppå ei kommode full av bøker og noe gammelt arvegods. Fungerer utmerket, og naboen sa hun aldri skulle kaste skuffer igjen da hun så dem. :-) Dine passet meget godt der de henger, Kjempefint! Smart med den lista som ekstra hylle. Har fundert litt på hva jeg skulle bruke som var gammelt nok, men ikke kommet på noe. Har jo flere slike listebiter på loftet her.
    Hilsen Camilla i Harstad

    SvarSlett
  4. Jepp, dei er gjerne så fine at dei må i bruk på eit vis. Og kjekt å henge dei opp! Skuffe som nattbord var ein god ide! Og så har ein jo mulighet å male dei også om ein har lyst til det, ein farge inni og ein utanpå kanskje. Mine er fine som dei er i alle fall:-)

    SvarSlett
  5. Jeg har et litt banalt spørsmål. Hvordan henger man dem opp, pent og solid? Kristina

    SvarSlett
  6. Hei Kristina!

    Eg borer hol i kvart hjørne av skuffa innvendig. Og skrur så inn skruar. Eg har trepanel og treveggar bak det så det er godt feste her, så bruk skruar etter kva slags veggar du har. Då sit i alle fall skuffene godt og stabilt på veggen, og du kjem nok ikkje unna å bore hol i dei. Men så vert dei jo brukt til noko vetigt også då :-) lukka til!

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!