søndag, mars 29, 2015

Vår: Kveldssol

Om våren står sola lågare på himmelen. Og på
ettermiddag og ved tidleg kvelding skapar
sola ei annleis steming ute. Det er som om skuggane
skapar eit mørke, mens sola er så lys og kvit. Og fargane
ute i naturen vert så skarpe. For det er no det er reine natur-
fargar. Om litt vert bakkane sommargrøne, og trea fylte
med grøne blad. Fram til dess skal eg nyte vårfargane,
krydra med solglimt og vårblomar. 








2 kommentarer:

  1. Ja, våren er vakker.
    Nydeligt hos deg. pus har jo fått ramme av kvister rundt seg, ser ut som han koser seg.
    Aluminiums innlegget ditt brakte frem minner,
    Husker i varme sommerer gikk me tom for vann, måtte kjøre å hente i melkespann, både til folk og fe. Da hadde me et melkespann på kjøkken med sånn ause i.
    Har sett etter ause på loppemarkeder, men har til nå bare funne m hull i, altså sil smiler her.

    Hadde planer om hagearbeid i påsken, men nå må altså snøen smelte først,

    Ønsker deg ei fin påske, Klem,

    SvarSlett
  2. Så kjekt å høyre om. Ja, det er nok mange som har hatt reiskapar og slikt i aluminium. Den ausa har eg "stole" frå løa faktisk. Den har vore brukt der tidlegare, men no støva den berre ned. Og desse små desilitermåla har eg funne både i løa og på loftet. Stygge og fæle før ein god vask. Den eine lagra gamle skruar. No vert dei sett pris på på kjøkenet, til både mjøl og frukostblanding.

    Ei fin påske til deg også! Eg kosar meg ute, til tross for skiftande ver. Men det er snøfritt i alle fall! :-)

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!