torsdag, april 30, 2015

Morgonstund har grønt gull i munn



Klokka seks om morgonen, mi faste morgonstund. På denne tida
står no sola opp og med høge skyer vert det grønt og sprudlande
ute. Det er framleis kaldt og grasstråa er dekka av små dropar.
Ein fin måte å starte dagen, sjølv om den er lova med regndropar og
skyer. Siste aprildag.




Universalvaskemiddel




Eg har følgt med på Aftenposten si "Bærekraftig brukerhåndbok"
i vår. Og blant anna prøvd meg på oppskrifta på mitt eige vaskemiddel.
Det er heilt naturleg, allergivennleg, antibakterirelt og fettoppløysande.
Og etter å ha laga det har eg brukt det med hell på alt frå bad,
komfyr, vask og kjøkendisk, speil og vindauge. Heilt genialt! 
Vil du sjå infofilmen sjå her.

Oppskrifta er enkel:

1 flaske vanlig eddik 7 %
1-2 sitron

Skjær av det gule skalet på 1-2 sitron og ha det i eit 
glas med lok. Hell på heile flaska med eddik og la 
det stå i 2-3 veker. Sil av skalet og hell eddikvæska 
 direkte i ei sprayflaske. Når du sprayer luktar det
eddik, men det lukta fordampar! Og det vert reint!

søndag, april 26, 2015

Golv i stova III


Møblar er kome inn att og flytta på plass. Lyden er annleis i stova og
lukta også, til tross for at eg har fått vekk ein del lukt med nokre rundar
med grønnsåpe på golvet. Lampane har eg ikkje fått orden på enda,
det får no vente. 



Ei heilt anna stemning i stova. Ekte tregolv, det er slik det skal vere her.


Spisebordet har fått ny plass og ein benk inntil veggen ligg i planane. 



"Luka"  i golvet fungerer fint som luftehol og difor ligg det eit lite 
teppet over og isolerer litt. Eg må nok finne på nokre triks 
for å ordne desse luftehola rundt om samt 
at eg må nok isolere frå kjellaren. 

Buster er litt snurt over å ikkje få gni seg
og klø seg på teppet lenger og vart sitjande lenge på denne vesle fillerya
og filosofere over dette. 


Og vårblomar er kome på bordet, eg har hatt mange inne allereie. Tusenfryd og 
kvitveis, akk.

lørdag, april 25, 2015

Golv i stova II


Dette vart annleis gitt! Det fæle teppet har blitt klypt opp bit for bit, platene
har blitt rive del for del og spikrane har blitt dradd opp eller hamra nedi. Vel, det
gjenstår vel om lag ein drøss med spiker før eg er ferdig då. Og om lag ei halv bøtte
med støv er sugd opp, såpass mykje at det tok knekken på støvsugaren.
Men bra resultat! Fine, breie bord på golvet. Som nok kjem til å få nokre strøk
maling på seg etterkvart. Og i enden av stova er det smale bord, kjempefine!
Ei slags luke har eg også funne, den er spikra fast då, men spennande!


Steg for steg. Og greit å få vaska det etterkvart slik at eg får vekk ein del skit/støv.


Buster, som visst dukkar opp på flesteparten av bileta, er både fascinert og litt trist
over at hans yndlingsteppe forsvinn.


Sørenden av stova med breie bord.


Nordenden av stova med smale bord.


Og ei slags luke, sagd ut av golvet.


Og slik ser hagen ut. 

fredag, april 24, 2015

Golv i stova



Litt utpå fredagskvelden, egentleg ganske trøtt. Og så fann
eg ut at eg skulle ommøblere litt. Og vips hadde eg rive opp teppet 
og måtte berre opne opp ei av platene på stovegolvet for å sjå
korleis det ser ut under. Og det var gøy! Støvete, men gøy! Fint,
litt bulkete tregolv under med noko flassande lakk. Dette hadde eg 
egentleg planar om å gjere i sommar, men no kan eg eventuelt
bu meg litt inn på dette golvet for å sjå om eg skal ha det slik 
vidare. Det dumme er at platene var spikra med tusen spiker, og
dei står att i golvplankane, som ein ser på bilete. Og dei spikrane
er ikkje lette å dra opp heller. Jau, jau. Men jammen er dette
teppet klart for å møte døden, det har lagt her på golvet sidan femtitalet
og har nok ein del skjult i seg som eg ikkje får opp med støvsugaren. 

Stovegolvet er dessverre ikkje slikt på heile rommet. Eine delen
av stova skjular eit anna golv og eg er spent på kva det er behandla med
og korleis desse golva møter kvarandre i skøytene. 
Lenge sidan oppussing no, og det har kribla litt i fingrane etter å ha fulgt 
med på bloggen minoldemorshus.blogspot.no og å få følge litt med
på prosessen i gamlehuset på Førland Gard. Og så har eg forhåpenligvis
spart opp litt ny oppussingsenergi, det er enno mykje som ventar her! 

torsdag, april 23, 2015

Rabarbrarevansj


Etter dei spinkle og få rabarbrastengene eg hausta inn
i fjor fekk eg blod på tann. Ein rabarbrakasse vart snekra
og skiltet malt. Og sakte men sikkert har det blitt fylt opp
av god jord, hønsemøkk og saugemøkk. I år, eller i alle fall
neste år har eg stor tru på at desse små blada skal bli til sneglefri, 
store og flotte rabarbra som eg kan lage både saft, syltetøy og pai av. 


Hønsecamping


I desse varme soltimane me har hatt dei siste dagane
har det ikkje berre vore lambaslepp ute på bakken. Kyllingane
har også fått sleppe ut nokre timar for å prøve ut
friskt gras for fyrste gong. Med to kyllinggjengar i år vert
det ein liten campingplass på tunet her, med bur og tilhøyrande
heimesnekra husrom (eller hytter) som dei kan søke tilflukt i
om regnet kjem. 




Den kvite islandskyllingen er sneisen på håret. Det er vel denne sveisen
som er trendy for tida også, langt på toppen og kort på sidene?



Småttisane har bikka to veker no, snart tre. Dei er jammen meg nokre raske små. Og
framleis veldig søte, som kyllingar no alltid er! 


Sosial gjeng på campingen. 


No skjønar eg kvifor desse grønkålplantene berre har blad på toppen.
Eg har nemleg nokre grøntglade høns som strekk seg høgt opp
for å nappe til seg litt. Dette er også godsaker for kyllingane.


Hanejakt. Unghanen vert stadig jaga av sjefshanen og han må fint oppføre
seg om han skal få vere ein del av hønsegjengen. Men det har enda ikkje
vore nokre store slostkampar her, enda..

onsdag, april 22, 2015

Eskeland i skumringa




Det er tida for hjort. Dei flotte dyra som enda ikkje har oppdaga
hagen min, grønsakene mine og frukttrea. Til tross for at dei 
vandrar nokre meter i frå huset innimellom. Eg ser dei av og til
om morgonen, før gardane har vakna til liv her. Men dei spring
fort når dei ser meg. Men ein anna gjeng er ikkje like redd.
Denne gjengen her på fire dyr på ein bakke (Utetre) og to dyr på ein
anna bakke (nabogarden) beitar roleg i skumringa, rundt halv ti. Dei bryr seg 
ikkje om at bilane køyrer forbi eller stoppar. I dag køyrde eg faktisk
heim for å hente kamera og luska meg ut av bilen. Men dårleg med
lys, ingen stativ og kort med tid før dei valte å stikke av så 
vart ikkje bileta så flotte som eg hadde håpa på. Men hjorte-
stemning fekk eg no med på trykk. Flotte dyr.

søndag, april 19, 2015

Lambaslepp





Når lamba vert litt store og temperaturen ute stig så får
dei sleppe ut på dagtid. Dette er noko av det mest koselege
med å bu på gard. Det er liv ute på bakkane; små lamb
som spring og hoppar og kosar seg. Som knaskar i seg 
sine fyrste grasstrå og merkar at det smakar ganske godt. 
Graset har begynt å vekse så vidt på bakkane her og smørblomane
dukkar opp og lyser gult her og der. Det kryr også av
engkarseknoppar, eg gler meg til dei blømer, dei er så fine! 
Fin vårstemning på Eskeland om dagen! 

Havrebiscotti med lekre godsaker i


Det er sol. Fin vårvarme. Utetid. 
På tide med stadig fleire kaffikoppar
ute. Og attåt kaffikoppen er det jo 
alltid godt med noko godt, bittelitt sunt
og søtt. Dette er biscotti med havremjøl
i, og det merkar du ikkje ein gong! 
Her kjem oppskrifta!

Havrebiscotti med hasselnøtter, tranebær
og kvit sjokolade

100 g havremjøl
300 g sikta kveitemjøl
1,5 ts bakepulver
1 ts vaniljesukker
ei klype salt
3 egg
225 g sukker

100 g hasselnøtter
ei lita neve tranebær (evnt. rosiner)
100 g kvit sjokolade

Start med å legge hasselnøttene på eit brett. Rist dei i ovnen på 
180 grader i ca 10 minutt til dei byrjar å bli litt gyldne. Legg dei i eit 
kjøkenhandkle og gni av skalet. Hakk nøttene grovt. Hakk også opp
den kvite sjokoladen og tranebæra.

Visp lett egg og sukker, ha oppi resten av ingrediensane. Ha gjerne litt meir 
mjøl oppi om deigen er blaut. Ha oppi nøtter, sjokolade og tranebær og
una det godt inn i deigen. Lag så tre lange pølser som du legg på langs
på eit kledd bakebrett. Trykk pølsene lett flate. Steik desse på 180 grader i 
20 minutt. Ta så brettet ut og skjær opp pølsene litt på skrå i om lag ein 
centimeter tjukke skiver. Legg så desse flatt utover brettet. Steik vidare i fem
minutt før du tek dei ut og snur alle kjeksa og steiker vidare i fem minuttar
til. Avkjøl på rist og ha dei oppi ein kjekk kakeboks. Så har du kaffigodt
eit lite stykke utover våren! 

søndag, april 12, 2015

Hekta på amplar


Etter at lampeskjermampelen var på plass var vegen
kort til neste. Dette var jammen meg kjekt! 


Enkel makrameknyting. Trur det er lett
å bli hekta på dette. Må prøve meg på 
litt meir knytting tenker eg.


Hekla ampel, frihekling utan mønster. Gult og kult. 


Frodig over kjøkenvasken nu! 

Hønsenytt




Tre fine frøkner...
Eg har henta meg heim tre unge damer frå
Sveio i dag. Grunnen til det er at dei er av
rasen islandshøns. Og det har eg tenkt litt på
i det siste, denne rasen er nemleg ei gammal 
og litt sjeldan rase. Dei vert kalla vikinghøns også,
for Landnåmsfolket tok med seg denne rasa frå Noreg
til Island då dei busette seg der på slutten av vikingtida.
Hønsa kan bli veldig forskjellig både i fargar og trekk
og dei er hardføre. Så dette er spennande! 



Dei små kyllingane er no ei veke gamle og 
er aktive og fine. Ein mørk og to lyse vart det denne
gongen. Den svarte vert nok lik faren sin og dei 
kvite får nok svart mønser på seg. Eg håååpar 
på at alle vert høner! 


Hanen Inge lev enda og er stadig litt forvirra og rar og skjønn.
 Han prøver innimellom å kurtisere meg, men skjønar vel 
rett før at eg faktisk ikkje er ei høne. Så lite sjans på han, 
verken hos meg eller hos hønene. 


Står dørene opne eit lite augeblikk spring dei jammen meg fort 
inn. Ikkje berre inn i vaskerhuset, men også heilt inn
i stova om dei får mulegheita. Må jo berre ta bilete
av det før eg jagar dei ut. Dette er jo eksotisk territorium
for hønsa og hanen feirar med å gale høgt her inne også.