søndag, april 05, 2015

Ein verkeleg påskekylling


Uten å vite det hadde eg visst planlagt perfekt når det gjaldt
ruging av kyllingegg og påske. For i dag, som forventa, dukka den
første kyllingen opp. Det er like fascinerande kvar gong korleis
dette går føre seg. Tenk at eit egg utviklar seg til ein levande kylling
på berre tre veker. Og når han er klar kjem han seg ut av egget heilt 
på eiga hand, og me veit alle at eggeskal kan vere hardt av og til. 


Egget som eg fann i dag tidleg, eit lite hol og små pip som kom
ut av egget. Hønemor svarar tilbake og kontakten vert oppretta. 


4-5 timar seinare var kyllingen heilt ute av egget og heldt på 
å tørke seg under mora sine varme vinger. 


Tre timar seinare er det ein ekte gul påskekylling der inne. 
Han likar seg framleis best under mora sine vinger, men stiller
greit opp til fotoshoot. Og klarer fint å reise seg opp. Eg reknar med
at i morgon går han litt rundt og byrjar å ete. Kyllingar har nok næring
til eit døgn etter klekking, men så byrjar dei å ete. Blauta havregryn og 
kokt egg er super mat for små gule nøster i starten. Og varmelampe 
er veldig viktig. Hønemor ligg frameis på nokre egg til, så eg ventar 
spent vidare.


6 kommentarer:

  1. Åhhh hvor søt den lille kyllingen er...har 7 stykker selv som er litt over ei uke gammel....herlige skapninger....påskeferien er ferdig i morgen, men ønsker deg en fin uke videre...

    SvarSlett
  2. Ja sant? Er like overraska kvar gong med nye kyllingar... Men dei er jo såå søte når dei veks seg til også. Utruleg kjekt med kyllingavl. I alle fall i liten skala! God sistepåskerest til deg! :-)

    SvarSlett
  3. Her fikk tre nøster på påskeaften, men i rugemaskin. Har dem i stua og koser med dem stadig vekk. Kyllinger er bare så søte.

    SvarSlett
    Svar
    1. Hilsen Camilla i Harstad

      Slett
    2. Akk ja, det er herlig. Rugemaskin burde eg prøvd etterkvart. Får prøve det om det vert litt større avl på meg! Veldig koseleg med hønemor som varmar om kyllingane også då. Så lenge det varer i alle fall! :-)

      Slett
  4. Å, så søt den er... :-) Lite mirakel hver gang!

    Mvh HildeSu

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!